Sider

mandag 10. oktober 2011

Kanalby nummer 1 er ticka av

I boka "The Rough Guide to Shanghai" er det 4 kanalbyar som blir skildra og anbefalt som dagstur frå Shanghai. Me ønska å kome oss ut av byen for å sjå litt anna av Kina, håpa å sjå litt av landsbygda og at det ikkje skulle vera så mykje folk.  I boka står det at ein bør unngå helg og fridagar då det vanlegvis blir særs mykje folk. Søndag var vanleg arbeidsdag her i Kina då dei har hatt fri veka forut (... ), så me satsa på at ikkje så mange tok turen ut av byen denne dagen. 

Me hadde bestilt Leon til å henta oss kl 8. For vikjene som ikkje heilt har kome over jetlaget enno, var det i tidlegaste laget, men skal ein på tur så skal ein på tur. Og det er nok verdt å heller vera litt trøytt om ein kan unngå dei store folkemengdene:) Me kom fram rundt 9.30 og fyrste del av dagen var det bemerkelsesverdig stille og fredeleg i gatene. Me var mest dei einaste som kikka i butikkane og det var ikkje noko mas og kjas frå butikkeigarane om special price osv... Det var mest souvenirbutikkar med ting og tang ein får kjøpt på alle turistplassar, men innimellom kom det enkelte perler som ein keramikkbutikk. Fleire av oss fekk gjordt eit og anna kupp og fekk ein skikkeleg god start på dagen:) Ei av handlegatene: 
Denne gata var ganske brei, dei fleste var mykje smalare og akkurat plass til 2-3 personar i breidden. Det var herligt å vera der då det var så stilt. Ingen bilar som tuta, mopedane laga jo litt lyd, men det var ikkje så mange av dei. Folk flest gjekk eller sykla. 
Eit døme på ei smalare gate: 

Etter at me hadde brukt opp det meste av cashen me hadde med oss (ingen som tok visa der, me fant ein minibank etter ei god stund, men den var kun for kinesiske bankkort), var det tid for å ta ein kikk på kanalane, bruene og museuma som byen er kjend for. Eg las at nokon av bruene i byen er over 1000 år gamle, og den eine hagen, Tuisi Garden, står på UNESCO si lista. 
Veldig beleileg kom det nokre karar med sykkeltaxi i vår veg når me var klare til å leggja ut på tur med kartet i handa. Dei ville sykla oss til 8 av 10 stader som me hadde inngangsbillett til og vente på oss medan me var inne. Dei kunne og stå og vente på oss om me skulle finne på å ha lunsj undervegs. Det likte me godt, og satte oss glade i sykkeltaxien. Eg,Berit og Fredrik i ein av dei, vår sjåfør ropte til mange han køyrte forbi, noko me er heilt sikkre på var: "fy søren så tunge desse folka er, eg klarar mest ikkje å kome av flekken!!" Her avbilda med meg og Fredrik og den spreke sykkelsjåføren:)
Musea me var innom var greie nok, men det var gatene, stemningen i byen og kvardagslivet til dei som budde der som var kjekkast å oppleva. Her er ein av kanalane: 
Og ei av bruene:
Dagen blei avslutta med ein båttur ut til ei lita øy. Ungane gledar seg veldig til å køyre båt, tenkjer nok at båt er lik å køyre slik båt me har (nei- hadde) heima... Var ikkje akkurat ein slik båt. Men me kom oss over eit lite vatn og ut til ein liten holme med eit tempel på, flott hage og masse gullfiskar. Men det er slik etter ein lang dag med mykje inntrykk, så går plutseleg lufta ut av ein og alle ønska seg heim på mest same tidspunkt. Så då var me raske på siste stopp og me hadde framleis god stemning når me satte oss inn i bilen og skulle køyra 8 mil attende til Shanghai. 
Her er gjengen samla (- fotografen Lars Petter), med sjåføren Leon i grønn t-shorte. Han hadde aldri vore i Tongli før. Me masa litt på han til å bli med oss, og det var supert for oss, for det var minimalt med engelskkunnskap rundt omkring og (enno) har me minimalt med kinesisk kunnskap, så Leon som tolk var flott. 
I dag var det attende på skulen for Solveig og Fredrik. Etter tre veker med ferie, så var det litt hardt, men det gjekk fint det og. I morgo startar eg på kinesisk kurs og gledar meg. Berit og familien er no på tur i Beijing, og me har nedteljing til torsdag då dei kjem attende til oss:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar