Sider

mandag 19. september 2011

Apekatt på verandaen

I dag spratt Solveig opp av senga og gleda seg voldsomt til å koma til Singapore. Forventningane har blitt bygd opp over tid ettersom me har kikka på bileter av staden me skulle bu på. Shangri-La Rasa Sentosa Resort er som på bileta frå nettsida-ein eventyrplass for oss frå Norge. Me kom hit midt på dagen i dag, etter ein 5 timars flytur (ikkje 6 altså, ein time mindre enn antatt er ganske mykje og så positivt i ein barnefamiliepåtur perspektiv:)). Flyturen gjekk fint og frå flyplassen og ut hit til Sentosa (som er ei øy rett utfor Singapore sentrum) tok det ein liten halvtime med taxi. Når me køyrte over brua for å kome til Santosa såg me lenge eit eventyr-slott, som visstnok er ein del av Universal Studios, noko av det siste som har kome på øya og det skal vere kjempebra (?), me veit ikkje heilt kva det er enno (kino? Fornøyelsespark? Anna?) men det slottet har me frykteleg lyst inni så i løpet av tida her skal me nok finne ut av det. Ellers har eg såvidt byrja å kikke litt i lonely planet, og det ser ut som denne øya har meir enn nok av aktivitetar å tilby i seg sjølv, i tillegg til at me må inn til sentrum og gå i Orchard Road og kanskje sjå på formel 1 som tilfeldigvis er denne helga (?).
Utsikt frå baren eg og ungane tok ein smoothie i i ettermiddag.

Og ja, her spring apekattar (i alle fall ein som me har observert fleire gonger i dag) rundt på/ langs hotellet, og nokre store fuglar som no sit i treet og søv rett framfor oss her, spankulerte tidlegare i dag rundt stolane våre:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar