Sider

lørdag 31. desember 2011

Takk for det gamla- og godt nytt år!

Då er me godt inne i 2012 medan de heima i Norge ikkje har byrja på festen enno...
Middagen var på Kagen Teppanyaki, japansk restaurant der kokken står og lagar maten etterkvart som me et: 
Det var ein tidleg middag, så me måtte heimom å slå ihel ein del timar før me kunne feira overgangen til 2012. Det vart gjordt på litt ulike vis, dei fleste tok seg ein lur, litt kortspel, litt tv- og så var det tid for å setja seg i bilen og køyre ned til The Bund. Det var ein del andre folk som også hadde tenkt seg ned hit i kveld- så trafikken gjorde at me akkurat klarte å sjå at det blei telt ned frå 30 sek- så var 2012 her:


Lukke til med feiringa heime i Norge!

fredag 30. desember 2011

To netter i Suzhou

I starten når me planla jule/ nyttårsbesøket, var det fleire som ønska å vitja Filipinene. Men etter som tida har gått og ein ser kor mykje det er å sjå på i  Shanghai og tida var knappe 2 veker, så krympa planane inn til å bli to netter i Suzhou, som er halvanna time frå Shanghai med bil... 
Solveig og Fredrik var kjempenøgde med å skulle ut på tur, og Fredrik er her frykteleg stolt av den nye kofferten sin: 
 Til Suzhou tok me tog, som gjekk i 297 km/t:...
 Suzhou by night, utsikt frå rommet på Shangri- La:
Det var ikkje akkurat høgsesong på hotellet, ihvert fall ikkje på Club Red, det var kanskje eit par andre gjester der, men det er ingen hindring for å ha det kjekt i baren. Medan nokon gjekk til sengs kring midnatt, så holdt Lise og Arild ut til 04...:
Helt om kvelden- helt om dagen, så neste dag var det ut på tur. Me vitja Tiger Hills, ein stor park med ein pagona som er over 1000 år gammal, 
 Fredrik, Lise og Solveig:
 Marit og Sverre:
 Litt av dei grøne omgivelsane:


torsdag 29. desember 2011

Juletrefest i 1182

I år er det få juletradisjonar som har blitt holdt i hevd, men juletrefest klarte me å få til. Me fekk veldig kjekt besøk av Silje og Sara og gleden var stor når me slo ned ikea- pepperkakehuset vårt, som Fredrik og farfar hadde jobba hardt med å setja opp:) 
Å gå rundt juletreet var det kjekkaste av alt. Det var song av full hals og god innsats frå både store og små. Etter aktiv leik i fleire timar så var det godt å ha litt "kino" med Knerten, som er til å anbefala for alle i alle aldera:)

fredag 23. desember 2011

Gledeleg jul til alle!

Sjølv om Shangaiarane ikkje feirar jul, gjere dei sitt aller beste for at me 150 000 vestlige (las nettopp at det er så mange av oss her i Shanghai) skal få julestemning. Det blir pynta til jul i dei aller fleste butikkar, hotell og bustader. Kinesarane har sin nyttårsfeiring noko seinare enn oss, det varierar litt med dato frå år til år, i år er Kinesisk nyttår tredje veka i januar. 
Nokre bileter frå julepyntinga: 

Her er Solveig framfor juletreet i vestibylen her me bur: 
No har eg, Lars Petter, Arild og Lise nettopp hatt rokonkurranse i treningsrommet. 2000m, god innsats på alle, og Berit- no har eg tatt tida di herifrå med 3 sekund:) så du må ut og ro igjen!

Snart er me klare for risengrynsgraut med mandel, og den heldige vinnaren får ei plata med stratos (håpar det blir meg!!). Etterpå er det nokon av oss som må ut på den siste julegåvehandlinga før julefreden kan senka seg over oss. I dag har me 8 grader ute og sol, ikkje akkurat blå himmel- ganske disigt i dag, eg kan ikkje skimta dei høge tårna frå soverommet, så spørst om luftkvaliteten ikkje er på topp.....

I natt drøymde eg at eg gjekk ein langtur på ski. Føret var ikkje på topp, det var isete løyper men det var veldig kjekt alikavel... Så langt har timinga med vinteren me er vekke frå Norge vore grei forstår eg - då det framleis ikkje er topp skiføre overalt heima.

Ynskjer dykk alle ei god julefeiring!

