Sider

mandag 31. oktober 2011

På tur til kanalby igjen - denne gong Zhouzhuang

Då har me vore til den andre av 5 kanalbyar som er skreve om i Lonely Planet - om dagsturar ut av Shanghai. Den fyrste var Tongli og no altså Zhouzhuang. Sjåføren vår, Leon, meinte at alle desse kanalbyane er "pretty much the same", så han var ganske glad då me ikkje masa på han om å bli med oss denne gongen... 
Zhouzhuang var flott. Det er herligt å kome seg ut av storbyens mas og kjas og være i roligare omgivelsar utan bilar som tutar osv. Her er inngangen til byen (ein av fleire, men det var her me kom inn): 

Byen blei bygd i 1063 e.kr, så den har ein bra alder. Den er nok blitt ganske kommersiell dei siste åra, med salsboder tett i tett langs dei fleste gater, der det meste er typisk turistsouvenirar. Innimellom er det og lokale som sel dagens fangst av fisk, grønnsaker osv.
Det er fleire tempel ein kan vitja og andre bygningar eller diverse museum som er meir eller mindre interesante, me likar best å gå rundt og kikka i gatene og sjå på husa frå utsida. Fiskar var det mykje av her og, dei kjem jo bokstaveleg talt i strie straumar om dei skjønar at det er mogleg å få mat, og dei gapar så ein skulle tru dei ikkje hadde fått mat på lange tider... Veldig stas for ungane:
I denne byen, i motsetning til Tongli, var det heller ikkje mopedar inne i gamlebyen, heilt herligt å vera fri for all den støyen! Båtane som gjekk rundt om i kanalane var og drevne at menneskakraft, så det var ein fryd å ta ein tur. Ikkje berre rodde dei oss rundt, me fekk i tillegg nydeleg song av vår mann- men når han var ferdig og syngja skulle han sjølvsagt ha pengar for den biten...
 Ei av gatene der ein ser korleis kanalen går og får litt inntrykk av salsbodar langsmed:
 Mange flotte bruer å kikke på og gå over.
Etter ein flott dag på tur, avslutta eg, Lars Petter, Oddveig og Siri kvelden med dessert og eit glas vin nede på the Bund. Det er ein "rooftop bar" på toppen av the House of Roosevelt der ein får heilt suveren utsikt over skylinen på Pudong. Det var ein klar og fin kveld som de kan sjå:

søndag 30. oktober 2011

Halloween-feiring og cooking party.

Fredag var det halloween-feiring på skulen til Fredrik og Solveig. Klede blei kjøpt inn og ungane fryda seg. Solveig sa at eg ikkje skulle sagt noko kvelden før (torsdagen) for då gleda ho seg så masse at ho ikkje klarte å sove... Eg hugsar den følelsen:) 
Solveig hadde valget mellom heks eller prinsesse, eg trudde valet skulle bli enkelt (prinsesse), men me skifta nokre gonger før avreise. For Fredrik var det ikkje noko alternativ, han er spiderman: 
 Men det blei prinsessekjolen:
Medan ungane feira halloween på skulen sin, så var eg på cooking party. Vanlegvis er ein med å lagar mat på desse tilstellingane, men denne gongen var jobben å smaka på dei 7 ulike forrettane som arrangøren hadde laga i stand (ei dame frå Tyskland som er her i same ærend som meg, berre at det er på 9. eller 10. året om eg forstod det rett...) samt nyte litt sprudlevin til:) Det var kjempegodt:
Også på dette partyet var ei tidligare nabo av verten invitert til å ha eit lite foredrag om boka ho nett har publisert, "How to not loose face in China". Bok som gjev oss lesare innblikk i kulturforskjellar mellom oss frå "vesten" og kinesarane - og det er ganske store forskjellar! Veldig nyttig foredrag og eg blei inspirert til å lese boka, så eit eksemplar blei mitt med signatur og helsing frå forfattaren.

torsdag 27. oktober 2011

Ettermiddag i Green Valley

Som eg har nevt litt før, så er ayi eit kjent omgrep her. Eg kallar det husmorvikar på godt norsk:). Me har "fått"vår ayi på plass og er no inne i andre veka med slik hjelp i huset. Ho har vore innom oss nokre dagar frå september så borna byrjar å bli kjend med ho, og i dag var fyrste dagen ho skulle henta Solveig og Fredrik på skulen. Eg skulle få med meg ein basar med påfylgjande lunsj, og då er det ikkje nok tid frå 9.30-12 som er vår skuletid fram tom november. Vår ayi, Ni Hong, snakkar ikkje engelsk, kun enkelte ord, men me kommuniserar greit med teiknspråk...(ingen store skader så langt, einaste som har skjedd er at det blei havregraut til lunsj ein dag istadenfor pannekaker...).
Eg var ganske roleg på at hentinga på skulen skulle gå greit, og hadde ein kjempegod lunsj med Janicke og Merethe på "La Crèpere": 
Det som er så flott med å tilbringe tid med damer som har god fartstid i Shanghai, er at eg får mykje nyttig info og tips om Shanghai. Cafe`en me var på i dag og området rundt var kjempeflott, og då veit eg kvar eg skal ta med familien på tur til helga:)

På ettermiddagen var me bedt til Green Valley, heim til Janicke og jenten hennars, på pannekaker. Dei bur i ein compound ca 15-20 min og køyra frå oss, der dei har hus og flotte grøntområder. Ungan tykkjer sjølvsagt det er herligt å koma til slike fasilitetar. Me hadde med oss syklane, men når ein kom dit var det trampolina og springing i hagen som blei mest populært;
 Her er alle borna samla:
 Fredrik står bak huska og jobbar med å få opp farten, frå venstre sit Solveig, Ola (som flytta hit nokre veker etter oss og bur i same høghus som oss, 4 år, og skal etter jul byrje i klassen til Solveig:)), bak Ola sit Sara, så fyljger Håkon og Silje. Det var ikkje ein stor dag for fotografen, det var tilnerma umogeleg å få alle med på eit bilete... men det blir fine minner i minneboka uansett.

Etter mykje leik ute, var det tid for pannekaker, dei smaka kjempegodt!
 Fredrik, Solveig, Sara og Janicke.

Det er heilt supert å kome på besøk til andre og leike med andre sine leiker. Sara har god greie på prinsesser, og desse to jentene har funne kvarandre:
Det er ikkje alltid at gutar slepp inn på jenterommet, men i dag fekk Fredrik og Ola lov å vera innom på ein snarvisitt:)
Takk for ein strålande ettermiddag i Green Valley!!

onsdag 26. oktober 2011

Då har hausten kome til Shanghai

Det er friskt og godt ute og ein bør ha litt meir klede enn shorts og t-skjorte. Så no kryssar me fingrane for at flytteboksane våres kjem snart. Dei ankom Shanghai forrige veka, men kor lenge tollen (eller kven det er ??) skal holda på dei gjenstår og sjå. Fyrst høyrde me 1-2 veker, men siste nytt i dag er 3-4 veker.... Hugsar ikkje kva me pakka, men Fredrik ventar i hvert fall på eit tog og Solveig på bøker og Nemofisken (bamse..), og som sagt ventar eg på litt varmare klede til oss alle...

Dei siste dagane har mammen, pappen og Oddveig vore hjå oss. Det er litt lettare å vite korleis ein skal leggja opp løpet no med tanke på sightseeing då me har hatt besøk forut og byrjar å bli meir og meir kjend i staden. Det er jo ulikt fokus for oss som skal vera her i ein lengre periode, enn dei som kun har to veker på seg. Fyrste dagen i Shanghai for vikjene, var det nydeleg ver og "hop on hop off" buss med stor suksess. Her er dei rett etter at dei har gått på fyrste bussen: 
I dag reiste dei til Beijing med lyntoget som går i 300 km/t (å fly Shanghai- Beijing tek 2 timar, togturen litt mindre enn 5 timar...) På togstasjonen i Beijing skal dei bli møtt av ein norsktalande guide og har fullt program i 3 dagar. Gledar meg til å få rapport derifrå. Ynskjer sjølv å ta turen til Beijing, men ventar kanskje til våren. 

Forrige veka fekk Fredrik og Solveig kvar sin sykkel. Det var stor stas. Dei har nok sakna syklane sine mykje. Så no syklar me rundt og rundt blokkene me bur i, på tennisbana og nede i parkeringsanlegget/ kjellaren. Fredrik er her ein ivrig og stolt syklist: 


mandag 24. oktober 2011

På møbeljakt i Shanghai

Før me reiste til Shanghai solgte me litt møblar på finn.no for å gjera plass til eventuelle kupp frå Kina (!), samt at me tenkte det vil vera veldig kjekt å ha med nokre minner heim frå ein slik periode av livet. Me har vore og kikka i dei møbelbutikkane me har kome over på vår veg, og i nokre av butikkane har me vore fleire gonger... I lengre tid (frå før me reiste til Singapore, så kanskje i 5 veker) har me gått og lurt og tenkt på eit skåp. Det er ein antikvitet, mellom 80 og 100 år gamalt, og deretter litt skavankar. Men me har likt det betre for kvar gong og no står det i leiligheiten vår:) her er det:
Me tenkjer å fortsetje jakten på andre skattar, så får me sjå kva me endar opp med til slutt... Og skulle det vera at me ikkje likar det når me kjem heim, så er det god plass på låven til Sverre...:)

fredag 21. oktober 2011

Gode ting med Shanghai

No har me vore i asia i straks 10 veker og 8 av dei i Shanghai. Byrjar å kome inn i korleis ting og tang fungerar- og ikkje fungerar... Og eg byrjar å få oversikt over kva eg ser på som det beste med Shanghai. Etter å hatt besøk i to veker har me vore mykje turistar sjølv, og det hjelp veldig på for å bli kjend. Fake-markedet var morro og spennande, det bør opplevast om ein kjem hit.

Det er billig med hudpleie, massasje, manikyr/pedikyr,  så om ein reiser hit bør det vera noko ein gjer ein av dei fyrste kveldane - slik at ein rekk å gjera det igjen- og igjen:) Tenk å ha 1 time fotmassasje etter ein lang dag med vandring for under 100 kroner...:)

Det er fredag og helg, i skrivande stund er pappen, mammen og Oddveig på flyet på veg til London, eller kanskje dei allereie er i lufta på veg hit. Gledar oss til nytt besøk!

Nokre bileter frå kvardagen langs gatene her me bur:

Ei som ynskjer å selgja bananer...
Det blir jobba med å betre manerane her i Kina (slik me frå vesten ser på det ...), etter lang tradisjon for å spytta masse og ofte og overalt, prøver ein no og få slutt på det. Las i ei bok at spytting blei sett på som ein måte og rensa kroppen på... Mange stader ser ein dette skiltet: 
Slike små butikkar er det overalt. I mangen av dei kan ein knapt snu seg om ein går inn:
Og lunsjen blir tatt ute på gata: 
Me har framleis god temperatur, 20 +, men det kan bli kjøligt og friskt på kveldane når sola går ned. Ser ut som gode varsel framover, og det trur eg dei reisande frå Vik vil setja pris på. God helg!!

mandag 17. oktober 2011

Ni hao ma? kinesisk er vanskeleg!

Sidan sist har eg vore på 4 kinesisktimar. Det er vanskeleg!! Kanskje det har noko med alder å gjera, men gamle kunstar i pugging sit ikkje lengre. Har høyrt noko om at det er det sama som med alle andre ting- blir betre med trening, så eg får lita på det og håpa på det beste. Har slått meg at eg kanskje heller skal gjera andre ting som ikkje er så krevjande, t.d fotokurs (på engelsk sjølvsagt...) eller gå på nokre forelesningar på engelsk i kinesisk kultur og historie (høyrest det spennande ut? når ein gjekk på ungdomsskulen og kanskje gymnas var det "død og pine", men no hadde det vore heilt supert!)  No må eg gjera lekser og blir litt stressa når eg ikkje har fått øvd nok. Me er ei gruppe på 3 som har starta på "total beginner", der er det ingen moglegheit til å snike seg unna. Det skal vera dialog rundt bordet, og så sit læraren vår og er krass i tilbakemeldingen, no good! Ho er i tillegg songinstruktør og skikkeleg intens når det gjeld uttale... MEN, eg held motet oppe enno. Ser at det kan bli meget nyttig å kunna litt, t.d. på ein intens marked i dag der alle skal selje til deg og pruting er eit must, så var det så mykje meir effektivt å sei "bu shi de" (nei) enn "no" på engelsk som hadde 0 effekt. Så eg trur Berit og Morten skal øva seg på det ordet til dei skal ein ny runde på same marked i morgo:) 

I helga har me vore på tur til to ulike parkar. Sundag var det "Century Park", der me har vore ein gong tidlegare. Det var ein aktivitet som passa for alle. Kan vera ein utfordring og finna noko som er passe for liten og stor, for den shoppingglade, og for den ikkje-shoppingglade... For dei som ynskjer sightseeing og for dei som helst vil gå på cafe...:) Her er me samla på veg inn i parken: 
Century Park har mange ulike syklar til utleige. For oss passa det godt med denne familiesykkelen, og då blei det sjølvsagt konkurranse mellom dei to syklane. Fredrik tykte det var utruleg morro:)
Nokre bileter frå parken: 

Dagane går fort unna. Torsdag reiser Berit, Morten, Sara og Kasper attende til Vik. Det blir trist. Kan bli lenge til me ser dei igjen. Heldigvis kjem det nytt besøk allereie på laurdag.

mandag 10. oktober 2011

Kanalby nummer 1 er ticka av

I boka "The Rough Guide to Shanghai" er det 4 kanalbyar som blir skildra og anbefalt som dagstur frå Shanghai. Me ønska å kome oss ut av byen for å sjå litt anna av Kina, håpa å sjå litt av landsbygda og at det ikkje skulle vera så mykje folk.  I boka står det at ein bør unngå helg og fridagar då det vanlegvis blir særs mykje folk. Søndag var vanleg arbeidsdag her i Kina då dei har hatt fri veka forut (... ), så me satsa på at ikkje så mange tok turen ut av byen denne dagen. 

Me hadde bestilt Leon til å henta oss kl 8. For vikjene som ikkje heilt har kome over jetlaget enno, var det i tidlegaste laget, men skal ein på tur så skal ein på tur. Og det er nok verdt å heller vera litt trøytt om ein kan unngå dei store folkemengdene:) Me kom fram rundt 9.30 og fyrste del av dagen var det bemerkelsesverdig stille og fredeleg i gatene. Me var mest dei einaste som kikka i butikkane og det var ikkje noko mas og kjas frå butikkeigarane om special price osv... Det var mest souvenirbutikkar med ting og tang ein får kjøpt på alle turistplassar, men innimellom kom det enkelte perler som ein keramikkbutikk. Fleire av oss fekk gjordt eit og anna kupp og fekk ein skikkeleg god start på dagen:) Ei av handlegatene: 
Denne gata var ganske brei, dei fleste var mykje smalare og akkurat plass til 2-3 personar i breidden. Det var herligt å vera der då det var så stilt. Ingen bilar som tuta, mopedane laga jo litt lyd, men det var ikkje så mange av dei. Folk flest gjekk eller sykla. 
Eit døme på ei smalare gate: 

Etter at me hadde brukt opp det meste av cashen me hadde med oss (ingen som tok visa der, me fant ein minibank etter ei god stund, men den var kun for kinesiske bankkort), var det tid for å ta ein kikk på kanalane, bruene og museuma som byen er kjend for. Eg las at nokon av bruene i byen er over 1000 år gamle, og den eine hagen, Tuisi Garden, står på UNESCO si lista. 
Veldig beleileg kom det nokre karar med sykkeltaxi i vår veg når me var klare til å leggja ut på tur med kartet i handa. Dei ville sykla oss til 8 av 10 stader som me hadde inngangsbillett til og vente på oss medan me var inne. Dei kunne og stå og vente på oss om me skulle finne på å ha lunsj undervegs. Det likte me godt, og satte oss glade i sykkeltaxien. Eg,Berit og Fredrik i ein av dei, vår sjåfør ropte til mange han køyrte forbi, noko me er heilt sikkre på var: "fy søren så tunge desse folka er, eg klarar mest ikkje å kome av flekken!!" Her avbilda med meg og Fredrik og den spreke sykkelsjåføren:)
Musea me var innom var greie nok, men det var gatene, stemningen i byen og kvardagslivet til dei som budde der som var kjekkast å oppleva. Her er ein av kanalane: 
Og ei av bruene:
Dagen blei avslutta med ein båttur ut til ei lita øy. Ungane gledar seg veldig til å køyre båt, tenkjer nok at båt er lik å køyre slik båt me har (nei- hadde) heima... Var ikkje akkurat ein slik båt. Men me kom oss over eit lite vatn og ut til ein liten holme med eit tempel på, flott hage og masse gullfiskar. Men det er slik etter ein lang dag med mykje inntrykk, så går plutseleg lufta ut av ein og alle ønska seg heim på mest same tidspunkt. Så då var me raske på siste stopp og me hadde framleis god stemning når me satte oss inn i bilen og skulle køyra 8 mil attende til Shanghai. 
Her er gjengen samla (- fotografen Lars Petter), med sjåføren Leon i grønn t-shorte. Han hadde aldri vore i Tongli før. Me masa litt på han til å bli med oss, og det var supert for oss, for det var minimalt med engelskkunnskap rundt omkring og (enno) har me minimalt med kinesisk kunnskap, så Leon som tolk var flott. 
I dag var det attende på skulen for Solveig og Fredrik. Etter tre veker med ferie, så var det litt hardt, men det gjekk fint det og. I morgo startar eg på kinesisk kurs og gledar meg. Berit og familien er no på tur i Beijing, og me har nedteljing til torsdag då dei kjem attende til oss:)

fredag 7. oktober 2011

Sightsing i Shanghai

Det er kjempestas med besøk. Solveig og Fredrik er lukkelige over å ha Sara og Kasper her, og Fredrik kosar slik med Kasper at han blir heilt flau...:) 
Vikjene ankom Shanghai ein halvtime før ruta og var i god form ved ankomst. Etter ei reis som har vara i ca 17 timar var me spente på kva dagen skulle bringa. Reiseruta var:  Vik- Bergen- Amsterdam- Shanghai Pudong Airport- Royal Pavilion, er det eigentleg så lenge med 17 timar?, me snakkar om Kina, på andre sida av jorda. Når me reiser frå Krok til Vik pleier me å bruke mellom 8-9 timar... 

Me starta omvisninga i byen med ein tur på Nanjing Road. Visste ikkje heilt kva som var greit då det er nasjonale fridagar heile veka, og det viste seg at Nanjing Road var eit dårleg val... Masse masse folk. Men me kom oss gjennom gågata, einaste som ikkje orka meir av folkemengden var Fredrik som tok seg ein lur på armen min: 
Nede på The Bund, fekk Sara føle litt på korleis det er å vera kjent og ettertrakta, masse bileter blei det, både ferdig oppstilt der folk har spurt og fått lov:
- men og der folk knipsar i veg utan å spørja. Det var ganske artig for Sara, ei stund...:)

Så var tida inne for å ta turen opp i Shanghai World Financial Center. Det er 474 meter høgt og 100 etasjer. Det har tittelen verdens høgaste bygning i klassen "highest occupied floor" og "high to top of roof". Det er den bygningen som her ser ut som ein korketrekkjar:
Den ser kanskje ikkje så mykje høgare ut enn nabobygningen på dette bilete, men frå toppen (me var heilt på toppen, over den tomme firkanten... Ikkje noko særleg for dei med høgdeskrekk) ser me ned på naboen:
Det var ei oppleving for alle. Fyrste heisen me tok for å komme til toppen, gjekk rett til 95 etasje! deretter var det ein ny heis til etasje 97 så rulletrapp opp dei siste meterane.

Her er besøket samla forut for himmelstigninga, med Oriental Pearl Tower i bakgrunn:

søndag 2. oktober 2011

På sykkeltur i French Concession

Etter ein god del diskusjon for og imot å bruka sykkel som framkomstmiddel, er eg lukkeleg for å kome seirande ut av den diskusjonen:) Me har i dag kjøpt oss 2 nye syklar, Phoenix, til den nette sum av 398 yuan pr stk (365,5 nok). Hurra! Her ser de dei flunkande nye glisa våre:)
Det kjennest skikkeleg godt ut å sykla ute att. I dag var det kring 20 grader, noko regn og ein kald vind- det var og heilt supert. Har hatt varme fuktige dagar sidan 9 august, og tek imot litt skifte i veret med glede. Men får tru det ikkje blir for kaldt for fort. Me har framleis kun sumarklede i hus (flyttelasset våras har me ikkje høyrt noko frå enno) og så får me straks besøk frå Norge- og hadde jo vore godt for dei og få litt god varme i kroppen:)

Etter eit godt sykkelkjøp reiste Lars Petter avgårde for å skaffe sykkelseter. Søkte opp ein Giant sykkelbutikk på google maps og skaffa oss to sykkelseter og ei flott korg til å ha frampå sykkelen til 171 yuan:) Dette kjennest som å handle på europris (for dei som har høyrt reklamen... det er så billig at ein heile tida har pengar att til å kjøpe noko meir). På Giant sykkelbutikken skrudde innehavaren alt av seter og korger på, før har fortsatte på ein anna jobb som venta:
Så var alt klart for å bryta barrieren og leggja ut på sykkeltur:

I Singapore fungerar trafikken og trafikkreglane som heima (forutan at det var venstrekøyring). Her i Shanghai er dei ikkje heilt der enno som tidligare skildra, og eg blir sååå irritert på denne tutinga heile tida! Det var det einaste som var kjipt med å koma attende hit. Greit nok at trafikk er masete og mykje støy, men i tillegg så driv dei og tutar for alt mogleg, for å gje beskjed om at dei kjem, for å gje beskjed om at dei kjem fort (t.d. gjennom eit kryss...) når dei blir irriterte på kvarandre osv.

No er det to netter og ein dag att til Berit, Morten, Sara og Kasper kjem til oss. Det gledar me oss masse-masse til!!

lørdag 1. oktober 2011

Middag med Norway Asia business summit

Då er Singapore eventyret over (for denne gong). Me har no vore i Shanghai nokre timar allereie, ungane har fått havregraut og me vaksne indisk mat frå Sherpas:) No har roen senka seg i heimen, og eg sit for meg sjølv på mac`en og kikkar på bileter frå turen og skriv litt frå dei siste dagane.  No når eg sit her høyrer eg fyrverkeri ute. Det er nasjonal friveka i Kina denne veka som kjem, og ettersom eg har forstått blir det bl.a feira med fyrverkeri, visstnok dag som natt... Søv ikkje med vindauge ope her, så trur ikkje det skal bli noko støyproblem. 

Onsdag kveld tok me heisen opp til 11 etasje på hotellet for å få endå betre utsikt og få tatt nokre bileter. Bak hotellet såg me då ei voldsom røyksky og lurte på kva det var for noko: 
Neste morgon når eg kikka i avisa, så var røykskya fyrstesideoppslag i  "The Straits Times", røykskya kom frå Shell sitt oljeraffineri i Singapore- der brant det... Dagen før hadde eg lest om metroulukke i Shanghai, der 200 var såra og deriblandt 20 kritisk skada. Me har ikkje teke metroen meir enn ein prøvetur enno, som jo imponerte oss over effektivitet og kor nytt og flott det var, og det var på denne linje 10 der ulukka skjedde...

Torsdag tok Lars Petter seg fri frå jobb og me hadde dagen klar for sightseeing. Me var ivrige på å utnytta dagen, så eg hadde meg ei lita treningsøkt før frukost, medan Lars Petter gjekk etterpå, så før 12 var me ferdig trena og bada og klare for nye eventyr. Eg var ivrig etter å ta ein tur inn til sentrum. Hadde lyst å sjå/ gå i Orchard Road, som er Singapore sitt "svar" på Karl Johan. Hadde tenkt at me kunne kikka litt i butikkar og, men det er ikkje noko god ide med alle fire på tur, og denne dagen var dei to gutane i familien ikkje i noko shoppinghumør... Me starta med lunsj på Fridays, deretter delte me oss i guttetur og jentetur. Me jentene kosa oss og kikka på klede- medan gutane ikkje var noko særleg nøgde med denne utflukten. Så etter ein liten time var det å finne fyrste bil attende til Sentosa. Men kjekt å ha vore i hovudgata, og ein får sett mykje av byen på vegen til/frå.
Ettermiddagen hadde me satt av til "Skyride og Luge", luge var gokart- medkan skyride var me ikkje heilt sikre på kva var, trudde kanskje det var to ulike trasear med gokarten, men så visste det seg at skyride var stolheisen opp til starten på gokart bana:) Me lo litt av det, at ein stolheis skulle vera ein så promotert attraksjon, men det vart ein luftig tur og flott utsikt.

Her er me klare for fyrste turen ned:
Etter endt tid på gokartbana, gjekk me langs stranda for å kome attende til hotellet, flott sandstrand der en kan lage fine ting i sanden:)

og så fekk sjå me apekattane denne dagen og:
Det er masse ville apekattar på Sentosa, me såg dei fleire gonger når dei hoppa frå veranda til veranda på hotellet, opp til 20 om gongen. Her leikar dei i skogen heilt nede ved stranda.  Kjempefascinerande å stå og sjå på dei og koma så nært innpå. 

Siste kvelden, fredag, var Lars Petter invitert på middag til ein konferanse holdt av Norway Asia business summit, og eg fekk vera med. Konferansen og middagen var på "The Sentosa", eit hotell som låg på andre enden av øya i forhold til oss. Berre det å vitje dette hotellet var ei oppleving, så anbefalar veldig at de kikkar på linken til hotellet. Oftast er det slik at ting ser flottare ut på bilete enn det er i verklegheita, men dette hotellet var endå flottare i verklegheita. Det var bygningane som imponerte, løysningar og stilen. Legg merke til at det ikkje er veggar- treng ikkje veggar her som det er 32 grader året rundt... 
Fekk inntrykk av at dei som hadde vore på konferansen var godt nøgde med dagens innhald, er interesangt å høyra på diskusjonar som har vore. Det var flest nordmenn som jobbar ulike stader i asia som var der, ulike norske bedrifter, men og fleire ambassadørar. Eg helste såvidt på ambassadøren vår i Bangladesh, det eg merka meg med ho var at ho bar steimsringen:) (ring frå Vik! som og blir kalla sagaringen). Hadde tenkt å høyre om ho hadde noko tilknyting til Vik- eller visste at ringen kom derifrå, men sjansen kom aldri. Det var ein strålande middag, nydeleg mat og herlig norsk song til underhalding undervegs. Men før desserten kom på bordet- midt under ein tale, ringde mobilen min (det er flaut det!!). Hadde den med sidan me hadde ukjente barnevaktar- og det var barnevakten som ringde, så slik sett kunne eg forsvara det. Fredrik var kjempelei seg. Så då sa eg takk for meg og kom meg attende til hotellet vårt på rundt 10 min:)