Sider

søndag 18. september 2011

Mat er vanskeleg i Shanghai

Det som har vore og er den største utfordingen her i Shanghai- er kva kan ein eta og kva ein ikkje ikkje kan eta, trygt- mindre trygt- helsefarleg. Mat har vore eit tema kvar dag etter ankomst, og eg  har brukt mykje tid på å få tak i den maten eg vil. Men takk og pris slepp eg å finne ut av dette sjølv, har vore veldig heldig og møtt mange supre husmødre som har brukt mykje tid på dette før meg:) dog- noko av informasjonen skulle ein kanskje vore for utan... kan bli paranoid som t.d. her eit LITE utdrag av ein mail eg fekk: 

Let's do a quick recap of all the major food safety news so far this
 year: We've got cadmium in our rice, steamed buns that are actually
recycled, "beef" that's actually pork, epilepsy-causing eels, cancer-
 causing fruit juice, cholera-inducing frogs, worm eggs in our mineral
 water, and exploding watermelons. 

Så, kva gjer ein .... Me har ete oss mette kvar dag, mange av dagane har sherpa`en vore her med middag til oss og me blunkar ikkje av å ta ein kaffi eller lunsj ute. Eg prøver å handla maten på dei stadene som har mest vestleg mat, unngår lokale grønnsaksmarknader og  dei som sel varene på gata (men sannsynlegvis kjem grønnsakene i butikken frå same staden som desse... men kanskje dei i butikken blir utsett for mindre varme over tid ihvert fall!)

 Og så slo me fast ved bassengkanten i dag at det går nok bra for oss som er her for kun kort tid. Til lengre ein blir eksponert for det, til verre er det...? nokon innspel?

Når helga er her, prøver me å få snakka med dei heime. Tidsskilnaden gjer at det ikkje alltid klaffar, men her ser de Solveig snakkar med onkel Arild på facetime i går ettermiddag:) Solveig hadde vore i bursdag igjen og valgt ein litt dristigare annsiktsmaling denne gongen.
 Så er me komne på plass i leiligheiten "vår". Etter at eg hadde spurt kvar dag i halvanna veke om det var mogleg å få flytte før 19 september, så var det plutseleg positivt svar fredag ettermiddag. Ungane var trøytte etter barnehagen og Lars Petter kom ikkje heim før seint på kvelden, så då var det for meg og eit par trivelige hjelpara og samla saman alt me hadde og flytta 9 etg lengre ned i blokka... Skikkeleg pes, men no er me på plass og her går ikkje kontrakten ut før om 12 mnd, så neste gong håpar eg flyttinga blir meir planlagt. Hadde tenkt å ta nokon bileter av leiligheiten, men det blei for seint på kvelden og for dårleg lys. Men eit "Shanghai by night" bilete blei det- utsikt frå eit av soveromma:
Så er det sundag kveld, i morgo står klokka på 05.10 (treng sjeldan klokke her i huset, men skal me opp før 6 kan det vera greit...), då går ferden til Singapore. Ein ganske lang tur eigentleg, 6 timar på fly- noko eg ikkje har tenkt så mykje over før no. I staden for å bli att i Shanghai i to veker "åleina" blir me heller med Lars Petter på jobb. Der ventar oss sandstrand, sol, regn og mykje anna eg ikkje veit. Har kjøpt lonley planet Singapore, så håpar å få vera litt turist. Det som sikkert blir veldig greit er at me kan eta og kjøpa mat utan å vera redd for å få eksploderande vannmelonar...:)

1 kommentar:

  1. God tur til Singapore :)
    Hilsen Eli (Svelvik)

    SvarSlett