Sider

torsdag 24. november 2011

På handling i Wulumuqi Road

Tysdagar og torsdagar er det hektisk program på morgonen. Me jobbar hardt for å vera på skulen til opningstida som er 9 (ikkje at me søv så lenge akkurat... men merkeleg så godt leiken går og kor mykje ein skal gjera akkurat rundt avreisetidspunkt). Ut av leiligheita kranglar me fyrst om kven som skal trykke på heisen i gangen- deretter kven som skal trykke på knappen inni heisen før det til slutt er kamp om å trykke på ein knapp nede i resepsjonsområdet for å kome oss ut.... 

Vel levert på skulen, så er det kinesisk kurs for meg som byrjar 9.30. Eg kjem alltid litt for seint. Det er ikkje så stort område å forflytta seg på, men det er så mykje trafikk og ting-tek-tid i Shanghai. Eg har ikkje møtt så godt forberedt på nokon kinesisk timar enno, dessto kjekkare denne veka då me har lært om tal, klokke, dato og dagar. Endeleg noko som var "lett" å hugse- som det var ein link mellom:) Vekedagane og månane har ikkje navn som hjå oss, dei brukar tal (mandag og januar er 1, tysdag og februar 2 osv- ). Litt etter 11 pustar me letta ut over at klassen er over, og i dag som det er torsdag- så er det lenge til neste gong...  

Så er det henting av Solveig og Fredrik. Då går eg langs Wulumugi Road. Det er ei gata med særs mykje traffikk, blandt anne to sjukehus som gjer at det stendig blir trafikk kaos- i våras auge. Her er det meir eller mindre vanleg at 5-6 bilar blir ståande midt i krysset, alle står på krava og ingen flyttar seg så nokon kan kome fram, så køyrer mopedane og syklistane i slalom forbi, og fotgjengarane finn si rute. Det er fasinerande å sjå på - når ein ikkje har det travelt sjølv. Langsmed vegen her er det små butikkar av alle slag, frisør, restaurantar, kafear, diverse matutsal, frukt, røyrleggar, apotek osv. Mange små butikkar som det er morosamt å kikke inn i- og andre som eg helst unngår og kikke så mykje på. Det er fiskebutikkar/ sjømat, her ser de levande krabbar ferdig vaske og putta i flotte grøne posar som sild i tønne (-eller krabbe i posar... ). Eg er usikker på om dei skal distrubierast vidare, eller om det står på gata og er for sal: 
Det er massevis av frukt og grønt utsal, her er ein av dei betre (?), som har godt rykte på seg, "The Avokado Lady". I tillegg til frukt har ho mykje vestlege varer - som me er veldig glade for å finna:) Og så har ho kalkunn til sals for tida...
 Det er trangt om plassen inni butikken, men også på fortauet. Butikken har varer eit godt stykkje ut på fortauet, der alle skal gå, og mopedar skal koma forbi...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar