Sider

søndag 2. oktober 2011

På sykkeltur i French Concession

Etter ein god del diskusjon for og imot å bruka sykkel som framkomstmiddel, er eg lukkeleg for å kome seirande ut av den diskusjonen:) Me har i dag kjøpt oss 2 nye syklar, Phoenix, til den nette sum av 398 yuan pr stk (365,5 nok). Hurra! Her ser de dei flunkande nye glisa våre:)
Det kjennest skikkeleg godt ut å sykla ute att. I dag var det kring 20 grader, noko regn og ein kald vind- det var og heilt supert. Har hatt varme fuktige dagar sidan 9 august, og tek imot litt skifte i veret med glede. Men får tru det ikkje blir for kaldt for fort. Me har framleis kun sumarklede i hus (flyttelasset våras har me ikkje høyrt noko frå enno) og så får me straks besøk frå Norge- og hadde jo vore godt for dei og få litt god varme i kroppen:)

Etter eit godt sykkelkjøp reiste Lars Petter avgårde for å skaffe sykkelseter. Søkte opp ein Giant sykkelbutikk på google maps og skaffa oss to sykkelseter og ei flott korg til å ha frampå sykkelen til 171 yuan:) Dette kjennest som å handle på europris (for dei som har høyrt reklamen... det er så billig at ein heile tida har pengar att til å kjøpe noko meir). På Giant sykkelbutikken skrudde innehavaren alt av seter og korger på, før har fortsatte på ein anna jobb som venta:
Så var alt klart for å bryta barrieren og leggja ut på sykkeltur:

I Singapore fungerar trafikken og trafikkreglane som heima (forutan at det var venstrekøyring). Her i Shanghai er dei ikkje heilt der enno som tidligare skildra, og eg blir sååå irritert på denne tutinga heile tida! Det var det einaste som var kjipt med å koma attende hit. Greit nok at trafikk er masete og mykje støy, men i tillegg så driv dei og tutar for alt mogleg, for å gje beskjed om at dei kjem, for å gje beskjed om at dei kjem fort (t.d. gjennom eit kryss...) når dei blir irriterte på kvarandre osv.

No er det to netter og ein dag att til Berit, Morten, Sara og Kasper kjem til oss. Det gledar me oss masse-masse til!!

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett