Sider

mandag 28. november 2011

Utsikt frå kontor/ gjesterom

Når eg sit på kontoret/ gjesterommet har eg denne utsikten: 
Lengst bak i bilete ser de Shanghai World Financial Center som er 474 m høgt. Den andre høge bygningen attmed er Jin Mao Tower. Mellom desse to høge husa vil det om to år stå ein ny skyskrapar som vil vera 200 m høgare enn SWFC, altså nærare 700 m! Bygginga er i god gang, så om ikkje så alt for lenge kan me sjå den byrja å vokse herifrå....




søndag 27. november 2011

Solveig har hatt overnattingsbesøk

I går var Solveig så heldig og få besøk av Sara som skulle overnatta hjå oss. Utover kvelden steig stemninga veldig, og ved leggjetider var humøret og leiken på topp. Jentene ordna til på rommet, og fekk stadig nye 10 min av mammaene for å bli stille- og sova... Når det så var på tide å bli skikkeleg streng, var jentene så svoltne at dei trengde litt nattmat, så då blei det pizza på senga: 
Klokka blei mest 22 før jentene sovna, men det var ingen tid å miste, så i 5 tida i dag måtte ein av dei på do og deretter var leiken igong...

Etter at me trudde hausten var kome for alvor, og kanskje vinteren og, så har værgudane igjen snudd. I dag var det 20 grader i skuggen og sikkert 25 + i sola. Klart ver og sol. Ein god norsk sumardag med andre ord... Så då passa det godt med ein tur til Tiyu Park, ca 20 min køyring frå oss. Me hadde med syklane:


 og det var ein stor park for dei minste å boltra seg i (dog- masse masse born...)

fredag 25. november 2011

På besøk til barneheim

Klubb Norge Shanghai vitjar ein barneheim regelmessig, ein prøver å få det til annakvar fredag. Av ulike årsaker så har det ikkje latt seg gjera for meg å bli med før, men i dag blei eg med. Sidan Solveig og Fredrik hadde fri får skulen i dag (planleggjingsdag), så var dei så heldige å få vera hjå Ola, Håkon og mammen deiras Siri. 

Eg har tenkt mykje på barneheimen og grua meg masse for å reise dit. Kan vel sei at det blei akkurat slik eg hadde tenkt (frykta...). Men ein må berre tru og håpa at det gjer ein forskjell for desse borna at me kjem dit. Eg har ikkje noko fakta om barneheimen forutan det eg såg sjølv. Men det er barn i alle aldra der, dei minste nokre månadar gamle, og dei eldste - vaksne 15-20 år? Ingen der snakkar engelsk, så det blir ikkje noko samtale med ansatte. 

I dag kom me dit klokka 10, då gjekk me inn på eit av romma der det var born i alderen frå ca 6 mnd til 1,5 år (gjetting). Der var det kanskje 20 sprinkelsenger på rekke og rad, ei rad med babystolar, nokre få kvaderatmeter med plass for leik (?) og eit bord og mange små stolar. Såg ut som det var to vaksne som jobba på dette rommet. Me snakka med borna, tok dei opp av sengene, bar på dei og var med å gav mat. 

Ute i gangen stod ein gut og kikka inn på oss mykje av tida: 
                                                
Etter at alle borna hadde fått mat og ny bleie, så blei dei lagt i seng for å sove, og me forstod at me ikkje var ønska der lengre. På veg ut stoppa eg og snakka med guten som hadde kikka på oss lenge. Han smila men prata ikkje noko. Han var tydeleg veldig glad og stolt av kanina han gjekk og bar på. Den vinka til meg når eg gjekk:
Av borna me møtte i dag, så var det nok mange som hadde ein eller anna form for annarleisheit... Var fleire med down syndrom, blinde og ulike former for funksjonshemningar (eller det kan godt henda mykje av det eg såg eigentleg var feilbehandling, ingen behandling eller understimulering). 

Det gjer sterkt inntrykk, det er slik at det nesten ikkje er til å bæra at nokon born har det slik... 

torsdag 24. november 2011

På handling i Wulumuqi Road

Tysdagar og torsdagar er det hektisk program på morgonen. Me jobbar hardt for å vera på skulen til opningstida som er 9 (ikkje at me søv så lenge akkurat... men merkeleg så godt leiken går og kor mykje ein skal gjera akkurat rundt avreisetidspunkt). Ut av leiligheita kranglar me fyrst om kven som skal trykke på heisen i gangen- deretter kven som skal trykke på knappen inni heisen før det til slutt er kamp om å trykke på ein knapp nede i resepsjonsområdet for å kome oss ut.... 

Vel levert på skulen, så er det kinesisk kurs for meg som byrjar 9.30. Eg kjem alltid litt for seint. Det er ikkje så stort område å forflytta seg på, men det er så mykje trafikk og ting-tek-tid i Shanghai. Eg har ikkje møtt så godt forberedt på nokon kinesisk timar enno, dessto kjekkare denne veka då me har lært om tal, klokke, dato og dagar. Endeleg noko som var "lett" å hugse- som det var ein link mellom:) Vekedagane og månane har ikkje navn som hjå oss, dei brukar tal (mandag og januar er 1, tysdag og februar 2 osv- ). Litt etter 11 pustar me letta ut over at klassen er over, og i dag som det er torsdag- så er det lenge til neste gong...  

Så er det henting av Solveig og Fredrik. Då går eg langs Wulumugi Road. Det er ei gata med særs mykje traffikk, blandt anne to sjukehus som gjer at det stendig blir trafikk kaos- i våras auge. Her er det meir eller mindre vanleg at 5-6 bilar blir ståande midt i krysset, alle står på krava og ingen flyttar seg så nokon kan kome fram, så køyrer mopedane og syklistane i slalom forbi, og fotgjengarane finn si rute. Det er fasinerande å sjå på - når ein ikkje har det travelt sjølv. Langsmed vegen her er det små butikkar av alle slag, frisør, restaurantar, kafear, diverse matutsal, frukt, røyrleggar, apotek osv. Mange små butikkar som det er morosamt å kikke inn i- og andre som eg helst unngår og kikke så mykje på. Det er fiskebutikkar/ sjømat, her ser de levande krabbar ferdig vaske og putta i flotte grøne posar som sild i tønne (-eller krabbe i posar... ). Eg er usikker på om dei skal distrubierast vidare, eller om det står på gata og er for sal: 
Det er massevis av frukt og grønt utsal, her er ein av dei betre (?), som har godt rykte på seg, "The Avokado Lady". I tillegg til frukt har ho mykje vestlege varer - som me er veldig glade for å finna:) Og så har ho kalkunn til sals for tida...
 Det er trangt om plassen inni butikken, men også på fortauet. Butikken har varer eit godt stykkje ut på fortauet, der alle skal gå, og mopedar skal koma forbi...

mandag 21. november 2011

Perfect perfect chinglish

Det er stadig interesante skilt å koma over. Nokon gjev meir meining enn andre og andre gir mindre meining enn nokon, men dette "company" er i hvert fall perfekt:
Og korleis var det no igjen, billigt eller dyrt med fake? Og kven er det som får 1000 dollar i bot?
Eg har høyrt at kinesarane er direkte, pakkar ikkje orda inn så mykje: 
Ein annan butikk eg gjekk forbi på fabric marked heitte "Fat Lady", der gjekk eg ikkje inn!!

lørdag 19. november 2011

Kle fra skreddaren

Det er skreddara overalt, i kvar ei gata og på mange marked. På eit av dei mange markeda: "The South Bund Tailor Marked" er det sikkert bortimot 500 ulike skreddara / butikkar. Så å velja ut ein av desse for å sy klede til akkurat meg- er som å trekke lodd... Eg har prøvd lykken, fått sydd meg nokre skjorter og ein kjole. Her viser eg fram tre nye plagg:) 

<a href="http://www.blogglisten.no"><img src="http://www.blogglisten.no/connect/fa20dd7ee8c54a379a59b7658eec13d0" alt="Blogglisten" /></a>

fredag 18. november 2011

Ein kvil midt på dagen.

Me står mest alltid opp for tidleg, og det kunne ofte vore godt med ein kvil midt på dagen... Det er sikkert det kinesarane tykkjer og, men dei tek seg ein kvil når det passar. Om dei jobbar i butikk:
eller feiar gatene:
så er det godt med ein pause. Me ser dei som sit og søv overalt. I kjøpesenter, på gatene, i butikkar osv. Sjåføren vår som har mykje døtid- ventar og ventar- har og eit godt sovehjerta. Då er det morro for Solveig og Fredrik og banka på ruta og vekka.

Middag ute kvar dag

God fredag! Det er når helga kjem at det er mest vanleg å gå ut på middag kanskje, no er det fredag og denne veka har eg allereie vore ute på middag 3 kveldar. Det har ikkje blitt seinare enn 22.30 nokon av dei, men det er så kjekt å forlate heimen for nokre timar og nyte god mat og drikke og godt selskap.

Mandag reiste me tre norske på barneklesmarkedet, marked under jorda med mange-mange- mange butikkar, frå 2-til kanskje 30 kvm. Det er slik her i Shanghai (Kina reknar eg med.. på allle dei større stadene) at det er eit eige marked for det meste, eg veit om dette barneklesmarkedet, det er blomstermarked, brillemarked, fakemarked, silkemarked osv. Der er det moglegheit for å gjere gode kjøp, eller føle seg skikkeleg lurt etterpå. Ettersom fartstida i slike butikkar byrjar å auke, veit eg meir kva eg skal betale for ting og prutetida blir ikkje så lang... Etter litt handling avslutta me kvelden på ein thailands restaurant Mai Thai, i ei gate nær oss.

Tysdag hadde ein av mammaene frå "Turtle"- klassen, det er klassen til Fredrik, tatt initiativ til å treffast ute. Der var me 9 damer og representerte 8 ulike nasjonar: Norge, Nederland, Tyskland, Brasil, England, Kina, Australia og Frankrike. På mange områder er det tydeleg at me kjem frå ulike kulturar, men samstundes er det og mykje likt. Om eg ikkje blir så god på kinesisk, så får eg praktisert engelsk kvar dag ihvert fall:)

Onsdag var det "Norwegian Seafood Dinner" på JW Marriott Tomorrow Square. Litt av ein bygning dette hotellet, på dagtid ser det slik ut:
                                         
På kvelden er det ein lyssetting som gjer bygningen endå meir spektaktulær og for meg ser det ut som ein rakett som er i ferd med å ta av. Norwegian Seafood Dinner er for å promotera norsk sjømat. Ettersom sjømat ikkje er det som fristar mest av den kinesiske maten, så var det herligt med mat som garantert var norsk. Det var alt ein kan tenkja seg av sjømat, og ved buffe`en sto kjendiskokk Øyvind Naesheim, og serverte suppe og hadde eit par levande kongekrabbar med seg.

lørdag 12. november 2011

Disney on Ice at Mercedes-Benz Arena

I dag har jentene i familien vore og sett på Disney on ice, medan gutane var med dit forestillinga var for å sjå på bygningar og ellers området rundt. Kven som hadde det kjekkast skal vera usagt, men begge partar hadde ein god dag med mange nye inntrykk:) 
Disney on Ice showet var på Mercedes-Benz Arena. Det er ein bygning som opna i 2010 og var hovudsete for Expo her i Shanghai same år. Her er den flygande tallerkenen...?:
Her er mest akkurat same bilete, men for dei med godt syn, så kan de sjå Fredrik stå på hovudet i framgunnen:) 
Fredrik fant og ein skog av bambus som han hadde god tid til å jobbe med (å rive ned) medan me jentene var på show: 
Disney showet var noko uventa på kinesisk... Så i løpet av forestillinga så skjøna eg kanskje 5 ord som blei sagt. Men det var eit is og danseshow så det var greit, og for jentene i fylgje hadde det ikkje så mykje å sei. Dei tykte det var kjempestas å sjå alle dei ulike prinsessene, Donald, Minni, Pluto osv. Solveig stilte korrekt antrukket i sin prinsessekjole i anledning dagen, og når me kom ut var det så sterk sol at solbrillene måtte på:
Det har i dag vore ein strålande dag, 21 grader og sol- men ikkje frå skyfri himmel akkurat. Det er ein dis som ligg over byen kvar dag no, og det er vel ikkje å koma ifrå at me no er inni i dei tre verste månadane med tanke på luftkvalitet... 

onsdag 9. november 2011

Bleieslutt i Kina.

Har høyrt og lest om at i Kina så sluttar ungane med bleier før dei rundar året. Har tenkt at så flott!, korleis klarar dei det?, så miljøbesparande! osv. Har og tenkt at me i Norge kanskje burde gjera ein større innsats tidlegar med bleieslutt av mange gode grunnar. Etter å ha budd her i nokre månedar, så har eg sett "korleis" dette fungerar- dette med bleieslutt tidleg. MANGE born går med buksar som her på bilete (i alder frå spedbarn opptil 4-5): 
Rett og slett med hol i buksa heile vegen der bleia skulle vore. Sikkert fint og greit på summaren- men eg har blitt fortalt at slik er det og på den kaldare halvdelen av året- noko som ikkje er like varmt for dei små rumpene. Må dei på do- så går dei på do akkurat der dei er. Om foreldra blir oppmerksomme på det i tide- så prøver ein å leggja eit papir under for lettare å fjerna det etterpå- men oppdagar dei det for seint- så er opprydningarbeidet litt kjipare... om det blir rydda opp i det heile tatt.

mandag 7. november 2011

Fire små kokker lagar pizza.

Så var kvardagen komen til oss. I går reiste mammen, pappen og Oddveig attende til Norge, og det var frykteleg trist. Den som tok det tyngst var Fredrik. Han var sikker på at han skulle få vera med besten heim,  spratt fyrst inn i bilen når Leon kom for å køyra til flyplassen... 
Fredrik var trist igår, og morgonen i dag var kjip då det ikkje var nokon å vekka. I tillegg er både Solveig og Fredrik ikkje heilt i slag, hatt feber og vond hoste, så i dag blei det ikkje noko skule på dei. Heldigvis er me så heldige å ha gode naboar å leika med. Ola og Håkon, som bur 4 etasjer over oss, var heima og ville gjerne leika sjølv om formen vår ikkje var på topp. Mammaen deiras, Siri, laga pizzadeig og så fekk alle borna laga kvar sin pizza til lunsj. Her ser de fire ivrige pizzabakara:  



Lars Petter har vore ein snartur i Norge og på Krok. No er han attende i asia, men skal vera ei veka i Japan før me ser han. Så håpar me på ei god natts søvn og friske ungar i morgo- så ungane kan gå på skulen sin og eg kan gå på kinesisk kurset mitt. 

lørdag 5. november 2011

Middag på Kagen Teppanyaki.

Fredagskvelden var det tid for å gå ut på ein japansk teppanyaki restaurant. Eg blei introdusert for denne type restaurant for 2 veker sidan- og hadde då ikkje høyrt om det forut...? Det freista absolutt til gjentakelse, så fredag kveld tok eg, Oddveig og Siri turen nedover i French Concession og til Kagen Teppanyaki
Det fungerar slik at kokken står ved bordet og tilbredar den maten som skal gjerast noko med (steiker biff, fisk, grønsaker, lagar små flotte kunstverk av kjøtt og grønsaker osv) på ei stor steikeplate, så sit me som skal eta rundt. Kokken gjer jobben på eit vis, så det er ein fryd og sitja å sjå på, og maten var berre heilt super. Eit par bileter frå måltidet: 


onsdag 2. november 2011

"Hopp og sprett" i Green Valley.

Kvar tysdag så treffest me, nokre norske familiar, til "hopp og sprett" samling. Det byrja med ballett, men hverken eg eller Janicke (hopp og sprett gründera) er ihuga ballettdansara, så då fant me ut at dette navnet passa oss mykje betre- samt at innhaldet då blei meir presist. Det er songleikar, norsk folkedans (Per speleman), litt koordinasjon med ball, raudt lys, bro-bro brille osv, men mest av alt sosialt samvær for store og små. Me byrja å vera hjå oss her i Royal Pavillion. Me har eit flott aerobic rom i kjellaren, med masse speglar som er populært blandt dei som har på ballettkjolar. Men sidan det framleis er så herligt ver og at dei som bur i Grenn Valley har sååå stor og flott hage, fant me ut at i norsk ånd, så legg me timen ute så lenge det let seg gjera. Her er nokon små glimt frå gårsdagens samling: 

Det var eit forsøk på å springe fram og rygge attende...
I går var me 4 norske familiar, 8 born i alder +/- 2-4 år. Etter hopp og sprett var det felles middag og is til dessert. Ein heilt strålande ettermiddag for alle!