Sider

fredag 25. november 2011

På besøk til barneheim

Klubb Norge Shanghai vitjar ein barneheim regelmessig, ein prøver å få det til annakvar fredag. Av ulike årsaker så har det ikkje latt seg gjera for meg å bli med før, men i dag blei eg med. Sidan Solveig og Fredrik hadde fri får skulen i dag (planleggjingsdag), så var dei så heldige å få vera hjå Ola, Håkon og mammen deiras Siri. 

Eg har tenkt mykje på barneheimen og grua meg masse for å reise dit. Kan vel sei at det blei akkurat slik eg hadde tenkt (frykta...). Men ein må berre tru og håpa at det gjer ein forskjell for desse borna at me kjem dit. Eg har ikkje noko fakta om barneheimen forutan det eg såg sjølv. Men det er barn i alle aldra der, dei minste nokre månadar gamle, og dei eldste - vaksne 15-20 år? Ingen der snakkar engelsk, så det blir ikkje noko samtale med ansatte. 

I dag kom me dit klokka 10, då gjekk me inn på eit av romma der det var born i alderen frå ca 6 mnd til 1,5 år (gjetting). Der var det kanskje 20 sprinkelsenger på rekke og rad, ei rad med babystolar, nokre få kvaderatmeter med plass for leik (?) og eit bord og mange små stolar. Såg ut som det var to vaksne som jobba på dette rommet. Me snakka med borna, tok dei opp av sengene, bar på dei og var med å gav mat. 

Ute i gangen stod ein gut og kikka inn på oss mykje av tida: 
                                                
Etter at alle borna hadde fått mat og ny bleie, så blei dei lagt i seng for å sove, og me forstod at me ikkje var ønska der lengre. På veg ut stoppa eg og snakka med guten som hadde kikka på oss lenge. Han smila men prata ikkje noko. Han var tydeleg veldig glad og stolt av kanina han gjekk og bar på. Den vinka til meg når eg gjekk:
Av borna me møtte i dag, så var det nok mange som hadde ein eller anna form for annarleisheit... Var fleire med down syndrom, blinde og ulike former for funksjonshemningar (eller det kan godt henda mykje av det eg såg eigentleg var feilbehandling, ingen behandling eller understimulering). 

Det gjer sterkt inntrykk, det er slik at det nesten ikkje er til å bæra at nokon born har det slik... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar