Sider

mandag 15. august 2011

Xu Tia Hui Park

Trass 34 varmegrader tok me sjansen på å prøva oss på eit park- besøk. Er ikkje så ofte at varmegrader er begrensande faktor for uteaktivitetar, men no når eg ikkje er kjend og veit at me kjem oss i hus om me treng facilitetar som toalett/ air condition, kvir eg meg for å leggja ut på nye stader med to små.

Kl 12 blei me henta av Leon (frå no av har me bil med sjåfør som kan køyra oss dit me skal…. ). Han virka til å vera ein triveleg kar, med litt engelskkunnskap og det hjelper jo på!:) Foruten dei som jobbar i Joannarealestate har det kun vore delar av hotellstaben som kan snakke noko engelsk. Det er tilnærma umogeleg å spørje om ting på butikkar - der me har vore til no i hvert fall, så eg må prøva å hengja meg på når ungane skal byrja med kinesiske timar…:) Alle barnehagane me var innom, var engelsk hovudspråket og så hadde dei 20 min med kineskisk kvar dag. No byrjar ikkje Solveig og Fredrik i barnehage på ei stund, men frå desember håpar eg at dei er på plass. I mellomtida prøver me å få oss ein “aye” (?) som barnevakt her heiter. Dei snakkar stort sett kun kinesisk, men det trur eg vil gå greit når me berre blir litt kjent- og så håpar eg på litt drypp av kinesiske ord etterkvart for både meg og ungane.

Xu Tia Hui Park var flott! og akkurat passeleg stor. Flott stelt grønt areal, fine gangvegar, eit par små vatn og “elv” som rant i mellom. I vatnet var det fiskar, men dei ser me kun om dei sym heilt i overflata (skittent vatn…) og så var det svarte svanar (? kanskje ikkje svanar, men ser heilt likt ut, forutan fargen). Etterkvart kom me til ein fin leikeplass med sklier, klatrestativ osv. Men det var jo så varmt. Eg helte vatn i nakken på Solveig og Fredrik fleire gongar… Sveitten rant av begge så håret krølla seg skikkeleg. Det fører til endå meir oppmerksomheit og at det blir så fristande for folk å ta på håret deiras, at dei gjer det utan å spørre verken meg eller ungane…
IMG_0365IMG_0370

Etterkvart måtte me prøve å kome oss inn for litt avkjøling. Det er ein utfordring å få dei til å gå dei etappane me skal. Den eine vil bærast- så skal den andre bærast… I dag innførte eg “null-bæring” og det gjekk ganske greit igjennom. Når me nærmar oss dei trafikkerte vegane er det litt med hjerta i halsen me krysser gatene -på gangfelt med grønn mann. Bilar, mobedar, syklistar - alle køyrer om det er raudt eller grønt lys, fløyter på oss om me går i vegen for dei…. Me kom oss trygt over og inn i eit flott kjøpesenter.

Eg vurderte ei stund å ringje Leon for å avtale ny stad for å bli henta, så me skulle sleppa å krysse gata igjen. Men droppa det. Eg innsåg min eigen begrensning i å forklara kvar me var… .

Tilbake på hotellet kosar me oss på rommet ei stund. Men no byrjar leiken å gå over til krangling så me forberedar oss på ei stund i bassenget. Eg er ikkje heilt komfortabel å bada med Fredrik. Han er ikkje til å stola på når det gjeld når på dagen han veljer å gå på toalettet….Målet er å få han over på truser på dagtid straks, uhell toler me- men helst ikkje i badebassenget!!

I morgo skal me vitja ein annan expat familie som har vore her 1 år, det gledar me oss masse til. Då kan eg få svar på mykje av det eg går rundt og lurer på om livet i Shanghai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar