Sider

lørdag 1. oktober 2011

Middag med Norway Asia business summit

Då er Singapore eventyret over (for denne gong). Me har no vore i Shanghai nokre timar allereie, ungane har fått havregraut og me vaksne indisk mat frå Sherpas:) No har roen senka seg i heimen, og eg sit for meg sjølv på mac`en og kikkar på bileter frå turen og skriv litt frå dei siste dagane.  No når eg sit her høyrer eg fyrverkeri ute. Det er nasjonal friveka i Kina denne veka som kjem, og ettersom eg har forstått blir det bl.a feira med fyrverkeri, visstnok dag som natt... Søv ikkje med vindauge ope her, så trur ikkje det skal bli noko støyproblem. 

Onsdag kveld tok me heisen opp til 11 etasje på hotellet for å få endå betre utsikt og få tatt nokre bileter. Bak hotellet såg me då ei voldsom røyksky og lurte på kva det var for noko: 
Neste morgon når eg kikka i avisa, så var røykskya fyrstesideoppslag i  "The Straits Times", røykskya kom frå Shell sitt oljeraffineri i Singapore- der brant det... Dagen før hadde eg lest om metroulukke i Shanghai, der 200 var såra og deriblandt 20 kritisk skada. Me har ikkje teke metroen meir enn ein prøvetur enno, som jo imponerte oss over effektivitet og kor nytt og flott det var, og det var på denne linje 10 der ulukka skjedde...

Torsdag tok Lars Petter seg fri frå jobb og me hadde dagen klar for sightseeing. Me var ivrige på å utnytta dagen, så eg hadde meg ei lita treningsøkt før frukost, medan Lars Petter gjekk etterpå, så før 12 var me ferdig trena og bada og klare for nye eventyr. Eg var ivrig etter å ta ein tur inn til sentrum. Hadde lyst å sjå/ gå i Orchard Road, som er Singapore sitt "svar" på Karl Johan. Hadde tenkt at me kunne kikka litt i butikkar og, men det er ikkje noko god ide med alle fire på tur, og denne dagen var dei to gutane i familien ikkje i noko shoppinghumør... Me starta med lunsj på Fridays, deretter delte me oss i guttetur og jentetur. Me jentene kosa oss og kikka på klede- medan gutane ikkje var noko særleg nøgde med denne utflukten. Så etter ein liten time var det å finne fyrste bil attende til Sentosa. Men kjekt å ha vore i hovudgata, og ein får sett mykje av byen på vegen til/frå.
Ettermiddagen hadde me satt av til "Skyride og Luge", luge var gokart- medkan skyride var me ikkje heilt sikre på kva var, trudde kanskje det var to ulike trasear med gokarten, men så visste det seg at skyride var stolheisen opp til starten på gokart bana:) Me lo litt av det, at ein stolheis skulle vera ein så promotert attraksjon, men det vart ein luftig tur og flott utsikt.

Her er me klare for fyrste turen ned:
Etter endt tid på gokartbana, gjekk me langs stranda for å kome attende til hotellet, flott sandstrand der en kan lage fine ting i sanden:)

og så fekk sjå me apekattane denne dagen og:
Det er masse ville apekattar på Sentosa, me såg dei fleire gonger når dei hoppa frå veranda til veranda på hotellet, opp til 20 om gongen. Her leikar dei i skogen heilt nede ved stranda.  Kjempefascinerande å stå og sjå på dei og koma så nært innpå. 

Siste kvelden, fredag, var Lars Petter invitert på middag til ein konferanse holdt av Norway Asia business summit, og eg fekk vera med. Konferansen og middagen var på "The Sentosa", eit hotell som låg på andre enden av øya i forhold til oss. Berre det å vitje dette hotellet var ei oppleving, så anbefalar veldig at de kikkar på linken til hotellet. Oftast er det slik at ting ser flottare ut på bilete enn det er i verklegheita, men dette hotellet var endå flottare i verklegheita. Det var bygningane som imponerte, løysningar og stilen. Legg merke til at det ikkje er veggar- treng ikkje veggar her som det er 32 grader året rundt... 
Fekk inntrykk av at dei som hadde vore på konferansen var godt nøgde med dagens innhald, er interesangt å høyra på diskusjonar som har vore. Det var flest nordmenn som jobbar ulike stader i asia som var der, ulike norske bedrifter, men og fleire ambassadørar. Eg helste såvidt på ambassadøren vår i Bangladesh, det eg merka meg med ho var at ho bar steimsringen:) (ring frå Vik! som og blir kalla sagaringen). Hadde tenkt å høyre om ho hadde noko tilknyting til Vik- eller visste at ringen kom derifrå, men sjansen kom aldri. Det var ein strålande middag, nydeleg mat og herlig norsk song til underhalding undervegs. Men før desserten kom på bordet- midt under ein tale, ringde mobilen min (det er flaut det!!). Hadde den med sidan me hadde ukjente barnevaktar- og det var barnevakten som ringde, så slik sett kunne eg forsvara det. Fredrik var kjempelei seg. Så då sa eg takk for meg og kom meg attende til hotellet vårt på rundt 10 min:) 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar