Sider

søndag 25. september 2011

2011 Formel 1 Singapore Grand Prix

Fredag starta formel 1 showet her i Singapore, og laurdag følte eg meg forplikta til å bli med og sjå på når eg fekk sjansen... Det var fyrste turen inn til sentrum for meg, og det er alltid kjekt å få sjå nye stader.Her er den eine bygningen flottare enn den andre, ein av dei siste er Marina Bay Sands som er eit hotell bygd opp av tre høge tårn- og på toppen over desse tre tårna ligg ein "båt". Oppi  båten er det bl.a.bar, restaurant og basseng. Eg las i avisa i dag, at no blir dette toppdekket stengt for dei som ikkje bur på hotellet- då hotellets gjester har klaga på alt for mange skuelystne som har kome opp og forstyrra privatlivets fred.
Før racet starta i går, var me oppe i 71. etg. på Swissotel Stamford og tok ein "Singapore Sling". Det navnet kjem frå at Singapore har lenge vore ein attraktiv stad å besøkje, så det er populært med weekendturer hit - ein Sling til Singapore.

Til Formel 1 Grand Prix er det 200 000 solgte billettar kvar dag: fredag- laurdag og sundag. 600 000 store og små (og sikkert ein god del vip- og andre gjester, samt arrangørstaben som umogeleg kan vera liten) som deltek på denne festen. Store delar av byen blir stengt av for å lage bilbane, noko som må vera litt av ein jobb i ein 5 millionars by. Forutan å sjå og høyra på ekstreme hestekrefter er det alltid mykje liv og ting og sjå på under eit slikt arrangement- og igår var det bl.a. Shakira som underholdt publikum. For meg blir nok Formel 1 som been there- done that... Kjekt å vore der og opplevd det, men ikkje noko eg kjem til å prioritera høgt igjen. I mars/april (?) er det ein grand prix runde i Shanghai- då håpar eg Lars Petter får besøk så han kan ta ein guttetur og oppleva meir entusiasme enn han fekk med meg...;)
Pass på å ha høg lyd på pc`en når du ser på filmen:

video

Helga går mot slutten, i morgo er det jobb på Lars Petter igjen, medan me tre andre skal fortsetja ferien med bading og soling og is frå Ben and Jerry`s:) For dei som ikkje veit det, er det verdens beste is, og rett ved inngangen til hotellet her ligg ei lita hytte som sel akkurat den isen.

Sidan sist har me og sett meir av Sentosa og dei ulike aktivitetane øya har å by på. I dag har me vore på 3D og 4D kino. Det var skikkeleg morro. Den fyrste filmen som var 4D var i skumlaste laget for både Solveig og Fredrik. Eg holdt Fredrik både for øyrene og augene på slutten- og så leika han at han køyrte karusell...

Bading er ein fast aktivitet, og dei siste dagane har armringane ikkje vore i bruk i det heile tatt. For det meste kan ungane stå der dei badar, men der dei ikkje klarar det, er det fasinerande og fylgja med på framgangen i "symjeferdigheitene".

(å lasta opp filmen var ingen sak, men bileter er det verre med- så eg skal leggja ut litt bileter frå turen når me er atteden i Shanghai)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar