Sider

torsdag 25. august 2011

Fyrste dag i internasjonal barnehage

Då var dagen her for at Solveig skulle byrja i barnehagen, eller pre-school som det blir kalla her. Det er litt meir motiverande at det heiter pre-school (eller skulen som me seier) då føler Solveig seg litt større og tenkjer på dei veninnene heima som jo er to år eldre og som har byrja på skulen i desse dagar.

Å kome inn i barnehagen her, er ikkje som heima. Her møter det oss fyrst ein vakt i porten, deretter står ein av dei ansatte og ynskjer oss velkomen ein annan og tek tempen av alle i panna... Eg har ikkje spurt kva som er grensa for å sleppe inn, eller gått inn på kvalitetssikring av ein slik metode, men må berre sjå på det som positivt at er nokon litt i ulage ein dag, så blir dei stoppa i døra.

Å bli trygg i barnehage er noko som har tatt tid for Solveig før, og med eit heilt ukjent språk så forventar eg at det er med på å forlenga prosessen denne gongen. Lærarane (1 amerikansk og 2 kinesiske) virka snille, flinke og omsorgsfulle, og gruppa med barn såg og bra ut. Av 18 born, så har eg sålangt fått med meg 6 nationalitetar forutan norsk: Amerikansk, Italiensk, New Zeelandsk, Svensk, Finsk, Kinesisk. Eg snakka med den svenske mammaen etter endt dag, ho fortalte at når dei kom hit for eit år sidan, kunne sonen hennar ikkje eit ord engelsk- i dag snakkar han flytande (noko eg sjølv høyrde inne, for eg trudde ikkje det var nokon nordiske barn der i det heiletatt utifrå språket). Solveig blei så glad når ho skjønte at denne guten snakka mest same språk som ho sjølv... Ihvert fall så fekk eg ein god følelse i dag om at det kjem til å bli bra, at me blir nøgde både store og små, så får det så væra at me stadig snakkar om barnehagen "vår" på Vammen og kor godt me likta oss der.

Har høyrt litt om barnehage her før eg kom, og noko av det er at det er mykje meir prega av disiplin enn det er heime. Trur nok at det stemmer... Det er både på godt og vondt det og. Det ser ut som at dagen går slag i slag med planlagde aktivitetar, og tida for fri leik begrensar seg til 30 min på føremiddag og 30 min etter lunsj... Der er sangstund, boklesing, handarbeid, kinesisktime mm. Dei stiller seg stadig på linje for å gå hit eller dit, men for Solveig trur eg dette gjer at ho blir litt avvleda og reven med på alt som skjer. Vel, vel, får sjå kva dagen imorgo bringer. Eg har ein plan om at eg og Fredrik skal gå avgårde ein times tid og overlate Solveig til alle dei andre "octopus`ane" som gruppa hennar heiter.

Ellers så har det regna her dei siste dagane, og temperaturen har gått ned til 28-29 grader. Då er det heilt greit for oss å vera ute (berre at me har ingen regnklede her enno, men så lenge temperaturen held seg, så klarar me oss godt til flyttelasset vårt kjem om ein mnd tid). Trur kanskje det byrjar å gå opp for ungane at me faktisk skal bli her ei stund... Fredrik lurer veldig på huset sitt på Krok, på traktoren til farfar og det var ganske kjipt å sjå at farfar treska her ein dag (farmor har fått ipad med face-time, så no kan me sjå live frå Høyen:)). Men så seier han så greit- at me skal jo heim til Krok om ei stund, me skal berre vera her lenge-lenge- lenge fyrst...

Og så er det med ein god porsjon vemod at me i dag har solgt båten til ein ny heldig eigar...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar