Sider

tirsdag 27. september 2011

Midt i filmsettet på Universals Studios

Då var dagen endeleg kome til at me skulle ta ein nærmare kikk på "prinsessehuset" som det har vore snakk om kvar einaste dag etter ankomst Sentosa. Det var det fyrste ungane beit seg merke i og forventningane har bygd seg opp ettersom me stendig har køyrt forbi det (ser det godt frå vegen, og frå diverse utsiktspunkt på Sentosa) og det kan ein vel godt forstå når ein ser på bilete... Ser unekteleg ut som eit ekte "prinsesseslott":

Velkommen til Universal Studios Singapore!

Parken er ein fornøyelsespark bygd opp rundt filmane som Universal Studios har produsert. Og når ein gjekk rundt om der, kunne ein til tider føla at ein gjekk midt inne i filmscenar. For dei som har sett og likar "Madagascar" var det imponerande å sjå kva dei hadde å by på frå filmen. Solveig og Fredrik har sett den filmen nokre gonger- så det var god underhaldning for heile familien.

Parken var delt inn i 7 hovudkategoriar, som forutan Madagascar inneholdt bl.a. "Hollywood", "New York", "Sci- Fi City", "Jurassic Park", og "Far Far Away"- der den sist nevnte var dette prinsessehuset. Innimellom her var det flust av souvenirbutikkar og cafe`ar, musikk var det heile heile tida- musikk som passa til den kategorien ein til ei kvar tid var inne i. Så møtte me på Marylin Monroe og diverse andre heltar rundt i gatene:) Som de ser på bilete var det og berg-og-dalbaner. Desse på bileta var Solveig og Fredrik for små til, men me fekk køyrt nokre mindre baner som var ganske så bra- og kjempemorro! Fredrik grein ved kvar stopp då han nekta og gå ut og ville køyre ein runde til. Fredrik har ved nokre anledningar no blitt redd og byrja å grine, under 4D film og i dag då han absolutt skulle ta ein liten karusell åleina- når så karusellen byrja å køyre, var det ikkje så morro alikavel. Men idet filmen er over- eller når karusellen stoppa, er det fyrste han seier at "dette var kjempemorro", og når me så konfronterar han med at han blei redd og grein, så påstår han at han berre later som han griner...:)

Prinsessehuset var kanskje det som såg flottast og mest imponerandes ut frå utsida- men det var ikkje heilt som me hadde tenkt når me kom inn. Me fekk ikkje akkurat gå og vandra omkring inni huset- og det var også dårleg med prinsesser der... Men ein kjempeflott park som nok blir betre og betre ettersom ungane blir litt eldre:)

Her eit bilete av tre-kløveret som får nytta seg mest av bassenget og andre fasilitetar om dagen:
Og sidan det har vore litt problem med å få inn bileter på dei siste bloggane så eit par glimt frå "Underwater World". Fyrst frå delfin og selshowet: 
og her Fredrik inni tunellen der fiskar i alle (ok då, ikkje alle-) storleikar symde rundt:
Til sist eit biltet frå "Singapore Cable Car", som eg, Solveig og Fredrik tok ein tur med forrige veka. Det var høgt opp! og god utsikt. Fekk god oversikt over Sentosa og Singapore city.

søndag 25. september 2011

2011 Formel 1 Singapore Grand Prix

Fredag starta formel 1 showet her i Singapore, og laurdag følte eg meg forplikta til å bli med og sjå på når eg fekk sjansen... Det var fyrste turen inn til sentrum for meg, og det er alltid kjekt å få sjå nye stader.Her er den eine bygningen flottare enn den andre, ein av dei siste er Marina Bay Sands som er eit hotell bygd opp av tre høge tårn- og på toppen over desse tre tårna ligg ein "båt". Oppi  båten er det bl.a.bar, restaurant og basseng. Eg las i avisa i dag, at no blir dette toppdekket stengt for dei som ikkje bur på hotellet- då hotellets gjester har klaga på alt for mange skuelystne som har kome opp og forstyrra privatlivets fred.
Før racet starta i går, var me oppe i 71. etg. på Swissotel Stamford og tok ein "Singapore Sling". Det navnet kjem frå at Singapore har lenge vore ein attraktiv stad å besøkje, så det er populært med weekendturer hit - ein Sling til Singapore.

Til Formel 1 Grand Prix er det 200 000 solgte billettar kvar dag: fredag- laurdag og sundag. 600 000 store og små (og sikkert ein god del vip- og andre gjester, samt arrangørstaben som umogeleg kan vera liten) som deltek på denne festen. Store delar av byen blir stengt av for å lage bilbane, noko som må vera litt av ein jobb i ein 5 millionars by. Forutan å sjå og høyra på ekstreme hestekrefter er det alltid mykje liv og ting og sjå på under eit slikt arrangement- og igår var det bl.a. Shakira som underholdt publikum. For meg blir nok Formel 1 som been there- done that... Kjekt å vore der og opplevd det, men ikkje noko eg kjem til å prioritera høgt igjen. I mars/april (?) er det ein grand prix runde i Shanghai- då håpar eg Lars Petter får besøk så han kan ta ein guttetur og oppleva meir entusiasme enn han fekk med meg...;)
Pass på å ha høg lyd på pc`en når du ser på filmen:


Helga går mot slutten, i morgo er det jobb på Lars Petter igjen, medan me tre andre skal fortsetja ferien med bading og soling og is frå Ben and Jerry`s:) For dei som ikkje veit det, er det verdens beste is, og rett ved inngangen til hotellet her ligg ei lita hytte som sel akkurat den isen.

Sidan sist har me og sett meir av Sentosa og dei ulike aktivitetane øya har å by på. I dag har me vore på 3D og 4D kino. Det var skikkeleg morro. Den fyrste filmen som var 4D var i skumlaste laget for både Solveig og Fredrik. Eg holdt Fredrik både for øyrene og augene på slutten- og så leika han at han køyrte karusell...

Bading er ein fast aktivitet, og dei siste dagane har armringane ikkje vore i bruk i det heile tatt. For det meste kan ungane stå der dei badar, men der dei ikkje klarar det, er det fasinerande og fylgja med på framgangen i "symjeferdigheitene".

(å lasta opp filmen var ingen sak, men bileter er det verre med- så eg skal leggja ut litt bileter frå turen når me er atteden i Shanghai)

onsdag 21. september 2011

Oppdagelsestur på Sentosa

Sentosa er litt av ei ferieøy, her er attraksjonar og aktivitetar rundt kvar ein sving. Eg har lest litt om Singapore og Santosa, men det er ikkje før me er her at det eg skjønar kva det dreiar seg om (byrjar i hvertfall). Me 4 har ikkje vore på noko sydenferie tidlegare, (kan vel ikkje kalla Vik syden...) men no er me der, sol, varme, basseng osv. Foreløbig er det eg og ungane som nyt dette, Lars Petter har vore på ein konferanse nokre dagar og resten av veka er det "vanleg" jobb. Ser fram til helga då me skal vera i lag alle, og ikkje minst vera to vaksne:) Er slik at dei fleste tinga er kjekkast når ein får dela det med nokon, og eg skulle gjerne vore to vaksne og gjerne reist på tur med ein annan barnefamilie eller besteforeldre, då hadde utbytte blitt endå større:)

I går brukte me halve dagen på bading, så hadde eg booka barnevakt frå hotellet for å få meg ei treningsøkt- og det fungerte kjempebra! kven hadde trudd det... Fyrste dagen me kom hit fekk me informasjon om ein klubb for ungar, open frå 9-21, ingen foreldre hadde adgan, det var ulike aktivitetar og mykje attraktive leiker, det skulle tom bli servert mat.Eg vart sååå glad, for eg såg for meg tid for trening og til og med ein time på ei solseng og ei god bok. Ungane tykte og det var stas at dei skulle få vera ein stad eg ikkje fekk lov. Så blei nedturen dessto større når me kom dit for og sjekka ut forholda at aldersgrensa var 5 år... GRRR.

På ettermiddagen tenkte me oss utforbi hotellporten for å kikke litt, og me trengde ikkje gå meir enn 50 meter før me kom til den fyrste attraksjonen - "Underwater World Singapore", der blei me resten av kvelden. Masse, masse ulike fiskar å sjå på frå rompetrollstorleik til haiar på 1,5 meter (?) det var skummelt! - me gjekk gjennom ein 83 meter lang tunell og rundt oss på alle kantar svømte fiskar i alle storleikar med dei skumlaste fjesa, me såg store skilpadder, det kjekkaste var kanskje delfin- og sel show (morosamt!), og ved utgang/ inngang stod ein mann og viste fram slangane sine...

Dagen i dag starta og med bading. Så gjekk me på nytt ut porten frå hotellet. Solveig hadde sett seg ut ein veg ho ville gå på og det gjorde me. Den leda oss etterkvart opp til ein "fjelltopp" 62 moh. Me gjekk på sti og stein og fell, møtte ingen andre folk, og tydelegvis assosierte Solveig og Fredrik dette mykje med å gå på tur med barnehagen til leirplassen (på Vammen- ikkje i Shanghai...). Eg fekk mange historiar derifrå som eg ikkja har høyrt før:) Det var herligt å føla at me var ute i naturen att! Det blei ein lang tur, me gjekk kanskje i eit par timar (med diverse stopp sjølvsagt) og enda til slutt opp ein heilt annan stad enn me hadde tenkt. Etter fleire tilfeldigheiter enda me opp på eit show der dei viste ulike dyr. Ulike fuglar, hauk- pappegøyer, hundar, apekatt, og til slutt ein slange. Ein stor og tjukk og laaang slange. Det var ein frå publikom som holdt den og så kunne me alle kikke nærmare på den etterpå og få ta på den. Ikkje særleg fristande- men me gjorde det alle tre. Fekk og bileter av seansen, men får ikkje overført bileta her i kveld. Er på ein ny stad og då har det med å bli dataproblem... kanskje det kjem bileter i morgo.... Ellers så får det koma litt mange når me er attende i Shanghai.

mandag 19. september 2011

Apekatt på verandaen

I dag spratt Solveig opp av senga og gleda seg voldsomt til å koma til Singapore. Forventningane har blitt bygd opp over tid ettersom me har kikka på bileter av staden me skulle bu på. Shangri-La Rasa Sentosa Resort er som på bileta frå nettsida-ein eventyrplass for oss frå Norge. Me kom hit midt på dagen i dag, etter ein 5 timars flytur (ikkje 6 altså, ein time mindre enn antatt er ganske mykje og så positivt i ein barnefamiliepåtur perspektiv:)). Flyturen gjekk fint og frå flyplassen og ut hit til Sentosa (som er ei øy rett utfor Singapore sentrum) tok det ein liten halvtime med taxi. Når me køyrte over brua for å kome til Santosa såg me lenge eit eventyr-slott, som visstnok er ein del av Universal Studios, noko av det siste som har kome på øya og det skal vere kjempebra (?), me veit ikkje heilt kva det er enno (kino? Fornøyelsespark? Anna?) men det slottet har me frykteleg lyst inni så i løpet av tida her skal me nok finne ut av det. Ellers har eg såvidt byrja å kikke litt i lonely planet, og det ser ut som denne øya har meir enn nok av aktivitetar å tilby i seg sjølv, i tillegg til at me må inn til sentrum og gå i Orchard Road og kanskje sjå på formel 1 som tilfeldigvis er denne helga (?).
Utsikt frå baren eg og ungane tok ein smoothie i i ettermiddag.

Og ja, her spring apekattar (i alle fall ein som me har observert fleire gonger i dag) rundt på/ langs hotellet, og nokre store fuglar som no sit i treet og søv rett framfor oss her, spankulerte tidlegare i dag rundt stolane våre:)

søndag 18. september 2011

Mat er vanskeleg i Shanghai

Det som har vore og er den største utfordingen her i Shanghai- er kva kan ein eta og kva ein ikkje ikkje kan eta, trygt- mindre trygt- helsefarleg. Mat har vore eit tema kvar dag etter ankomst, og eg  har brukt mykje tid på å få tak i den maten eg vil. Men takk og pris slepp eg å finne ut av dette sjølv, har vore veldig heldig og møtt mange supre husmødre som har brukt mykje tid på dette før meg:) dog- noko av informasjonen skulle ein kanskje vore for utan... kan bli paranoid som t.d. her eit LITE utdrag av ein mail eg fekk: 

Let's do a quick recap of all the major food safety news so far this
 year: We've got cadmium in our rice, steamed buns that are actually
recycled, "beef" that's actually pork, epilepsy-causing eels, cancer-
 causing fruit juice, cholera-inducing frogs, worm eggs in our mineral
 water, and exploding watermelons. 

Så, kva gjer ein .... Me har ete oss mette kvar dag, mange av dagane har sherpa`en vore her med middag til oss og me blunkar ikkje av å ta ein kaffi eller lunsj ute. Eg prøver å handla maten på dei stadene som har mest vestleg mat, unngår lokale grønnsaksmarknader og  dei som sel varene på gata (men sannsynlegvis kjem grønnsakene i butikken frå same staden som desse... men kanskje dei i butikken blir utsett for mindre varme over tid ihvert fall!)

 Og så slo me fast ved bassengkanten i dag at det går nok bra for oss som er her for kun kort tid. Til lengre ein blir eksponert for det, til verre er det...? nokon innspel?

Når helga er her, prøver me å få snakka med dei heime. Tidsskilnaden gjer at det ikkje alltid klaffar, men her ser de Solveig snakkar med onkel Arild på facetime i går ettermiddag:) Solveig hadde vore i bursdag igjen og valgt ein litt dristigare annsiktsmaling denne gongen.
 Så er me komne på plass i leiligheiten "vår". Etter at eg hadde spurt kvar dag i halvanna veke om det var mogleg å få flytte før 19 september, så var det plutseleg positivt svar fredag ettermiddag. Ungane var trøytte etter barnehagen og Lars Petter kom ikkje heim før seint på kvelden, så då var det for meg og eit par trivelige hjelpara og samla saman alt me hadde og flytta 9 etg lengre ned i blokka... Skikkeleg pes, men no er me på plass og her går ikkje kontrakten ut før om 12 mnd, så neste gong håpar eg flyttinga blir meir planlagt. Hadde tenkt å ta nokon bileter av leiligheiten, men det blei for seint på kvelden og for dårleg lys. Men eit "Shanghai by night" bilete blei det- utsikt frå eit av soveromma:
Så er det sundag kveld, i morgo står klokka på 05.10 (treng sjeldan klokke her i huset, men skal me opp før 6 kan det vera greit...), då går ferden til Singapore. Ein ganske lang tur eigentleg, 6 timar på fly- noko eg ikkje har tenkt så mykje over før no. I staden for å bli att i Shanghai i to veker "åleina" blir me heller med Lars Petter på jobb. Der ventar oss sandstrand, sol, regn og mykje anna eg ikkje veit. Har kjøpt lonley planet Singapore, så håpar å få vera litt turist. Det som sikkert blir veldig greit er at me kan eta og kjøpa mat utan å vera redd for å få eksploderande vannmelonar...:)

onsdag 14. september 2011

"Mandarinn Inn", kurs i kinesisk.

Omlag 20% av folket som bur i verda, har kinesisk som morsmål. I Kina er det 12 ulike språkgrupper, i nord er det små dialektforskjellar medan i sør er skilnaden så stor at dei ikkje skjønar kvarandre. Den største språkgruppa heiter "han" eller "Beijing- varianten av han"og er det offisielle språket i Kina. Det er kring 1 milliard som snakkar han- kinesisk, også kalla mandarin, og no har eg meldt meg på mandarin- kurs:) Startar ikkje i morgo, men om tre veker går me i gang, eg og to andre mammaer frå skulen til Solveig og Fredrik. 

På mandag var Fredrik bedt i bursdag til ein i sin klasse. Me var veldig spente på kva som venta oss i ein slik internasjonal bursdag (hadde høyrt litt av kvart på førehand...), men det blei bra- og eigentleg var ikkje opplegget så langt frå det me har heima. Det var ein britisk gut som fylte 3 år. Det var mange vaksne og born der, og for meg som ikkje hadde helst på nokon av foreldrene i klassen til Fredrik før, så blei det ein super anledning til å knyta kontaktar. 
For det meste var det fri leik rundt i huset, men ein kunne og bli malt i fjeset av nokon innleigde, og etter litt overtaling så gjorde både Solveig og Fredrik det: 

 
Dei fleste har visittkort som dei utveklar ved slike anledningar. Eg har dog ikkje skaffa meg det enno, men eg har tenkt at eg skal gjera det... I hvert fall så kom eg i snakk med to andre ny-tilflytta Shanghai damer, ei frå Tyskland og ei frå Nederland. Dei gjekk og å lurte på om dei skulle byrja på kinesisk kurs etterkvart- og no blir det ein ting me skal gjera isaman. Eg gledar meg til oppstart. Er klar for å pugga gloser (?...) og byrja å konversera på kinesisk. Har ikkje høge ambisjonar, men om ein kan sei at ein ikkje forstår kinesisk på kinesisk- så hjelper jo det på:)

Det er onsdag kveld her, nermar seg midnatt. Lars Petter er i Beijing, men kun for eit par dagar. I morgo er det ballett igjen så dagane går unda her som dei nok gjer for alle heima. I går når me var på leikaplassen, lurte eg på om det var norsk desse to gutane som var der på likt med oss snakka- og det var det. Så no har me fått nye norske naboar nokre etasjar under oss. Det er og ein familie som kjem gjennom DNV, så me har høyrt om dei og venta på dei. Men visste ikkje før for nokre dagar sidan at dei og valgte og bu akkurat her som me gjer. Gutane er på alder med Solveig og Fredrik, og me er superglade for norske leikekameratar så nerme:)

mandag 12. september 2011

Tur til Decathlon og Yu Yuan Garden

Då er helga og langfri her i Shanghai over. I dag har det vore nasjonal fridag i Kina, men eg er usikker på om me eigentleg merkar noko skilnad utanom at skulen er stengd. Trafikken er ganske normal utfor vindaugo våre, alle butikkar er opne... Det eg veit er at det er trippel lønn på denne dagen, så kanskje mange ynskjer å få jobbe i dag. 

Sundag starta me dagen med tur til Decathlon,  ein stor sportsbutikk. Der er det meste ein kan ynskja seg av sportsutstyr og klede- til heilt andre prisar enn me er vand med. Vårt oppdrag var rulleskøyter til borna. Det har blitt lova ein større premie ettersom dei har vore så "flinke" på skulen, og det var med stor glede me skulle gå og velja ut dette. Ettersom det er litt begrensa med motoriske utfordringar i form av fjell/ skog/ sykling osv, så har me tenkt at rulleskøyter er flott. Det er tennisbane og basketballbane her me bur, det ser ikkje ut som dei er så veldig opptatt, så der kan me utfolda oss med nytt og fornuftig leiketøy (?). Alternativ er å reisa til ein park for å få asfalt under hjula. Det er mange fine parkar, så etterkvart som me kjem igong og får dreisen på dette, er det eit godt alternativ for oss alle. 

Etter litt shopping skulle turen gå til gamlebyen, noko me trudde var Yu Garden. Etter at eg no i forkant av blogging her prøvde å googla litt på Yu Garden, ser eg at me har bomma litt på sightseeingen vår... Dog, me var ganske nøgde med det me såg og opplevde. Me gjekk gjennom ei gata med mange bodar som solgte større og mindre skattar (kinakjolar, vifter, diverse kunst, te osv) der pruting er nødvendig. Husa på kvar side var slik som eg tenkjer på som "Kinahus".


Det var ei travel gate, bilar, syklar mopedar og masse folk. Tenk om det kunne vore gågate...
Det eg oppdaga no var at staden me og skulle kome til var ein park og sikkert ligg i ei sidegate- eller bakom desse husa ein stad, Yu Yuan Garden. Det er ein stille park, gamle hus som blei bygd for 400 år sidan under Ming-dynastiet. Det hadde passa oss mykje betre enn ei travel og masete handlegate på ein varm sundag. Med andre ord- me driv ikkje med mest research før me dreg på tur... Kanskje me skal forandra på det. Me har fått tips om Lonely Planet Shanghai, så den skal kjøpast ved fyrste moglegheit:) Uansett, så var det artig det me fekk sjå og eg skal definitivt attende for å kjøpa fleire kjolar...:) og Yu Yuan Garden skal me nok få oppleva snart.

Vel heima frå tur, måtte rulleskøyter på med det same.
Solveig såg veldig vaksen ut når alt utsyret kom på...

 -kan ikkje sei det same om Fredrik...:) Det var noko verre for han å halda balansen. Kanskje kjem det snart, ellers så ventar me ei stund og han får hengja med på sparkesykkelen sin.

fredag 9. september 2011

Fredag og langhelg.

God fredag! Då er det helg, og fredagsfølelsen er i ferd med å snika seg attende:) Som turnusarbeidar forsvinn den herlige "fredagsfølelsen", men eg hugsar godt frå dei dagar når eg og hadde den. No betyr fredag at (som regel då) mannen er heima og ungane har fri frå skulen. No må eg tilføya her at å kalla det skule ikkje er tull, for det er mykje meir skule enn barnehage. I dag har Fredrik lært (?) boksaven B, og han fekk godkjent oppførsel i kinatimen som han tydlegvis har hatt. -Kvar dag får me ein liten rapport om korleis Fredrik/ Solveig har hatt det, om dei har ete maten som har blitt servert og korleis dei har oppført seg. Oppførselen er delt i to- smilefjes eller surtfjes. Ellers har dei som regel 5 ulike aktivitetar gjennom dagen (som for Solveig og Fredrik blir gjennomført på 3 timar inkludert 2 måltid. Dei går halv dag ut november, så byrjar dei på fulldag). Dei ulike aktivitetane er songs, puzzles, english, manners, ballet (favoritt for Fredrik:)), book boat, chinese, theater, art/craft, yard play og penmanship.

Etter barnehagen i dag tok me nokre rundar på hesten og teletubbisane som står rett borti gata her for oss:
Det kostar 1 rmb (som tilsvarar ca 0,82 kr ?) og varer i opptil 5 min. Ihvert fall ganske lenge for meg som står og ventar... Og musikken som går samstundes er ikkje av den rolige- behaglige. I dag blei det 3 rundar på kvar. Me feira at det var fredag og at pappen snart kom heim. Me fulgte med oppe i lufta heile tida om me kunne sjå eller høyra nokon fly- for Lars Petter skulle jo koma med eit kjempestort fly frå Beijing. Fredrik lurer stadig vekk på kvar flyet vårt er (det som skal ta oss attende til Krok) og kor flyet til Sara og Kasper er- dei som snart kjem på besøk til oss:)

På gata er det mykje å fylgja med på, mannen på bilete her;
er av dei som syklar rundt og rigjer med ei bjella. Han samlar inn diverse søppel. Nokre samlar på papp, andre på plastikk osv. Dei tek imot frå alle som gir (om du har ein del, så blir det lagt på vekta og du får pengar for det...), og så går dei i diverse søppelkassar, offentlige og frå større eller mindre husholdningar og sorterar ut det dei vil ha. Eg høyrte her at dette er Kina (?) sin form for kildesortering. Me sorterar ingen ting sjølv, alt går i same bøtta.

Etter at me fekk sagt hadet til hesten og teletubbiane, var me innom Costa og drakk kaffi:


Før siste del av ventinga på Lars Petter blei avslutta på leikerommet i kjellaren her,


No gledar me oss til helg. Har ikkje meldt strålande ver -  i dag har det mest vore litt kaldt, kun 26 grader og litt regn, men håpar på greit vèr til poolpartyet som skal vera her i morgo. Eigaren av compounden her inviterar alle leigebuara på mat og underholdning rundt bassenget:) Det er langhelg denne helga, mandag er nasjonal fridag og dei feriar "Mooncake festival" eller også kalla "Mid-Autumn Festival"

God helg!!

søndag 4. september 2011

"Playdate" for Solveig.

Då er det blitt sundags kveld og "kun" 5 dagar til me blir fulltallige i familien att. Lars Petter er no i Beijing for siste del av kurset.

Laurdag hadde me prøvedag for ein ayi som me ynskjer skal jobba for oss. Tenk, eg har hatt intervjuv med tre kinesiske damer og deretter valgt ut ein av dei. Ingen snakka engelsk (hadde med tolk) men har jobba som ayi i 10-15 år. To av dei har jobba hjå nordiske familiar tidlegare. Det som er fantastisk er at på min iphone har eg no fått meg ein apps som overset frå engelsk til kinesisk (eller 50 andre språk om du ynskjer...). Då Li (som ayi heiter) kom hit på laurdag og me ikkje klara å kommunisera på anna vis, så var det berre å ta fram mobilen:). Me fekk eit godt inntrykk av Li. Eg ville at ho skulle bli kjent med Solveig og Fredrik for å sjå om det vil fungera som barnevakt ved evt anledningar. Li leika godt med ungane med ein gong og etterpå fekk meg ei lita treningsøkt i treningsrommet medan dei tre var på leikerommet. Må sei at det var ein stor opptur, for meg betyr det ein stor forskjell om me får ein ayi som fungerar for oss. Onsdag skal me ha nytt møte med tolk, og forhåpentlegivs bli einige om diverse som arbeidstider og lønn...

På kvelden i går såg eg og ungane "March of the Penguins`.  Me likte filmen alle tre, men innimellom blei den altfor skummel og nogså trist t.d.når egget med pengvinbabyen inni, ikkje klarte å gå frå mor til far- men blei liggjande for lenge ute i kulda og fraus ihel... For dei som ikkje har sett denne filmen, så anbefalar me den på det sterkaste!

I dag har Solveig hatt ein "playdate". Nytt begrep for meg, men meget vanleg her har eg forstått. Solveig fekk besøk av ei svensk jente frå klassen sin. Heilt supert. Dei to blei betre kjent- og eg fekk gleden av å bli kjent med foreldrene. Kjempetrivelige folk, som ettersom dei har budd her ei god stund, har masse gode tips og råd for livet i Shanghai.

I morgo er det skule igjen. Er litt slik som det pleier, at eg kvir meg litt til å gå ifrå- men har mange gode argument for å gjere nettopp det. Solveig er nok på nippet til å gleda seg...:) medan Fredrik er noget meir skeptisk og kan nok aller helst tenkja seg å vera med meg.

torsdag 1. september 2011

Ballett for jenter og gut

Så har Fredrik og byrja i barnehage, eller skule som han og likar best at det heiter (pre-school). No skal han læra seg engelsk og han er nøgd med at han har blitt stor. Planen var at Fredrik skulle byrja 1 november, og då har me snakka om at han må venta litt, til han blir litt større, før han byrjar på skulen. Så blei han plutseleg stor då, når det blei forandring i planen frå den eine dagen til den andre...
Han har vore med kvar dag og levert og henta Solveig, men det var litt mindre stas i dag når han var forberedt på at eg skulle gå ifrå han. Han snakkar sågodt som flytande norsk, så då er det og ein stor omveltning for han at alle andre snakkar engelsk. Det er ikkje med lett hjerte eg gjekk rundt i gatene og venta på at klokka skulle gå til eg kunne henta han... Men det gjekk greit, og så får me håpa her og, at det berre blir betre.

Etter endt skule, var me heima ei stund før det var avreise til dagens høgdepunkt: ballett. Ballettkjole og dansesko fekk Solveig tildelt når me var på plass i rommet med speglar på alle veggar. Det var berre heilt fantastisk å få på seg den kjolen og skoa, og eg er så takknemlig for at det blei fiksa for meg. Ser jo at det hadde vore ein bra nedtur og vore den einaste jenta der utan ekte dansekjole...

Fredrik er jo og med på alt som skjer. Er ingen alternativ med barnevakt, og det var ihvert fall ikkje aktuelt å sitja på fanget mitt... Det var krise ei lita stund då Solveig tok på seg kjole og det ikkje var noko kostyme for han... (eg skjønar han godt eg!), men heldigvis fekk han låna eit ballettskjørt og då var alt bra:)

Det er kjekt å ha litt program om dagen. Lars Petter er på kurs i 12 dagar, og det er lenge! God fantasi er godt å ha. Fredrik fekk gasballong i går, den glapp ut av handa på han og det var svært trist- men no reknar me med at den har flydd til krok, og før i dag hadde Fredrik besøk av Ola og Karin inne på leikerommet- det var ihvert fall dei to som fekk skulda for at eine leiken var blitt vekke...:)