På sightseeing vetlejulafta

Vanlegvis på vetlejulafta er det mykje som skal ordnast. Eg skal ordna dei siste pakkane, vaska litt, baka litt, handla mat, trena litt, skriva dei siste julekorta osv. Men i år er det lite slikt julestress- på godt og vondt..
Vel og merka har det vore litt handling av mat i dag, middag for julafta og julepynt til juletreet, og eg har fått meg ei lita treningsøkt, ellers er det lite som minner om jul heima. I dag har me vore litt rundt om i Shanghai for å visa det sist ankomne besøket litt av Shanghai, og så blir det ikkje hovmesteren i kveld, men manikyr og pedikyr med Lise:)

Litt frå gatene i Shanghai i dag. Legg merke til dama som står bakpå og passar på lasten: 
 Kaldt er det om dagen, kring 4 grader, men sol, så ein hatt eller to kan vera fint å ha:
Nokon vaskar klede: 
Farfar og Fredrik kosar seg på cafe med kakao etter ein lang gåtur til Xintiandi:
 Utsikt frå lunsjplassen i dag, New Heights. Marit, Arild og Lise står og nyt utsikten av Pudong:
 Marit, Sverre, Arild og Lise med the Bund i bakrunnen:
Ein to tre- hopp!! Fredrik hadde eit uhell i dag, etter å ha drukke ein halv liter kakao rakk han ikkje fram til toalettet i tide. Så me tok ein kinesisk ein- måtte ta ein av dei tre gensarane til bukse, og så blei det godt med lufting fram til eg kom meg på HM og fekk tak i ny truse og bukse....
Dagens høge bygning blei Jin Mao tårnet, men ikkje til toppen, 54 etasje på "Grand Cafe", her er utsikten frå eit av vindauga (me har altså kome over til andre sida av elva i forhold til dei foregåande bileta, og er no på pudong)
og utsikt i ein annan retning:

torsdag 22. desember 2011

Jula har kome til oss

Eg har akkurat sett på flotte bileter frå Vik. Berit har sendt meg tilstandsrapport frå øyri og snøen som har kome der... Det er julestemning. Her i Shanghai er det 5 grader, sur vind i dag men ellers fint ver, og sola skin ekstra for no har farmor, farfar og tante Lise kome til oss:) 

Solveig og Fredrik fekk vera med på flyplassen for å henta besøket i dag, samstundes som me måtte sei på gjensyn til Monica som reiste heim for å feira jul. Det er så kjekt å få besøk (har allereie tenkt på gru på den dagen dei skal reisa heim....), og me skal gjera så godt me kan for å skape julestemning i heimen. 

Fredrik smiler frå øyre til øyre:
Og medan eg, Arild, Lise og Lars Petter var rundt på litt shopping så var Fredrik, Solveig, Marit og Sverre i parken rett ved og leika og plukka løv som skulle vera med heim til julepynt...:) Både Solveig og Fredrik har på seg splitter nye strikkagensara frå farmor:
Arild og Sverre på veg for å finne sjåføren vår og kome oss vidare til neste destinasjon, Decathlon, som er sportsbutikk med supre produkt og enno betre prisar:) 
- og i bilen var det skikkeleg godt med ein liten powernap for gjengen i baksetet: 

søndag 18. desember 2011

Pudong sin utrulege vekst...

Var ute på sightsing igår, og kom over ein bileteserie frå skyline Pudong frå 1994 fram til 2010. Pga litt hindringar i vegen kom ikkje fotografen seg heilt bort til 2010 bilete, men det var ikkje store forskjellen frå 2008-2010. Men sjå for ein utvikling frå 1994!! wow! 

Om ikkje lange tida kjem eit nytt hus til å visa på pudong, eit hus som blir 200 m høgare enn den korketrekkjaren som no er høgast. 


lørdag 17. desember 2011

Nedteljinga er over

Så var endeleg nedteljinga over og onkel Arild og Monica er på plass i Shanghai:) 

Sidan Monica kun har 7 dagar i byen, er det ingen tid å miste, og ein må utnytte tida godt. Etter ein tur på Dragonfly i kveld- har eg og Monica blitt einige om at det bør ho gjera kvar dag medan ho her her- og ho kan jo ikkje gå åleine, så då skal eg vera med:) Og så reknar eg med at Lise finn ut det same når ho kjem (same dag som Monica reiser) så eg berre gledar meg!

I dag har me hatt sightsing i området me bur, French Consession. Me gjekk ut på tur isaman, men etter lunsj reiste eg og ungane heim, slik at dei andre kunne gå litt fortare gatelangs og ungane kunne gå litt saktare på "nærbutikken" og kjøpe laurdagsgodt og ellers gjere ting som passar dei betre. 

Tatt i betraktning kor mange mennesker som bur i Shanghai, er det ikkje mange som tiggar (slik eg har opplevd det fram til no), men nokon stader er det alltid nokon som står. Her gir Solveig peng til ein mann som har amputert eine foten. Det var interesant å stå og sjå på denne mannen, og me måtte gå ein tur attende etter at me hadde passert han og... Men mannen skjøna at ungane var nyskjerrige og viste fram foten sin og forklarte litt på kinesisk kva som hadde skjedd... 
Fredrik som er ein liten spidermann- nyttar kvar ein moglegheit til å holde klatreeigenskapen ved like: 

Solveig på overnattingsbesøk!

Tenk (-for dei som kjenner Solveig...) at i forrige veka sov Solveig over hjå nokon andre enn besteforledre/ tante/onkel. Etter at Sara var på overnattingsbesøk hjå Solveig, så har det vore eit stendeg tilbakevendande tema å overnatta hjå kvarandre. Sara bur ganske langt vekke- 15 min i bil, medan Ola bur 4 etasjar og 1 minutt unna om det skulle bli vanskeleg midt på natta:) noko som er mykje betre å tenkja på, ihvertfall for dei vaksne som er involvert. Gleden var STOR når det blei avtalt at Solveig kunne pakke kofferten sin med tannkost og nattdrakt og ta heisen opp for å overnatte hjå Ola:

Oppe i 22 etasje var det kino fram til leggjetid, og Solveig var kanskje litt i tvil når det var tid for å sova, og kanskje noko usikker når ho måtte gå og tissa midt på natta, - men jenta kom ikkje heim og var så kjempenøgd med seg sjølv dagen derpå:)

søndag 11. desember 2011

Julefest med klubb Norge Shanghai

Etter det store juleshowet til Tiny Tots, bar det rett vidare på meir festivitas. Klubb Norge Shanghai arrangerte kombinert juletrefest, juleverkstad og julegudstjeneste. Det blei laga julekort, fletta julekorg, laga julelenker mm, passa veldig bra å få litt julepynt i hus. Serveringa var det ikkje noko å sei på, og det aller beste var ekte julegraut som gjekk ned på høgkant: 
Eg er voksen opp på risengrynsgraut, noko som har blitt overført til Solveig og Fredrik, men sidan ankomst Shanghai var dette fyrste gongen med skikkeleg graut (havregraut har me mest kvar dag), så det smakte ekstra godt!

Under gudstjenesta var det eit improvisert barnekor som song "Eit barn er født i betlehem" og "På låven sitter nissen":
Gange rundt juletreet høyrer med:
 - så venta me veldig på at nissen skulle koma:
Ingen var redd for nissen, men Solveig og Fredrik held godt saman og turde ikkje heilt å sjå på han når dei fekk gåva si...:)

lørdag 10. desember 2011

Tiny Tots Christmas Show

Igår var me på fest frå morgon til kveld. Fyrst var det juleavslutning med skulen til Solveig og Fredrik, seinare på dagen var det juletrefest, julegudstjeneste og juleverkstad med klubb Norge Shanghai. 

Juleavslutningen til Tiny Tots var imponerande. Den blei holdt på Shanghai City Theatre som har plass til over 1100 i salen...:) Det var mange spente og nervøse born (og vaksne...) som møtte opp til denne store dagen. Dei har øvd lenge og hardt. Fredag var dei til dette teateret og hadde generalprøve, så ingen ting blir overlatt til tilfeldigheitene... Her er programmet, fyrst framsida: 
og her er innhaldet i forestillinga:
Dei starta og avslutta med allsang med alle borna, så hadde alle klassane sin framvisning, samt det var eit par soloinnslag. Forestillinga tok halvanna time. Det var sceneteppe som opna og lukka seg mellom innslaga, og medan borna venta på sin tur var dei i rommet bak scenen.

Her ser de opningsscenen:

Om de klarar å sjå ein liten nisse utan nissehue- så er det Fredrik... Han nekta å ta på noko som helst av kostymen resten av forestillinga og. Eg er glad han ikkje blei tvinga til det- og for at han fekk lov å vera med trass mangel på kostyme... :

Solveig går i octopus klassen- så dei hadde eit blekksprut show. Solveig er veldig konsentrert i jobben sin, ho snakkar ikkje engelsk enno- men ho forstår det meste av det som blir sagt av læraren og så syng ho alle sangane. Her er klassen til Solveig, Solveig er ca midt i bilete i rosa kjole med blekkspurtskjørt:

Å stå på ein så stor scene med så mange tilskuara er ikkje for kvar og ein. Det var nokre som ikkje holdt ut dette, og måtte gå ned til mammen og pappen sin, eg var lenge i tvil om Fredrik kom til å holde ut. Han var nok ganske i tvil sjølv og... Men etter endt forestilling var både Solveig og Fredrik kjempenøgde med eigen innsats og me kjem nok til å snakke lenge om denne opplevinga. Det var eit proft filmteam som filma showet, så det blir kjekt å få dvd`en og visa den til besteforeldre og andre interesserte:)