Sider

mandag 17. oktober 2011

Ni hao ma? kinesisk er vanskeleg!

Sidan sist har eg vore på 4 kinesisktimar. Det er vanskeleg!! Kanskje det har noko med alder å gjera, men gamle kunstar i pugging sit ikkje lengre. Har høyrt noko om at det er det sama som med alle andre ting- blir betre med trening, så eg får lita på det og håpa på det beste. Har slått meg at eg kanskje heller skal gjera andre ting som ikkje er så krevjande, t.d fotokurs (på engelsk sjølvsagt...) eller gå på nokre forelesningar på engelsk i kinesisk kultur og historie (høyrest det spennande ut? når ein gjekk på ungdomsskulen og kanskje gymnas var det "død og pine", men no hadde det vore heilt supert!)  No må eg gjera lekser og blir litt stressa når eg ikkje har fått øvd nok. Me er ei gruppe på 3 som har starta på "total beginner", der er det ingen moglegheit til å snike seg unna. Det skal vera dialog rundt bordet, og så sit læraren vår og er krass i tilbakemeldingen, no good! Ho er i tillegg songinstruktør og skikkeleg intens når det gjeld uttale... MEN, eg held motet oppe enno. Ser at det kan bli meget nyttig å kunna litt, t.d. på ein intens marked i dag der alle skal selje til deg og pruting er eit must, så var det så mykje meir effektivt å sei "bu shi de" (nei) enn "no" på engelsk som hadde 0 effekt. Så eg trur Berit og Morten skal øva seg på det ordet til dei skal ein ny runde på same marked i morgo:) 

I helga har me vore på tur til to ulike parkar. Sundag var det "Century Park", der me har vore ein gong tidlegare. Det var ein aktivitet som passa for alle. Kan vera ein utfordring og finna noko som er passe for liten og stor, for den shoppingglade, og for den ikkje-shoppingglade... For dei som ynskjer sightseeing og for dei som helst vil gå på cafe...:) Her er me samla på veg inn i parken: 
Century Park har mange ulike syklar til utleige. For oss passa det godt med denne familiesykkelen, og då blei det sjølvsagt konkurranse mellom dei to syklane. Fredrik tykte det var utruleg morro:)
Nokre bileter frå parken: 

Dagane går fort unna. Torsdag reiser Berit, Morten, Sara og Kasper attende til Vik. Det blir trist. Kan bli lenge til me ser dei igjen. Heldigvis kjem det nytt besøk allereie på laurdag.

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for inntrykk, bilete, tekst og tankar du gir venen!!! De er så flinke på alle vis! kjekt med besøk og då!! godt ver og skikkelege turistar!
    SKjønar godt det er hardt med skule...men sikkert lurt å halda fram ja...STAO PAO!!!
    Hadde besøk av Turid/sigrid/brita + Gonil/karin + Reidunn på laurdag - såååå kjekt!!!!
    Blir godt å få dykk attende om 2,5 år...!!!!!
    Helsa alle! god klem

    SvarSlett
  2. Takk for det Kari Anne:) spent på å høyre om livet på landet for din del! jobben? Så kjekt med besøk frå Vik då. Eg gledar meg til å sjå heimen dykkars. Berre vent og sjå, me kjem heim att før du anar....Klem

    SvarSlett