Sider

torsdag 1. september 2011

Ballett for jenter og gut

Så har Fredrik og byrja i barnehage, eller skule som han og likar best at det heiter (pre-school). No skal han læra seg engelsk og han er nøgd med at han har blitt stor. Planen var at Fredrik skulle byrja 1 november, og då har me snakka om at han må venta litt, til han blir litt større, før han byrjar på skulen. Så blei han plutseleg stor då, når det blei forandring i planen frå den eine dagen til den andre...
Han har vore med kvar dag og levert og henta Solveig, men det var litt mindre stas i dag når han var forberedt på at eg skulle gå ifrå han. Han snakkar sågodt som flytande norsk, så då er det og ein stor omveltning for han at alle andre snakkar engelsk. Det er ikkje med lett hjerte eg gjekk rundt i gatene og venta på at klokka skulle gå til eg kunne henta han... Men det gjekk greit, og så får me håpa her og, at det berre blir betre.

Etter endt skule, var me heima ei stund før det var avreise til dagens høgdepunkt: ballett. Ballettkjole og dansesko fekk Solveig tildelt når me var på plass i rommet med speglar på alle veggar. Det var berre heilt fantastisk å få på seg den kjolen og skoa, og eg er så takknemlig for at det blei fiksa for meg. Ser jo at det hadde vore ein bra nedtur og vore den einaste jenta der utan ekte dansekjole...

Fredrik er jo og med på alt som skjer. Er ingen alternativ med barnevakt, og det var ihvert fall ikkje aktuelt å sitja på fanget mitt... Det var krise ei lita stund då Solveig tok på seg kjole og det ikkje var noko kostyme for han... (eg skjønar han godt eg!), men heldigvis fekk han låna eit ballettskjørt og då var alt bra:)

Det er kjekt å ha litt program om dagen. Lars Petter er på kurs i 12 dagar, og det er lenge! God fantasi er godt å ha. Fredrik fekk gasballong i går, den glapp ut av handa på han og det var svært trist- men no reknar me med at den har flydd til krok, og før i dag hadde Fredrik besøk av Ola og Karin inne på leikerommet- det var ihvert fall dei to som fekk skulda for at eine leiken var blitt vekke...:)




3 kommentarer:

  1. Så søt han var i ballett skjørt ;-) Solveig også da :))
    Fint at Fredrik også har fått plass i barnehagen da, og jeg synes det er tøft gjort av deg å gå fra de en ny, ukjent barnehage i et ukjent land:))
    Klem Eli

    SvarSlett
  2. Herlig Arna. Om ikke DET bildet dukker opp på Fred´s konfirmasjon så skjønner jeg ingen verdens ting ;)

    Hils banden fra regntunge Drammen.


    Jon Birger

    SvarSlett
  3. Så flotte barn i skjørt:))) Håper det går bra i bhg nå! Høres ut som dagene går unna, har du bestemt deg for om du skal studere noe etterhvert? Klem Marion.

    SvarSlett