Sider

tirsdag 30. august 2011

Opplevingar langs vegen

Når ein går på gatene her omkring, merkar ein godt at ein er i eit anna land. Dei siste to dagane har eg og Fredrik blitt kjent i gatene/ området kring barnehagen til Solveig.

Solveig har halvdagsplass no fram til Fredrik startar nermare jul, dvs frå 9-12.30. Då går eg og Fredrik frå barnehagen nærmare 9.30 og så er me attende rett etter 12 ... Det er ikkje så mykje ein kan få gjordt på dei timane, og sidan eg er vel forberedt på ein tøff innkøyring i barnehagen så er det jo liksågreit å berre vere i området:) Men! må berre og få sagt at dei fyrste to dagane til Solveig "åleine" i barnehagen, har gått over all forventing. Ho har tatt til tårene eit par gonger, men klart å hente seg inn igjen. Eg har ikkje blitt ringt etter, og etter endt dag er ho sååå nøgd og latar som ho snakkar engelsk her heima:)  - håpar på ein like god fortsetjing. (Tenkt å bli forlatt av mor og bror på ein ukjent stad og eit ukjent språk....)

Så var det meg og Fredrik ute på tur. Politibilar er svært interesante, i starten var det frykteleg mange av dei- då alle taxi`ar (og dei er det mange av) og var politibilar... Men no har me lært oss lyskoden på taket, og det er lengre mellom politibilane... Ambulasane som køyrer er gamle- det er ingen som flyttar seg for å gje plass for den, trass at den kjem med sirener og blålys. Kjenner at eg blir sint kvar gong. Tenkt om det er noko som hastar bak i den bilen!! Årsaken til dette er vel at annakvar bil og moped tutar heile tida på kvarandre- slik at sjåførane er litt imune mot slike lydar, og så er det ikkje så mykje plass å gå på i gatene som regel...

Me kjem stadig innom diverse vegarbeid- Fredrik var veldig nøgd då han fekk fylgje med på arbeidet under jorda:
Vasking og tørking av klede foregår ute i det fri. Me ser stendig at det blir vaska klede ute på gata i små plastikbollar o.l. og kle til tørk heng overalt:
Blei ikkje det beste bilete, men eg håpar de ser kleda som heng bak skiltet til metroen (bh, truse, gensara...) Slik er det overalt! om ein ikkje ser seg føre, kan ein risikera og gå rett inn i ein klesvask som heng i hovudhøgd for oss vestlige:)  Ellers i dag så såg me at ei høne blei slakta utfor ein liten butikk, ei som tok morgenvasken og tannpussen utfor frukt-butikken sin og levande skilpadder oppi ei bøtte til sals.
På vegen heim passerte me ein gjeng som spela kort på gata:
I ettermiddag når me var ute på leikeplassen blei det eit skikkeleg norsk/ svensk kaffislaberas. 4 norske og 1 svensk mamma med born:) Dei fyrste blomane har kome i hus, ettersom me har hatt besøk av sogningar i dag som tok med seg roser i vase på besøk, og brunost i kjøleskåpet, takk!!

søndag 28. august 2011

På tur til Pudong og "Century Park"

Etter ein time i bassenget etterfulgt av triveleg vaffelbesøk (med brunost på!) hjå norske naboar i Royal Pavillion, var dagens plan å ta turen over til Pudong-sida av Shanghai, og vitje "Century Park". Det var ganske varmt, 32-34 grader, og tidvis braut sola gjennom, men me føler oss litt meir tilpassa klimaet (?) så me ville prøva.
Pudong er ein relativt ny bydel, alt som er bygd der er bygd dei siste 15-20 åra. Det er snakk om maaange skyskrapara med mykje flott arkitektur! og framleis byggjer dei... eit eksempel: 
Parken svara absolutt til forventningane, 
mykje flott natur å sjå på, ikkje for mykje folk og det var diverse aktivitetar å velje mellom, som å køyre båt, ta karusellar på eit minitivolli eller leige ulike typar syklar for å tråkke rundt i stadenfor å gå: 
Det er ikkje slik at det nødvendigvis trengs plenklyppar for å halde graset nede. Har ved fleire høve sett at det sit folk og (har eg trudd) "klypper" graset for hand. I dag fekk me sjå det på nært  hald- og det stemte jammen! Dei held graset nede for hand!: 


lørdag 27. august 2011

Lunsj i Shanghai sine bakgater

I dag blei me bedt med ut på lunsj med fleire andre norske vaksne og born, kjempekjekt! Den eine familien har vore her i 3,5 år, den andre i 1 år. Der er det mykje god informasjon å få om alt mogleg som angår livet i Shanghai, og eg tenkjer jo stadig på at kvifor i allverden har me ikkje prøvd å få kontakt med desse før (mennene jobbar i DNV...). Men slik er det berre, og no er me her og alt går seg jo til. Før me reiste visste eg ikkje kva eg skulle lure på ein gong:)

Restauranten me skulle treffe dei andre på i dag låg 800 m frå vår compound, og utifrå google maps på iphone gjekk me avgårde. Følte etterkvart at me gjekk og gjekk og aldri kom fram, og at me skulle ha passert restauranten "Bella Napoli" på eit punkt utan å fått det med oss. Spurte ein lokal vaktmann -som nok ikkje skjønar eit ord engelsk, men takka vera iPhone-appen SmartShanghai, kan me vise adressa på kinesisk. Og så peika han og rettleia oss attende der me kom ifrå. Når me så kom til rett stad, så skjøna me at me hadde gått rett forbi utan å kikke inn, det var eit lite skilt høgt oppe i ei lita tverrgate, og inn hit skulle me:

Såg ikkje veldig innbyande ut, og me lurte på kva standard denne italienske restauranten hadde, rett over gata til inngangen til restauranten stod denne mannen med klesvasken: 
Men så kom me inn porten til dagens mål, og der var alt reint og fint. Maten var god og ingen har fått magetrøbbel utover dagen...:)

Lars Petter har høyrt at det skal vera 2 andre av hans kollegaer som og bur her i Royal Pavillion, men i går møtte me på tre norske familiar som også bur her på DNV`s rekning. Mao er det mange som er utplassert i Shanghai frå DNV. Totalt har DNV nesten 600 ansatte i Shanghai, omlag 100 av desse er expatar, altså andre nasjonalitetar enn kinesisk, derav ca halvparten norske.

torsdag 25. august 2011

Fyrste dag i internasjonal barnehage

Då var dagen her for at Solveig skulle byrja i barnehagen, eller pre-school som det blir kalla her. Det er litt meir motiverande at det heiter pre-school (eller skulen som me seier) då føler Solveig seg litt større og tenkjer på dei veninnene heima som jo er to år eldre og som har byrja på skulen i desse dagar.

Å kome inn i barnehagen her, er ikkje som heima. Her møter det oss fyrst ein vakt i porten, deretter står ein av dei ansatte og ynskjer oss velkomen ein annan og tek tempen av alle i panna... Eg har ikkje spurt kva som er grensa for å sleppe inn, eller gått inn på kvalitetssikring av ein slik metode, men må berre sjå på det som positivt at er nokon litt i ulage ein dag, så blir dei stoppa i døra.

Å bli trygg i barnehage er noko som har tatt tid for Solveig før, og med eit heilt ukjent språk så forventar eg at det er med på å forlenga prosessen denne gongen. Lærarane (1 amerikansk og 2 kinesiske) virka snille, flinke og omsorgsfulle, og gruppa med barn såg og bra ut. Av 18 born, så har eg sålangt fått med meg 6 nationalitetar forutan norsk: Amerikansk, Italiensk, New Zeelandsk, Svensk, Finsk, Kinesisk. Eg snakka med den svenske mammaen etter endt dag, ho fortalte at når dei kom hit for eit år sidan, kunne sonen hennar ikkje eit ord engelsk- i dag snakkar han flytande (noko eg sjølv høyrde inne, for eg trudde ikkje det var nokon nordiske barn der i det heiletatt utifrå språket). Solveig blei så glad når ho skjønte at denne guten snakka mest same språk som ho sjølv... Ihvert fall så fekk eg ein god følelse i dag om at det kjem til å bli bra, at me blir nøgde både store og små, så får det så væra at me stadig snakkar om barnehagen "vår" på Vammen og kor godt me likta oss der.

Har høyrt litt om barnehage her før eg kom, og noko av det er at det er mykje meir prega av disiplin enn det er heime. Trur nok at det stemmer... Det er både på godt og vondt det og. Det ser ut som at dagen går slag i slag med planlagde aktivitetar, og tida for fri leik begrensar seg til 30 min på føremiddag og 30 min etter lunsj... Der er sangstund, boklesing, handarbeid, kinesisktime mm. Dei stiller seg stadig på linje for å gå hit eller dit, men for Solveig trur eg dette gjer at ho blir litt avvleda og reven med på alt som skjer. Vel, vel, får sjå kva dagen imorgo bringer. Eg har ein plan om at eg og Fredrik skal gå avgårde ein times tid og overlate Solveig til alle dei andre "octopus`ane" som gruppa hennar heiter.

Ellers så har det regna her dei siste dagane, og temperaturen har gått ned til 28-29 grader. Då er det heilt greit for oss å vera ute (berre at me har ingen regnklede her enno, men så lenge temperaturen held seg, så klarar me oss godt til flyttelasset vårt kjem om ein mnd tid). Trur kanskje det byrjar å gå opp for ungane at me faktisk skal bli her ei stund... Fredrik lurer veldig på huset sitt på Krok, på traktoren til farfar og det var ganske kjipt å sjå at farfar treska her ein dag (farmor har fått ipad med face-time, så no kan me sjå live frå Høyen:)). Men så seier han så greit- at me skal jo heim til Krok om ei stund, me skal berre vera her lenge-lenge- lenge fyrst...

Og så er det med ein god porsjon vemod at me i dag har solgt båten til ein ny heldig eigar...



tirsdag 23. august 2011

Sherpa`s delivery services

Kjøkkenet vårt skulle vera fult utstyrt stod det, har ikkje reflektert så mykje over det utenom at eg tenkte at då treng me sikkert ikkje ta med så mykje kjøkkenting heimeifrå. Fult utstyrt kjøkken vil sei service til 6 pers (middags- og frukosttallerkenar, bestikk) kaffikoppar, vinglas, 3 kjelar, 1 serveringsfat og ei tekanne. Klarar oss til brødmåltidene, men å laga noko særleg middagsmat krev meir. Då er det jo så flott at det er noko som heiter "Sherpa`s" her. Det er ei leveringstjeneste av mat frå restaurantar i nærleiken. For ei leveringsavgift på 15 rmb (som tilsvarar litt mindre enn 15 nok) køyrer dei ut mat frå over 60 restaurantar, og går me opp til 20 eller 30 rmb så aukar antal restaurantar med dei mangedobbelte. Prisane er såpass bra, at det mest er dumt å planleggja å laga maten sjølv. Så i ny leiligheit utan så mykje kjøkkenutstyr, har det blitt middag tre dagar på rad frå Sherpas, 1 italiensk aften, deretter to indiske:)

Ellers har dei siste dagane blitt tilbragt her i Royal Pavillion. Eg og ungane har gått ein liten tur i gata til nokre lokale matbutikkar- men det er og nok. Er travelt i gata her og ingen vogn så langt. Typisk moped:
Eg vil gjerne koma meg ut på både trening og litt handling, men ventar tolmodig på å gjera det utan born. Det er travelt på jobben for Lars Petter. Han har mykje å gjera samt at når han samarbeidar med folk både i europa- og usa, så blir det litt til alle døgnets tider. Så skal eg koma meg ut på tur åleina, er løysninga ein "aye". Det er noko alle expatar har her i Shanghai (trur eg i hvert fall, det seiest så og det ser slik ut). Dei kallar det barnevakt- men slik eg har oppfatta det er det mykje meir likt på den gode gamle husmorvikaren:) Dei passar barn, kan handla mat, gjer husarbeid mm. Høyrest jo heilt supert ut!:) så kvifor har eg ikkje fått det allereie...?? Eg vil gjerne finne ut korleis det blir med barnehage fyrst, for å sjå kva for behov me har. Ein kan få ayi som jobbar full tid (mand- fred) eller timebasert. Trur det er slik at dei fleste ynskjer å ha fulltidsjobb. No ser det ut til at Solveig startar i barnehage på torsdag, medan Fredrik må venta til 1 desember. Så då er behovet for barnevakt noko større enn om begga hadde byrja i barnehage med det same. Så kanskje eg skal tøffa meg litt opp og ta kontakt med eit byrå som formidlar dette. Fungerar slik at ein får fleire på intervjuv og så velgjer ein. Ikkje akkurat ein jobb eg gledar meg til, men det blir heilt sikkert bra og desse kinesiske damene vil jo gjerne ha jobb.

I morgo skal me avgårde og forhåpentlegvis få arbeids- og oppholdstillatelse. Etter å ha passert helsesjekken og andre papirer er henta inn (politistasjon, konsultat), er dette siste stopp på vegen før alt det praktisek er i orden (og skulle me ikkje få det, så kjem me heim igjen neste veke...:))

Og til slutt, no er eg på facebook igjen! og det ser ut til å virka permanent:) og så er bloggen no plassert på www.arnablikom.no Det håpar eg blir siste stopp mtp adresse...

søndag 21. august 2011

Roleg sundag i French Concession

Sidan eg har bursdag i dag, fekk eg sova litt ekstra på morgonen (til kl 9) og fekk kaffelatte og sjokoladekake (begge frå “Costa”) på senga:) Det er ein god start på dagen! Ei god nyheit var det og at denne Costa ligg rett rundt hjørne frå leiligheita vår. Har blitt glad i kaffimaskina vår på Krok, men med ein kaffibar som nabo, blir det bra. Leiligheitskomplekset vårt sett frå symjebassenget:
IMG_0840
Her bur me altso i 27 etg. Det er to like tårn, knytt saman av eit inngangsparti:

IMG_0889
I dag hadde me ingen planar, og det var godt. Både eg og Lars Petter har fått trena i treningsrommet, og ungane fekk sjekka ut inne og uteleikeplassen. Me var åleina i symjebassenget når den tid kom, kanskje sidan temperaturen har sunke til 29 grader… overskya vær har det og vore. I dag var det tid for å testa ut dei nyinnkjøpte-kule-symjebrillene…:
IMG_0837
- og øva vidare på synkronsymjingstriks…
IMG_0855

I kveld har me fått testa ut “FaceTime”. Det er det same som skype- berre at det er for slike apple ting som mac-iphone-ipad. Me ringde fyrst til onkel Arild- og det funka med det same. Så morro! Så fekk han tak i tante Lise og tante Oddveig som var i naboblokka, og me fekk sett og prata med dei. Besteforeldre i Vik fekk me sett og prata med, så no er me spente på om farmor får seg i-pad snart så me kan snakke med dei på Høyen og:)

Tusen takk for alle helsingar på bursdagen min i dag! Det ser ikkje ut som eg kjem meg på facebook med det fyrste, men får mail kvar gong nokon postar noko på veggen min/ sender melding, så får med meg det i hvert fall. Min norske mobil er skrudd av og har vore det ei stund. Har fått kinamobil, og sender ut nr på mail til dei som vil ha det.

lørdag 20. august 2011

På plass i Royal Pavillion

Då var me på plass i leiligheitskomplekset/ compounden vår: Royal Pavillion. Det blei ikkje midlertidig 4 etasje som me var forespegla, men 27, me er ikkje åleina her oppe i høgden så me kan kikka inn til våre naboar i nabobygningane… Vindaugene har ikkje norsk sikkerheitsstandar (mao ikkje DNV som har klassifisert dei…:)), er masse vindauger og alle kan ein opna helt opp om ein vil. Så i frykt for at det kan vera veldig fristande for ein 2 og 4 åring å prøva ut, har Lars Petter gått rundt med tau og satt på ein liten ekstra hindring, tatt ein skipsknute alle stader der det var mogleg.

Etter at nøklar og husleigekontrakt var i orden, så blei det akkurat tid for ein liten dukkert, før Leon var på plass til avtalt tid for å ta oss med ut på shopping. Me var ivrige på å få internett opp og gå- og hadde ambisjonar om å få tilgang på både skype og facebook, men ettersom dagen har gått og stadig tilbakevennande internettproblem, så får me sjå om resten av helga skal få gå utan å utfordra det så mykje meir. Kanskje plutseleg så er me der- kanskje ikkje. Internett er forresten skikkeleg tregt her! det er jo ein utfordring i seg sjølv. Hugsar jo dei tider eg sat og venta både 1 og 5 min på at sidene skulle koma opp, men no, etter at ein er vant til at ting skjer, er det ei pinsle å sitja å venta…

Shopping ja, i dag starta me på eit kjøpesenter på Pudong, som er bydelen aust for elva, som de kan sjå på bilete:IMG_3798
Det var stort og flott og hadde kun dei finaste butikkane (ikkje at eg er så bevandra i slike strøk, men litt har eg fått med meg) Louis Vuitton, Burberry, Ferragamo, Tag Heuer osv… Me var på jakt etter Apple Store. Etter litt vandring hit og dit og litt rettleiing på vegen, fant me butikken. Midt på ein open plass er det eit glasbur- og det går ei trapp ned i bakken. Der nede råder “Apple mania”. Den er visst på ein prikk lik den Apple Store som ligg på Manhatten.
Handlinga var slitsom for nokre:
IMG_0398
Men fangsten var me godt nøgde med:
IMG_0795


fredag 19. august 2011

Shanghai sett frå "Epicure on 45"

Endeleg, siste dag på hotell… Høyrest litt flosete ut å sei det, for vanlegvis er jo å bu på hotell luksus. Men etter 9 netter på hotell som ikkje er spesielt barnevennlige så gledar me oss til å få meir plass. Var på 10 kjappe visningar når me var på boligjakt, så må innrømma at eg ikkje heilt hugsar detaljar på leiligheiten, så det blir og spennande:) Men så er det slik at det er ikkje den endelege leiligheiten me flyttar inn i morgo heller… Men ein sågodt som identisk - berre at den er i 4 etasje. Vår leiligheit er i 18 etg. Me har pressa på litt for å få flytte så fort som mogleg og då blei det slik. Heller det, enn 3-4 veker til på hotell!

Leiligheita vår har mykje, skal vera alt av møblar og noko kjøkkenutstyr, men manglar dyner/ puter/ sengetøy o.l. så det måtte skaffast. Difor la me i dag ut på tur til IKEA… Eg likar ikea. Men passar alltid på å reisa dit på kvardagen og på dagtid heima. Med det som utgangspunkt, prøvde me på det same i dag. Det var ikkje akkurat likt… Ikea var i for seg på ein prikk lik både bygningsmessig og innhald (kunne godt vore Ikea Slependen me gjekk inn i), men folkemengden var alt for stor. I cafeèn var det knapt ein plass å oppdriva og støynivået var høgt. Måtte prøva å gjera kort prosess, gå gjennom fort og plukka med oss dei få tingene me måtte ha. Men så er det mange fristande krokar i barneavdelinga (Solveig har t.d. i lengre tid annonsert at ho skal ha køyseng i Kina), og når me endeleg har kome oss i fyrste etasje, fått begge ungane oppi handlekorga og var i godt driv til å finne sengetøyavdelinga, så må Solveig tissa. Og ho må tissa NO. Då er det berre å snu og gå attende til der ein veit det er toalett… så går tida. Me fekk tak i det viktigaste. Men må nok på ikea snart igjen. Veit at me skal ha dei mjukaste overmadrassene som er, då det er fryktelege harde senger her, og så får me sjå om det blir køyseng.

I dag er det 5 år sidan me gifta oss i Vik. Har berre gode minner frå den dagen:) med god hjelp frå Marit og Sverre så hugsa både eg og Lars Petter på det etterkvart…:) Ikkje akkurat friske blomster på bordet her, men me bestemte at me skulle feira med ein litt betre middag. Det blei kinamat i Epicure on 45. Det er restauranten som er i den roterande kula på toppen av hotellet me bur på.
Der var det ikkje noko å sei på utsikten:

IMG_3821

Etter middag fekk eg privat frisør. Solveig har byrja å frisera, og det er ganske kjekt. Blir nesten litt hårbunnsmassasje, i kveld som i går blei det mange “fluer” i håret mitt etterkvart.

onsdag 17. august 2011

Leiketog på Nanjing Road

Det var eit forrykande vèr me vakna til i dag. Det lyna og tordna og regnet bøtta ned. Fredrik lurte på kven som banka på vindauget vårt… Etter frukost satte eg på “Istid 3” på mac`en, og så prøvde eg å få organisert bagasjen. Det er godt det er kun 3 dagar att til me får oss vaskemaskin.
IMG_3756
Radisson Blu, Shanghai New World Hotel fall valet på, og me er ganske godt nøgde. Har rom i 28 etasje, men det kjennest ikkje så høgt ut - for her er det jo flust i andre bygningar rundt oss som har vel så mange etasjer. Kjekt med utsikt. På toppen her er det ein restaurant som roterar (som Tyholttornet i Trondheim). Har fått rom med eit lite “kontor” som det er ei skyvedør inn til. Det er heilt supert. Her kan eg i kveld hatt lyset på. Det er til stor glede etter at me i ei veka har måtta skru av lyset når ungane har lagt seg og kviskra til kvarandre…

Det var ikkje til å koma ifrå at me måtte rett i badebassenget etter ankomst hotellet. Eg hadde jo brukt det som middel på store delar av bilturen for at ungane skulle vera rolige og sitja fint i bilen… Bassenget var flott og lite folk. Så då går det greit at Fredrik spring og hoppar uti igjen og igjen - og eg som heile tida formanar om å ikkje gjera akkurat dei tinga… Ser ut som laksen frå igår har virka, Solveig har tru på det sjølv og det er det aller viktigaste. Kommentar frå Solveig framfor spegelen etter badinga: “I dag var det mange fluer i håret mitt” (floker for dei som ikkje skjønte det…)

Frå hotellvindauget vårt ser me ned på eit lite tivoli. Det såg ut som det skulle vera greit å koma seg dit, så etter bading satte me kursen dit. Men eg blingsa med retninga og gjekk i 180 grader feil retning. No har eg funne ut, at om me berre går ut av hovudinngangen og går 100 m rett fram ca- så går me rett på det :)

Som sagt, me bur i hjerte av sentrum no. Det er ca 50 m å gå frå hotellet så er me i starten på Nanjing Road, som er Shanghai sitt svar på Karl Johan, eller kanskje heller 5th avenue i New York, Oxford Street i London… Masse å sjå på og masse intrykk. Eg held hardt i handa til Solveig og Fredrik og formanar at no må me passe godt på kvarandre. (Har fått tak i hand-band til dei i dag der navn og mobil nr mitt står). Det går veldig greit, dei skjønar alvoret og held godt i handa mi. Me går ikkje mange meterane før me set oss på ein benk der me har oppdaga at det går eit tog. Slikt tog som køyrer rundt i sentrum av Drammen på sumaren:). Det kostar 4 kr og køyra Nanjing Road att og fram- og det passar oss perfekt!
IMG_3772
Eg blir stadig forundra over oppmerksomheita som kinesarane gir Solveig og Fredrik. Dei kan stille seg opp 1 m frå oss og stå og peike og snakke om oss. Er ikkje det uhøfeleg??? I dag var det rett før eg blei sint. Solveig deriomt byrjar å like denne oppmerksomheita og stiller meir villig opp på bilete… Så i dag har me og møtt på dei som ikkje er med på festen- tiggarane. Det som gjer det vanskeleg å ikkje gje pengar her er at dei me har møtt på i dag har tydelege funksjonproblem, td ei mor (?) med eit svært handikappa barn i rullestol. I dag gav me pengar til alle…

tirsdag 16. august 2011

Leikekameratar

Etter 7 dagar med kun kvarandre å leika med, var det med stor spenning me reiste på besøk til ein annan norsk familie her i Shanghai. Leon kom og henta oss på hotellet, og på vegen rakk eg å fortelja om “Dei tre bukkene bruse” og “Prinsessen på erten” for å holda roen i bilseta…

Det viser seg at fruen i huset er frå Sogn, me har treft kvarandre før og har mange felles kjente- då er verden neimen ikkje så stor alikavel…. Praten går i eitt:) Til min store fordel har denne familien vore her i 1 år, og lurt på og prøvd ut mykje av det me står i startgropa på no. Dei bur i eit område med mange andre nordmenn og svenskar. Er nok 99% sjans for at me og hadde valgt å bu på same stad, men det var ingen ledige hus her og ei lang venteliste…

Fredrik fant fort lego og togskinner, medan Solveig holdt seg tett ved mi side (i kjent stil) til ho etter ei god stund blei varm i trøya. Her var det trampoline, leikestove og husker i hagen. Fredrik fekk til stor begeistring spyle med vatn og dei fekk springa nakne rundt og kjøle seg ned, herligt.
IMG_0756

IMG_0759
Mange ulike framkomstmiddel var det og å få prøve. Kjempemorro. Forutan trampolinen er det kanskje syklane sine dei saknar mest.

Etter lunsj gjekk me til eit utesymjebasseng som høyrer til denne “compound`en”. Det var flott å vera ute og bada. Då gjekk det ganske greit med 34 grader og sol (men ikkje blå himmel. Sola kjem fram innimellom- men det er stort sett ein “dis” (beståande av forurensning og damp(???)) som ligg framfor sola heile tida. Då kjenner eg at eg gledar meg masse til me får flytta til der me skal bu på laurdag. Der er det eit fint utebasseng, som nok kjem til å bli brukt dagleg av oss…

I bilen på veg til jobben til Lars Petter uttalte Solveig glad “då har eg allereie fått meg ein ny venn eg mamma” :) Det er fint. For det er litt trist å snakka om at det er lenge til me ser vennene våras heima. Men me er igong med å skriva brev og det er veldig kjekt å sjå på bileter.

Då DNV er kobla til ein server som står i Oslo (???) er det ikkje sperringar for facebook, skype osv der. Så då nytta eg sjansen til å sjekke min profil. Har dessutan i dag høyrt at me kjem oss på facebook etterkvart når me er på plass i leiligheiten- må berre kjøpa eit eller anna greier som kostar ca 60 dollar i året- då koblar me oss på ein server som gjer at… bla bla bla. Eg forstår meg som sagt ikkje så mykje på dette området. Om det er slik at dei med litt datakunnskap klarar å unngå desse restriksjonane som kinesiske myndigheiter har satt på internettbruk, så ja- då er det vel eit tidsspørsmål før alle som vil er på desse sosiale mediane? Men dei klarar jo å forkludre prosessen og at ting tek tid…

Dagens middag blei avvikla på “Blue Frog” i Hongmei Lu. God mat. Solveig åt laks- og etter at eg sa at, til meir fisk ho et til flinkare blir ho til å symja.- då åt ho opp all sin fisk og halvparten av Fredrik sin…:)

I ettermiddag har eg bestemt at me byter hotell i morgo. Til down town ved Nanjing Road (den store handlegata). Me skal uansett få dagen i morgo til å gå, og utevær er det ikkje. Då kan eg bruka dagen på å pakke inn og pakke ut, så får me eit nytt hotell å utforske og eit nytt badebasseng å bade i. Kjenner eg gledar meg allereie.



mandag 15. august 2011

Xu Tia Hui Park

Trass 34 varmegrader tok me sjansen på å prøva oss på eit park- besøk. Er ikkje så ofte at varmegrader er begrensande faktor for uteaktivitetar, men no når eg ikkje er kjend og veit at me kjem oss i hus om me treng facilitetar som toalett/ air condition, kvir eg meg for å leggja ut på nye stader med to små.

Kl 12 blei me henta av Leon (frå no av har me bil med sjåfør som kan køyra oss dit me skal…. ). Han virka til å vera ein triveleg kar, med litt engelskkunnskap og det hjelper jo på!:) Foruten dei som jobbar i Joannarealestate har det kun vore delar av hotellstaben som kan snakke noko engelsk. Det er tilnærma umogeleg å spørje om ting på butikkar - der me har vore til no i hvert fall, så eg må prøva å hengja meg på når ungane skal byrja med kinesiske timar…:) Alle barnehagane me var innom, var engelsk hovudspråket og så hadde dei 20 min med kineskisk kvar dag. No byrjar ikkje Solveig og Fredrik i barnehage på ei stund, men frå desember håpar eg at dei er på plass. I mellomtida prøver me å få oss ein “aye” (?) som barnevakt her heiter. Dei snakkar stort sett kun kinesisk, men det trur eg vil gå greit når me berre blir litt kjent- og så håpar eg på litt drypp av kinesiske ord etterkvart for både meg og ungane.

Xu Tia Hui Park var flott! og akkurat passeleg stor. Flott stelt grønt areal, fine gangvegar, eit par små vatn og “elv” som rant i mellom. I vatnet var det fiskar, men dei ser me kun om dei sym heilt i overflata (skittent vatn…) og så var det svarte svanar (? kanskje ikkje svanar, men ser heilt likt ut, forutan fargen). Etterkvart kom me til ein fin leikeplass med sklier, klatrestativ osv. Men det var jo så varmt. Eg helte vatn i nakken på Solveig og Fredrik fleire gongar… Sveitten rant av begge så håret krølla seg skikkeleg. Det fører til endå meir oppmerksomheit og at det blir så fristande for folk å ta på håret deiras, at dei gjer det utan å spørre verken meg eller ungane…
IMG_0365IMG_0370

Etterkvart måtte me prøve å kome oss inn for litt avkjøling. Det er ein utfordring å få dei til å gå dei etappane me skal. Den eine vil bærast- så skal den andre bærast… I dag innførte eg “null-bæring” og det gjekk ganske greit igjennom. Når me nærmar oss dei trafikkerte vegane er det litt med hjerta i halsen me krysser gatene -på gangfelt med grønn mann. Bilar, mobedar, syklistar - alle køyrer om det er raudt eller grønt lys, fløyter på oss om me går i vegen for dei…. Me kom oss trygt over og inn i eit flott kjøpesenter.

Eg vurderte ei stund å ringje Leon for å avtale ny stad for å bli henta, så me skulle sleppa å krysse gata igjen. Men droppa det. Eg innsåg min eigen begrensning i å forklara kvar me var… .

Tilbake på hotellet kosar me oss på rommet ei stund. Men no byrjar leiken å gå over til krangling så me forberedar oss på ei stund i bassenget. Eg er ikkje heilt komfortabel å bada med Fredrik. Han er ikkje til å stola på når det gjeld når på dagen han veljer å gå på toalettet….Målet er å få han over på truser på dagtid straks, uhell toler me- men helst ikkje i badebassenget!!

I morgo skal me vitja ein annan expat familie som har vore her 1 år, det gledar me oss masse til. Då kan eg få svar på mykje av det eg går rundt og lurer på om livet i Shanghai.

søndag 14. august 2011

Metro

I dag har eg og Lars Petter hatt vår fyrste treningsøkt, herligt! Ikkje noko sykling eller jogging ute i friluft, men eit treningssenter på hotellet. Medan eg fekk sveitta litt inne, var ungane ute på ein tur i parken til hotellet (og sveitta der)…;
IMG_0711
IMG_0700

Deretter fulgte dagens økt i symjebassenget. Solveig har hatt stor læringskurve etter ankomst hit og sym “langt” under vatn. Til stor beigeistring for ho sjølv:) No har ho som mål å klara å symje før farmor kjem, kanskje tom til Sara og Kasper kjem i oktober??:) Fredrik har ingen hemningar i vatnet. Han hoppar og dykker og er i sitt aller beste slag i det våte element. Min/ vår store bekymring der i gården er at det er umogeleg å spore opp badebleier… Når eg har spurt etter bleie av det slaget kan dei ikkje forstå kva eg snakkar om, og einaste “hjelpa” eg har fått er at ved den aldren så har alle i Kina slutta med bleie…???

På ettermiddagen hadde me ein liten tur ut og prøvde metroen. Det var ein særs positiv oppleving. Ingen tvil om at det må vera den mest effektive måten å koma seg rundt i Shanghai på. Der, som ellers i byen, reint og pent, ser nytt ut og er særs effektivt- metroane kom på sekundet. Og så var det enkelt å finne ut av korleis systemet virka og kvar i løypa me var til ei kvar tid.

lørdag 13. august 2011

"Hop on hop off"

Etter at eg var ferdig med å blogga i går kveld, gjekk me gjennom alternativa for husværet kommande året. Etter å ha lest nokre uheldige kommentara på nettet om Yanlord Riverside, gjekk me gjennom alt på nytt og blei plutseleg einige om at me alikavel veljer å bu i French Concession- Royal Pavilion. Det er sågodt som i senturm. Nærme barnehagen eg lika best og det er fint for ungane med badebasseng, leikeområder og masse barnefamiliar. Grunnen til at me slo det i frå oss i utgangspunktet var at leiligheiten ikkje var så fin som dei to andre alternativa og at me tenkte at me likar oss eigentleg betre “ute på landet”… -Får dårleg samvet av å skriva dette no, etter at eg nett har kome inn frå ein kort tur på Carrefour (der ein får kjøpt alt til husholdningen) då eg på veg heim såg fleire som gjekk gjennom alt søppelet frå dette kjøpesenteret på leit etter noko dei kunne nytta seg av eller selja….. For å fylgja opp dette, så har me sålangt sett lite eller ingen ting til nød og fattigdom. På alle andre reiser eg har vore så har eg møtt på det mykje meir og med det same eg har ankome ein by.

Vel, det var denne Royal Pavilion… Etter dagens aktivitet- som tittelen er mynta mest på (dei kjende raude turistbussane som går i alle store byar) har me blitt endå sikrare på valget. Det var flott nede i sentrum. Reint og ryddig er det overalt (mange som er i jobb for å halda byen rein), det er faktisk frodigt- det opplevest slik i hvert fall. Flotte-lange alèar på mange av gatene, blomsterbed og grøne lunger, små og store parkar som plutseleg viser seg, gangavstand til mykje av dette mm. Så tenkte me at det blir denne eine gongen i livet at me kjem til å bu så sentralt..?? Bu midt i sentrum i ein by som etter siste oppteljing (i fylgje sjefskokken her på hotellet frå Skottland som me har hatt mange små samtalar med) går til 24 millionar!! Det er masse folk. Og det går meir og meir opp for meg. Det er utruleg med antal hØØge hus her, tusenvis med over 30 etasjar (wild guess…) For bileter sjå hobbyfoto.

Allereie ved frukostbordet i dag kjende me at det måtte vera varmt ute. Gårsdagen var ok pga stadig regnver. I dag 36 grader i skuggen og sikkert 45 i sola (wild guess igjen…) så la me ut på turisttur til tjukkaste sentrum for å køyra buss..:)


IMG_0607


Solveig og Fredrik får stadig mykje oppmerksomheit frå kinesaren i gata. Det er nok det lyse håret. Dei tek på ungane, snakkar til dei og tek bileter med eller utan å spørje oss om det er greit. Eg opplever stadig om eg snur meg rundt at nokon står og smugfotografera, litt ubehagleg kjensle. Andre vil sjølve gjerne vera med på bilete, noko Solveig ikkje er heilt komfortabel med…

IMG_0650
Eg seier til Solveig at det er fordi dei aldri har sett ei så flott jenta her før, då blir ho litt stolt og glad, men stadig veldig forundra over merksemda.

fredag 12. august 2011

"House hunting" mot slutten

I dag har me hatt vår tredje dag i bilen til joannarealestate.com.cn på jakt etter husvære. Er ein utfordring å forklara Solveig og Fredrik at me igjen må gå ifrå eit badebaseng og ein leikeplass utan at dei har fått utforska den nok… Sjølv om bilkøyring er kjedeleg, så har ikkje desse dagane vore så verst alikavel. Trass i, den for oss, livsfarlige trafikkavviklinga her, så er det ikkje innstalert bilseter, og det har blitt litt vandring i bilen og bytting av plassar (me må høyra om vaktmeistaren vår på krok kan pakka ned bilseter og senda med flyttelasset om det ikkje har gått alt?) Me har observert mang ein morosam ting og situasjon frå bilvindauget og køyreturen har sjeldan kome opp i meir enn 25 min pr tur.

Så- kva med husvære?? det må me straks gå igong med å diskutera. Fredrik har akkurat sovna (22.40- han fekk ein power nap i 17.30 tida og det straffa seg hardt). Det står mellom hus og leiligheit (ja, den i 20 etg..). Fordeler og ulemper…. Uansett kva me veljer vil me ha god plass til besøk:) For dei lokalkjente står det mellom hus i Richwood Cottages eller leiligheit i Yanlord Riverside Appartements. French Concession som eg lika godt etter barnehagebesøket, har me slått frå oss.

Dagen i dag starta med helsesjekk. Det er visst obligatorisk når ein søkjer om lengre oppholdstillatelse. Det starta med ein lengre kø og venting på eit overfylt rom. Takk og pris var det kølapp system. Derifrå og inn må eg sei at makan til effektivitet kan eg ikkje sei eg har opplevd i helsevesenet tidlegare. På under 7 min hadde eg tatt blodprøve, ekg, synstest, røntgen, ultralyd av lever (trur eg), blodtrykk og graviditetstest. Det var faktisk morro- Fredrik som var med meg lo og sjarmerte, fekk godteri av doktorane og blei god til å sei “bye-bye” og “thank you”.

I ventetida før helsesjekk kom det eit uventa spørsmål frå eigendomsagenten som var med oss som guide/tolk. Det spørsmålet skal eg avslutte dagens innlegg med til ettertanke, det seier kanskje litt om kinesisk historie/- kultur??? Det var snakk om Solveig og Fredrik, så kom det, “ Kva for unge likar du best?”.

Etter endt arbeidsdag feira me med is.
IMG_0553

(Jeg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.)

torsdag 11. august 2011

Møte med Shanghai


Reisa byrja med privatsjåfør til Gardemoen. Der blei det trist å sei “hadet” og “pågjensyn” med farfar for både store og små…..

Fredrik og Solveig har snakka om Kina og flytur no i lengre tid, og begge gleda seg frykteleg til at dette endeleg skulle skje. Dei hadde nok ikkje heilt fått med seg at å fly til Shanghai er meir enn å lette- og lande med flyet, og at timane oppe i lufta er mest like lange der som dei er i bilsete på veg til Vik…. Etter mellomlandinga i Helsinki uttalte Fredrik at han ikkje ønska opp i lufta meir, han ville vera på bakken og han kunne tenka seg heim til huset sitt på Krok:)
Ettersom tida gjekk på flyet og ingen sov noko særleg var det heilt supert når me endeleg kunne sleppe energien laus på Pudong flyplass … (Solveig fekk ein god lur medan Fredrik tok seg tid for knappe 2 timar). Klokka (for oss) 2 på natta køen i pass kontrollen var lang, og gjekk sakte. Solveig og Fredrik gira kvarandre opp og sprang konkurranse og ropte “klar-ferdig-gå!”, medan me prøvde å holde plassen vår i køen. Så skjedde det som måtte skje- ein vakt (politi?) kom og lurte på kven sine ungar dette var, og me prøvde forgjeves å rope dei på plass. Men han vinka oss ut av køen og bort til der ungane leika. Eg blei sur for at me måtte gå ut av køen- og tenkte at me sikkert måtte stille oss bakerst etterpå, og så blei eg litt redd for eg var litt skeptisk til kva som skulle skje …… Men! den greie vakte smilte og gav oss plass i “special line” - så takka vera to litt umulige ungar, suste me forbi heile køen, og kunne spasera fort og greit gjennom, det er nesten som å vinne i lotto!:)

Varmen kjende me med det same me gjekk av flyet, men det blei endå meir intenst på veg inn til byen og når me ankom service leiligheita. Der var det ingen aircondition på, ute 32 grader og inne kanskje 31…… Så var det å prøva å sova litt.

Fyrste dagen hadde me ein liten guida tur i området rundt kontoret der Lars Petter skal jobbe. På kvelden fant me ein liten lokal japanesisk restaurant. Foruten varmen og den høge luftfuktigheita, er det trakikken som slår oss som det som er mest annarleis frå Noreg. Vegane er breie og godt merka, men bilistane har problem med å halde seg i si køyrebane. Dei tek ein 360 grader sving der det måtte passa, bruker fløyta aktivt, køyrer mot køyreretningen i einvegskøyrte gater osv. Endå verre er det med mopedane som verkeleg køyrer overalt og i alle retningar inkludert på gangfelt, samen med syklar m/batteri, og fotgjengarane prøver å gå over kor det skulle vera. Dette skal eg seinare dokumentera betre med bileter - for det er ganske fascinerande. Forresten, det blir fort mørkt her. Fleire bilar og maaange mopedar køyrer dessutan utan lys- så det er umogeleg å sjå dei, men stort sett høyrer ein dei jo. Og hjelm er vel ikkje kome til Shanghai enno….

Onsdag reiste LP på jobb kl 8, og mitt oppdrag var å vekke ungane og rekke tur rundt og kikke på barnehagar kl 10. Det var ikkje enkelt. Eg har vel knapt aldri vekt ungane før (då me har stått opp rundt 6 fram til mai i år….), så ny oppleving.
Barnehagane var betre enn eg hadde trudd. Fine områder og leika i både ute (bakgård) og inne.

I dag har me vore rundt og kikka på leiligheiter og hus. Shanghai er stort. Har såvidt byrja å få litt oversikt over kvar ting er i forhold til kvarandre. Håpar at etter morgondagens “house hunting” så har me tatt valget på kvar me blir buande det neste året - og at me får flytta inn ganske snart.

IMG_0529

Her frå dagens “house hunting”. Me står og beundrar det utendørs badebassenget. Det var flott der, men leiligheiten låg i 20. etg og Lars Petter er særs skeptisk til klatremusa Fredrik sine røyrsler ute på verandaen….

IMG_0535
Utsikt frå vindauget vårt i kveld… Shanghai by nigth. Me flytta frå service leiligheit til hotell onsdag. Her på hotellet har me kun 1 rom å fordela oss på, men me har god aircondition, god frukost, badebasseng, store gangar og springe på og me er nærme eit ok kjøpesenter.

Godnatt!

Bloggen har blitt flytta grunna internettproblem i Kina

Midlertidig addressa er www.teknologihus.no.
Den blir etter nokre dagar kanskje veker?? flytta til www.arnablikom.no

Etter ankomst Shanghai og etter at me hadde sove nokre timar, var eg klar for å oppdatera blogg. Men det var lettare sagt enn gjordt…

Som facebook, twitter, youtube mm, var min bloggleverandør og sperra av kinesiske myndigheiter!! ganske irriterande, og ganske uforståeleg for min del. Så var det å tenkja på andre moglegheiter…

Eg fekk ei ny add tildelt av datamannen i familien (arnablikom.no) , men den kan ikkje virka før eg har signert eit brev og sendt til til Noreg. Det kan plutseleg ta litt tid, og når eg prøvde å senda mail frå min harpoon mail, gjekk ikkje det heller (men eg kan lett motta mail! slikt skjønnar eg meg ikkje på, men slik er det i hvert fall). Så difor har denne historien enda med at eg midlertidig vil skriva litt om kvardagen vår her, og så når alt er på plass er det arnablikom.no som gjeld...

søndag 7. august 2011

Klar for avreise.

No er det under eit døgn til me set oss i bilen og blir køyrt til gardemoen. Det byrjar å bli verkelegheit at me skal reisa, men foreløbig kjennest det som me skal på ein lang ferie..... Siste vekene har me hatt flott sumarver, mykje bading og båtkøyring. No regnar det skikkeleg ute og eg får haustfølelse.
Då er det på tide og pakka ned mac'en og pakka og rydda det som står att. Har framleis god plass i kofferten til både meg og ungane- noko eg aldri pleier å ha når me reiser til Vik eller andre stader...??

På gjensyn Krok!

"Ein reise på livets elv"

Hadde store ambisjonar om å lese mange bøker om Kina- historie, kultur, natur, mat, osv i løpet av sumaren. Det har blitt med ei bok "Kina, en reise på livets elv" av Torbjørn Færøvik. Men der fekk eg litt av alt. Det er ei reiseskildring på og langs elva Yangzi som har utløp i Shanghai etter 6320 km på farten... Forfattaren skildrar godt menneska og kulturen han møter. Får mykje historie innimellom, og me møter enkeltmenneske. Boka var så bra at eg gjerne gjekk og la meg litt før på kvelden for å få lest 10 min, og det hendte eg las eit par sider innimellom leik med borna:) Anbefalast.

"Fritid set menneske i stand til å lesa, til å reisa til kjende stader, til å utvikla gode venskap, til å drikka  vin og til å skriva bøker. Finst det noko betre i verden enn nettopp dette" Lin Yutang, kinesisk fortattar.