Sider

mandag 31. oktober 2011

På tur til kanalby igjen - denne gong Zhouzhuang

Då har me vore til den andre av 5 kanalbyar som er skreve om i Lonely Planet - om dagsturar ut av Shanghai. Den fyrste var Tongli og no altså Zhouzhuang. Sjåføren vår, Leon, meinte at alle desse kanalbyane er "pretty much the same", så han var ganske glad då me ikkje masa på han om å bli med oss denne gongen... 
Zhouzhuang var flott. Det er herligt å kome seg ut av storbyens mas og kjas og være i roligare omgivelsar utan bilar som tutar osv. Her er inngangen til byen (ein av fleire, men det var her me kom inn): 

Byen blei bygd i 1063 e.kr, så den har ein bra alder. Den er nok blitt ganske kommersiell dei siste åra, med salsboder tett i tett langs dei fleste gater, der det meste er typisk turistsouvenirar. Innimellom er det og lokale som sel dagens fangst av fisk, grønnsaker osv.
Det er fleire tempel ein kan vitja og andre bygningar eller diverse museum som er meir eller mindre interesante, me likar best å gå rundt og kikka i gatene og sjå på husa frå utsida. Fiskar var det mykje av her og, dei kjem jo bokstaveleg talt i strie straumar om dei skjønar at det er mogleg å få mat, og dei gapar så ein skulle tru dei ikkje hadde fått mat på lange tider... Veldig stas for ungane:
I denne byen, i motsetning til Tongli, var det heller ikkje mopedar inne i gamlebyen, heilt herligt å vera fri for all den støyen! Båtane som gjekk rundt om i kanalane var og drevne at menneskakraft, så det var ein fryd å ta ein tur. Ikkje berre rodde dei oss rundt, me fekk i tillegg nydeleg song av vår mann- men når han var ferdig og syngja skulle han sjølvsagt ha pengar for den biten...
 Ei av gatene der ein ser korleis kanalen går og får litt inntrykk av salsbodar langsmed:
 Mange flotte bruer å kikke på og gå over.
Etter ein flott dag på tur, avslutta eg, Lars Petter, Oddveig og Siri kvelden med dessert og eit glas vin nede på the Bund. Det er ein "rooftop bar" på toppen av the House of Roosevelt der ein får heilt suveren utsikt over skylinen på Pudong. Det var ein klar og fin kveld som de kan sjå:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar