Sider

mandag 12. september 2011

Tur til Decathlon og Yu Yuan Garden

Då er helga og langfri her i Shanghai over. I dag har det vore nasjonal fridag i Kina, men eg er usikker på om me eigentleg merkar noko skilnad utanom at skulen er stengd. Trafikken er ganske normal utfor vindaugo våre, alle butikkar er opne... Det eg veit er at det er trippel lønn på denne dagen, så kanskje mange ynskjer å få jobbe i dag. 

Sundag starta me dagen med tur til Decathlon,  ein stor sportsbutikk. Der er det meste ein kan ynskja seg av sportsutstyr og klede- til heilt andre prisar enn me er vand med. Vårt oppdrag var rulleskøyter til borna. Det har blitt lova ein større premie ettersom dei har vore så "flinke" på skulen, og det var med stor glede me skulle gå og velja ut dette. Ettersom det er litt begrensa med motoriske utfordringar i form av fjell/ skog/ sykling osv, så har me tenkt at rulleskøyter er flott. Det er tennisbane og basketballbane her me bur, det ser ikkje ut som dei er så veldig opptatt, så der kan me utfolda oss med nytt og fornuftig leiketøy (?). Alternativ er å reisa til ein park for å få asfalt under hjula. Det er mange fine parkar, så etterkvart som me kjem igong og får dreisen på dette, er det eit godt alternativ for oss alle. 

Etter litt shopping skulle turen gå til gamlebyen, noko me trudde var Yu Garden. Etter at eg no i forkant av blogging her prøvde å googla litt på Yu Garden, ser eg at me har bomma litt på sightseeingen vår... Dog, me var ganske nøgde med det me såg og opplevde. Me gjekk gjennom ei gata med mange bodar som solgte større og mindre skattar (kinakjolar, vifter, diverse kunst, te osv) der pruting er nødvendig. Husa på kvar side var slik som eg tenkjer på som "Kinahus".


Det var ei travel gate, bilar, syklar mopedar og masse folk. Tenk om det kunne vore gågate...
Det eg oppdaga no var at staden me og skulle kome til var ein park og sikkert ligg i ei sidegate- eller bakom desse husa ein stad, Yu Yuan Garden. Det er ein stille park, gamle hus som blei bygd for 400 år sidan under Ming-dynastiet. Det hadde passa oss mykje betre enn ei travel og masete handlegate på ein varm sundag. Med andre ord- me driv ikkje med mest research før me dreg på tur... Kanskje me skal forandra på det. Me har fått tips om Lonely Planet Shanghai, så den skal kjøpast ved fyrste moglegheit:) Uansett, så var det artig det me fekk sjå og eg skal definitivt attende for å kjøpa fleire kjolar...:) og Yu Yuan Garden skal me nok få oppleva snart.

Vel heima frå tur, måtte rulleskøyter på med det same.
Solveig såg veldig vaksen ut når alt utsyret kom på...

 -kan ikkje sei det same om Fredrik...:) Det var noko verre for han å halda balansen. Kanskje kjem det snart, ellers så ventar me ei stund og han får hengja med på sparkesykkelen sin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar