Sider

torsdag 1. desember 2011

Endeleg tid for adventskalender

1 sundag i advent kom som julafta på kjerringa (eller kva det no heiter...?) her i Shanghai. Det var 25 grader, sol og ingen ting som minna oss på at jula nerma seg. Har vel aldri hatt så lite julestemning/ adventsstemning nokon gong før på denne tida- men så har eg heller aldri vore i Shanghai på denne tida før:)  
I dag er det fyrste desember og tid for adventskalender. Solveig og Fredrik fant sin i kofferten til Lars Petter etter at han var ein tur heimom på Høyen for ein månads tid sidan (tusen takk til farmor og tante Lise!), sjå så fine:)  
Solveig har verkeleg talt ned dagane fram til 1 desember, og eg har blitt overraska over kor god kontroll ho har. Den siste veka har det fyrste ho har sagt når ho vakna, at i dag er det 5 dagar att til eg skal byrja på julekalendaren, 4 dagar, 3 dagar osv..... Gleda og spenningen var stor ved frukosten 06.30 (må jo berre presisera tiden- for det er aaalt for tidleg når skulen ikkje byrjar før 9!)
Fredrik hadde då vore vaken lenge, han har dei siste dagane vakna 4.30! og ikkje sovna igjen. Det er heilt umogleg å skjøne seg på... og ganske så irrrrrrriterande for meg som er åleine-heime-forelder på 10 dagen...Må jo berre kommentere dette i håp om å få litt sympati der ute...:) Men no når julekalenderspenningen har kome igong, så satsar eg på at Fredrik skal sova ekstra godt og ekstra lenge:)

Torsdag betyr og kinesisk klasse. Heldigvis er me tre damer med akkurat like og passlige ambisjonar, så då går det an å gå til timen utan å fått øvd noko sidan sist. Tonefallet er kanskje det som gjer kinesisk vanskelegast, ein tone kan uttalast på 5 ulike måtar og då ha 5 ulike betydningar... Er ikkje sikkert at den kinesiske mannen i gata har så vondt i viljen om ein trur ein står og spør om ein hest- så er det mamma, eller kritisera ein eigentleg står og seier... (ikkje det beste eksempelet- men det me lærte om i dag:)).
Her ser det kinesisk klassen min, frå venstre Danijela frå Tyskland, Rainbow (læraren) og Rixt frå Nederland.:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar