fredag 2. mars 2012

Hest og kjerre

Eg har høyrt at det kjem kring 50 000 nye bilar på vegane i Kina kvar dag.... Veit ikkje kor mange av dei som er i Shanghai, men tykkjer det er meir enn nok bilar her som det er. Då er det kanskje flott at det framleis er nokon som tyr til hest og kjerre... 
Dette paret (?) ser eg stadig vekk i gatene kringom her. Deiras jobb er å samle inn treverk frå diverse små og store byggjeplassar (trur eg...), så har dei ein stad dei kan levere det og frå pengar for det. Må jo sei at dei jobbar for pengane, fordelen er at dei får mykje fysisk aktivitet på kjøpet!

torsdag 1. mars 2012

Herlige Dragonfly

Om eg skal lage ei "ti på topp liste" over kva som er best i Shanghai, så måtte nok massasje vore oppe på pallplass. Det er jo masse bra i spa "verdenen" i Norge og, men det kan jo ikkje måla seg i pris og tilgjengeleheit med Shanghai.... 

Som for eksempel ikveld, Lars Petter er i Japan, Fredrik er i god form att etter eit døgn med feber, og det er framleis litt tid att før Ni Hong (altså husmorvikaren våras...) skal gå heim. Då gjer eg ein avtale med ungane: om eg får gå ut ein times tid, så skal dei få leggja seg i senga mi når eg kjem heim..... og det funkar:) Eg trippar i gangen medan eg ventar på at heisen skal koma, småspring bortetter vegen til eg kjem til An Fu lu og tek to og to trinn opp trappa til denne døra møter meg: 
 Dragonfly!!
Eg bestiller aldri time, er litt spent når eg spør om det er mogleg med fotmassasje NO.... og jadå, det var det. For ein time betalar eg 117 yuan, som tilsvarar 104 nok. Dragonfly er ein av dei litt dyrare stadene, ein kan finna mange andre alternativ og kome ned i 60 yuan i timen. Så folkens, dette er berre å nyte, de kan fort tjena inn att (...??) flybilletten om de planlegg godt og er ivrige nok på diverse hudpleie/ manikyr/ pedikyr/massasje/ farging av bryn osv ....

tirsdag 28. februar 2012

Jobb for ein politi?

Ved inngangen til Tiny Tots står det alltid ein politimann og ser strengt på oss når me kjem og når me går. Har prøvd å ta ein vennleg tone til han, med å helsa godmorgon og goddag, men har ikkje hatt noko særleg effekt. Skjønar godt at han ikkje er i sprudlande humør kvar dag, er kanskje ikkje den mest spennande politijobben å ha.... Han står ved porten i dei tider borna kjem til skulen og når dei blir henta. Utanom den tida, så sit han på ein stol rett innforbi og opnar døra ifall nokon kjem utanom desse tidene. Han sit og halvsøv store delar av dagen, noko som sikkert også går utover nattesøvnen...??: 

Fyrste Hopp og Sprett i Dragens år

Då var me endeleg samla igjen, Hopp og Sprett gjengen. Det har vore feria på oss til ulik tid siste to månadane, så i Dragens år (som byrja frå kinesisk nyttår i slutten av januar) blei dette fyrste samlingen. Det var stor glede og god stemning når me treftest igjen;
Nokon var meir ivrige på å vera dragar enn andre:)
 
Me byrja med Hopp og Sprett litt ut på hausten, oktober om eg hugsar rett. Det er så morro å sjå på utviklinga til borna, no kan dei mest alle songane og me klarar nesten å fylgja dei fleste reglar på leikane:) 
Her prøver me å "frysa" (i posisjonen ein er i) når musikken stoppar, litt i vansklegaste laget for Fredrik...:
 og her er Fredrik og Silje fanga i bro bro brille:
 Fredrik valgte sjokolade og Silje is, så var det berre att å trekkja for å sjå kven som vant:

lørdag 25. februar 2012

Tur til She Shan utanfor Shanghai

Sidan Shanghai og området kring er så flatt, så kan dei få høgdene som er rundt omkring sjåast i mils omkrets. Me har sett ein ås med ei kyrkja på toppen fleire gonger når me har køyrt ut av Shanghai, og i dag tenkte me å vitja denne åsen med ei kyrkje, meteorologisk stasjon og eit observatory på toppen, She Shan. 

She Shan ligg kun 30 km frå oss, men trass motorveg mest heile vegen så tek det si tid å koma dit. Det er så masse trafikk! det er sjeldan flyt i trafikken og me køyrer i rykk og napp.... Uansett, det tok vel kring 45 min, og det var ein skikkeleg opptur, for der var det masse trapper og me kunne leika at me skulle på "topptur":
 Me måtte jo sei "fyrstemann" til å nå toppen:
 og Fredrik tok fyrste stikk:)
Pagoda´n som Fredrik står framfor var vel ca halvvegs til toppen, som ligg på 100 moh. She Shan Basilica som ligg på toppen blei påbegynt i 1925 og stod ferdig i 1935. Kyrkja blei øydelagt mykje under kulturrevolusjonen frå 1966-1976, men i dag er alle skadene reparert:
Det har vore ein sur dag i Shanghai i dag, 1-2 grader pluss, til tider snø i lufta og kald vind..., og dertil ikkje den beste utsikten. She Shan er nok ein stad som fristar å vitja igjen, og då me ikkje klarte heilt å kle oss etter veret, blei turen litt kortare enn den kunne ha blitt. Så neste gong skal me gå meir i trepper, på små stiar, finna leikeplassar samt skulpturparken som eg no nettopp las i "the Rough Guide to Shanghai" at skal vera der... Her utsikten frå toppen, ein ser ned på eit stort villaområde samt at ein skimtar ein annan litt mindre ås heilt bakerst i bilete: 
 Ein villa i nærmare augesyn -  kanskje dit me skal vurdera å bu om me ynskjer oss eit hus/slott:)

Prøvde å fotografera litt ut av bilvindauget, i fart på vegen heim, her er nokre av augonblikka:
Fyrst eit par bilar

Så kan de få eit inntrykk av trafikken både til lands og i lufta, her er innflyging til innenlandsflyplassen, Hong Qiao Airport.

fredag 24. februar 2012

Ein god dag på Hui Xin barneheim

Det var ein heilt annan stemning å koma inn på barneheimen i dag enn det har vore tidligare. Dei som jobba der var i godt humør og viste glede for at me kom. Kan vera at alle har fått litt meir overskot etter kinesisk nyttår, med nokre dagar fri frå jobb? men eg trur det var på grunn av at det var ein stor delegasjon med kinsesiske damer frå ein skule eller organisasjon som og var på besøk. For min eigen del går det greiare å kome på besøk. Eg veit kva som ventar meg.... men når eg tenkjer på det, så er det berre så utruleg trist at born skal ha det slik. Kva hjelper det med mat og kle når ein ikkje får omsorg eller stimulering?? 

Vår venn Aba, som eg har hatt bilete av her før, og som er ein gut som er skikkeleg levande, i godt humør, tok oss med storm og ropte på oppmerksomheit medan me var på besøk, var ikkje der for 4 veker sidan, så var han der igjen forrige gong, men i dag var "stolen hans" tom igjen. Språket er ein stor utfordring, men me klarte å bli fortalt at Aba er heime, at han er byrja på skule og er heime hjå foreldra sine, for ein glede!! Om det stemmer, så er det heilt fantastisk. Har høyrt at det er nokre få friske born der på grunn av fattige kår, så kanskje Aba var ein av dei, men at det no har ordna seg på eit vis for dei. 

Her ser de barneheimen på framsida og hovudinngangen mellom dei fargebannerane: 
Her er bilete frå matinga. Barna sit på rekke og rad i stolane sine (byter frå seng til stol. Dei som er aktive blir bindt fast). Dei i raud uniform er dei som jobbar på barneheimen, Linn sit i svart jakke, og så er det mange kinsesike damer også på rommet. Det var så mange frivillige der i dag, at alle avdeingane hadde besøk:) altså forhåpentlegvis ein god dag for mangen av borna.  
På bilete ser de kva rommet inneheld. Det er 20 sprinkelsenger som står tett i tett, og så er det stolar og bord på resten. Eg skulle ønska at det hadde vore ei stor leikegrind der, slik at dei som venta på mat kunne få krabbe rundt der og røre på seg- og ha gode leiker å leike med... Det beste hadde jo vore om dei fekk vere i aktivitet rundt omkring på golvet, men det krev jo meir påpass osv, og det er det ikkje ressursar til. Eg har prøvd før å ta med Aba ut på eit rom dei har ved sidan av, der det er mange flotte leiker, men då blei me henta tilbake til rommet etter eit par minutt. Eg prøvde på nytt i dag, denne guten her tippar eg er 4 år, og han kan ikkje gå. Lurer på om det er kun pga for lite trening. Når eg held han i hendene går han, men når eg slepp, så legg han seg ned. Me var på leikerommet i kanskje 15 min, og han kosa seg på golvet:
Her er ein annan nydeleg liten kar (eg trur det er gut, men kan jo vera jente...Trur ikkje dei tenkjer på kjønn når dei kler på dei) som viser meg ei fjør han fant frå ein liten leikefugel:
Heilt bakert i bilete her ser de same karen (frå forrige bilete) er blitt plassert i senga si. Han sit og kikkar på oss...
Som Gro skreiv på facebook etter forrige møte, me er heldige som kan reise derifrå, det kan ikkje desse små barna. MEN, Aba har reist derifrå!!

mandag 20. februar 2012

Kupp på sykkelpumpe

Det er mange ting her i livet som gjer meg skikkelg nøgd og glad, ein av dei tinga som gir ein god følelse når det skjer - er når ein gjer kupp! Alstå når ein kjøper noko som ein treng og så får ein det til ein pris godt under det ein tenkte var ein rimleg pris... = å gjera kupp. 

Me har i lengre tid mangla sykkelpumpe og no var det så ille at Solveig ikke kunne sykle før me fekk meir luft i dekka hennars. Tenkte me måtte gå på Tesco eller decathlon for å få tak i det, men så gjekk me innom ein av desse små butikkane langs gata som bugnar av alt frå skøyteledningar og maling og skruer og vaskekostar osv, og der hadde dei sykkelpumpe til den nette sum av 25 rmb, dvs 22,5 nok:) Då var me veldig glade me slapp gå innom Tesco (som er ein butikk som følest som ein labyrint å koma seg utifrå. Ein kan ikkje gå ein kjapp tur innom Tesco som ein kan på desse gatebuikkane. På tesco må ein gå gjennom heile sortimentet frå sykkel, kokekar, lys, kle mat, ferskvaredisk (med tilsvarande voldsomme lukter) osv før ein etter litt leiting finn vegen ut igjen). Så, med andre ord det var mange faktorar her som gjorde at dette kuppet kjentest ekstra godt:) 

Her er gatebuikken i som har det meste ein måtte trengja:
 og her kan de ta kuppet vårt godt i augesyn: