Sider

fredag 18. november 2011

Middag ute kvar dag

God fredag! Det er når helga kjem at det er mest vanleg å gå ut på middag kanskje, no er det fredag og denne veka har eg allereie vore ute på middag 3 kveldar. Det har ikkje blitt seinare enn 22.30 nokon av dei, men det er så kjekt å forlate heimen for nokre timar og nyte god mat og drikke og godt selskap.

Mandag reiste me tre norske på barneklesmarkedet, marked under jorda med mange-mange- mange butikkar, frå 2-til kanskje 30 kvm. Det er slik her i Shanghai (Kina reknar eg med.. på allle dei større stadene) at det er eit eige marked for det meste, eg veit om dette barneklesmarkedet, det er blomstermarked, brillemarked, fakemarked, silkemarked osv. Der er det moglegheit for å gjere gode kjøp, eller føle seg skikkeleg lurt etterpå. Ettersom fartstida i slike butikkar byrjar å auke, veit eg meir kva eg skal betale for ting og prutetida blir ikkje så lang... Etter litt handling avslutta me kvelden på ein thailands restaurant Mai Thai, i ei gate nær oss.

Tysdag hadde ein av mammaene frå "Turtle"- klassen, det er klassen til Fredrik, tatt initiativ til å treffast ute. Der var me 9 damer og representerte 8 ulike nasjonar: Norge, Nederland, Tyskland, Brasil, England, Kina, Australia og Frankrike. På mange områder er det tydeleg at me kjem frå ulike kulturar, men samstundes er det og mykje likt. Om eg ikkje blir så god på kinesisk, så får eg praktisert engelsk kvar dag ihvert fall:)

Onsdag var det "Norwegian Seafood Dinner" på JW Marriott Tomorrow Square. Litt av ein bygning dette hotellet, på dagtid ser det slik ut:
                                         
På kvelden er det ein lyssetting som gjer bygningen endå meir spektaktulær og for meg ser det ut som ein rakett som er i ferd med å ta av. Norwegian Seafood Dinner er for å promotera norsk sjømat. Ettersom sjømat ikkje er det som fristar mest av den kinesiske maten, så var det herligt med mat som garantert var norsk. Det var alt ein kan tenkja seg av sjømat, og ved buffe`en sto kjendiskokk Øyvind Naesheim, og serverte suppe og hadde eit par levande kongekrabbar med seg.

2 kommentarer:

  1. Nå har jeg lest det første og det siste innlegget i bloggen din, og jeg får ta det som er i midten når vi kommer til Lanzarote. Reiser dit på mandag og skal være der i fire uker. Vi har vært en del ganger i Japan, og det er også en veldig annerledes kultur, ligner kanskje litt på Kina selv om japanere aldri i verden vil innrømme det.

    SvarSlett
  2. Hei, håpar Lanzarote er bra! Kjekt å lesa på bloggen din. Kina er spennande, anleis, irriterande, kjekt osv.. det er interesant å vera her over tid, får ein anna inntrykk enn å vera her som turist trur eg (både på godt og vondt). Eg har ikkje vore i Japan enno, men trur me skal få det til i løpet av oppholdet her.

    SvarSlett