Sider

tirsdag 27. september 2011

Midt i filmsettet på Universals Studios

Då var dagen endeleg kome til at me skulle ta ein nærmare kikk på "prinsessehuset" som det har vore snakk om kvar einaste dag etter ankomst Sentosa. Det var det fyrste ungane beit seg merke i og forventningane har bygd seg opp ettersom me stendig har køyrt forbi det (ser det godt frå vegen, og frå diverse utsiktspunkt på Sentosa) og det kan ein vel godt forstå når ein ser på bilete... Ser unekteleg ut som eit ekte "prinsesseslott":

Velkommen til Universal Studios Singapore!

Parken er ein fornøyelsespark bygd opp rundt filmane som Universal Studios har produsert. Og når ein gjekk rundt om der, kunne ein til tider føla at ein gjekk midt inne i filmscenar. For dei som har sett og likar "Madagascar" var det imponerande å sjå kva dei hadde å by på frå filmen. Solveig og Fredrik har sett den filmen nokre gonger- så det var god underhaldning for heile familien.

Parken var delt inn i 7 hovudkategoriar, som forutan Madagascar inneholdt bl.a. "Hollywood", "New York", "Sci- Fi City", "Jurassic Park", og "Far Far Away"- der den sist nevnte var dette prinsessehuset. Innimellom her var det flust av souvenirbutikkar og cafe`ar, musikk var det heile heile tida- musikk som passa til den kategorien ein til ei kvar tid var inne i. Så møtte me på Marylin Monroe og diverse andre heltar rundt i gatene:) Som de ser på bilete var det og berg-og-dalbaner. Desse på bileta var Solveig og Fredrik for små til, men me fekk køyrt nokre mindre baner som var ganske så bra- og kjempemorro! Fredrik grein ved kvar stopp då han nekta og gå ut og ville køyre ein runde til. Fredrik har ved nokre anledningar no blitt redd og byrja å grine, under 4D film og i dag då han absolutt skulle ta ein liten karusell åleina- når så karusellen byrja å køyre, var det ikkje så morro alikavel. Men idet filmen er over- eller når karusellen stoppa, er det fyrste han seier at "dette var kjempemorro", og når me så konfronterar han med at han blei redd og grein, så påstår han at han berre later som han griner...:)

Prinsessehuset var kanskje det som såg flottast og mest imponerandes ut frå utsida- men det var ikkje heilt som me hadde tenkt når me kom inn. Me fekk ikkje akkurat gå og vandra omkring inni huset- og det var også dårleg med prinsesser der... Men ein kjempeflott park som nok blir betre og betre ettersom ungane blir litt eldre:)

Her eit bilete av tre-kløveret som får nytta seg mest av bassenget og andre fasilitetar om dagen:
Og sidan det har vore litt problem med å få inn bileter på dei siste bloggane så eit par glimt frå "Underwater World". Fyrst frå delfin og selshowet: 
og her Fredrik inni tunellen der fiskar i alle (ok då, ikkje alle-) storleikar symde rundt:
Til sist eit biltet frå "Singapore Cable Car", som eg, Solveig og Fredrik tok ein tur med forrige veka. Det var høgt opp! og god utsikt. Fekk god oversikt over Sentosa og Singapore city.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar