Sider

onsdag 26. oktober 2011

Då har hausten kome til Shanghai

Det er friskt og godt ute og ein bør ha litt meir klede enn shorts og t-skjorte. Så no kryssar me fingrane for at flytteboksane våres kjem snart. Dei ankom Shanghai forrige veka, men kor lenge tollen (eller kven det er ??) skal holda på dei gjenstår og sjå. Fyrst høyrde me 1-2 veker, men siste nytt i dag er 3-4 veker.... Hugsar ikkje kva me pakka, men Fredrik ventar i hvert fall på eit tog og Solveig på bøker og Nemofisken (bamse..), og som sagt ventar eg på litt varmare klede til oss alle...

Dei siste dagane har mammen, pappen og Oddveig vore hjå oss. Det er litt lettare å vite korleis ein skal leggja opp løpet no med tanke på sightseeing då me har hatt besøk forut og byrjar å bli meir og meir kjend i staden. Det er jo ulikt fokus for oss som skal vera her i ein lengre periode, enn dei som kun har to veker på seg. Fyrste dagen i Shanghai for vikjene, var det nydeleg ver og "hop on hop off" buss med stor suksess. Her er dei rett etter at dei har gått på fyrste bussen: 
I dag reiste dei til Beijing med lyntoget som går i 300 km/t (å fly Shanghai- Beijing tek 2 timar, togturen litt mindre enn 5 timar...) På togstasjonen i Beijing skal dei bli møtt av ein norsktalande guide og har fullt program i 3 dagar. Gledar meg til å få rapport derifrå. Ynskjer sjølv å ta turen til Beijing, men ventar kanskje til våren. 

Forrige veka fekk Fredrik og Solveig kvar sin sykkel. Det var stor stas. Dei har nok sakna syklane sine mykje. Så no syklar me rundt og rundt blokkene me bur i, på tennisbana og nede i parkeringsanlegget/ kjellaren. Fredrik er her ein ivrig og stolt syklist: 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar