Sider

fredag 23. desember 2011

Gledeleg jul til alle!

Sjølv om Shangaiarane ikkje feirar jul, gjere dei sitt aller beste for at me 150 000 vestlige (las nettopp at det er så mange av oss her i Shanghai) skal få julestemning. Det blir pynta til jul i dei aller fleste butikkar, hotell og bustader. Kinesarane har sin nyttårsfeiring noko seinare enn oss, det varierar litt med dato frå år til år, i år er Kinesisk nyttår tredje veka i januar. 
Nokre bileter frå julepyntinga: 

Her er Solveig framfor juletreet i vestibylen her me bur: 
No har eg, Lars Petter, Arild og Lise nettopp hatt rokonkurranse i treningsrommet. 2000m, god innsats på alle, og Berit- no har eg tatt tida di herifrå med 3 sekund:) så du må ut og ro igjen!

Snart er me klare for risengrynsgraut med mandel, og den heldige vinnaren får ei plata med stratos (håpar det blir meg!!). Etterpå er det nokon av oss som må ut på den siste julegåvehandlinga før julefreden kan senka seg over oss. I dag har me 8 grader ute og sol, ikkje akkurat blå himmel- ganske disigt i dag, eg kan ikkje skimta dei høge tårna frå soverommet, så spørst om luftkvaliteten ikkje er på topp.....

I natt drøymde eg at eg gjekk ein langtur på ski. Føret var ikkje på topp, det var isete løyper men det var veldig kjekt alikavel... Så langt har timinga med vinteren me er vekke frå Norge vore grei forstår eg - då det framleis ikkje er topp skiføre overalt heima.

Ynskjer dykk alle ei god julefeiring!

1 kommentar:

  1. God jul til dere alle. Ser at dere har det kjempebra. Her er det nå klarvær -4 grader og isete. Det er litt hvitt på plenen, men skulle vi tenkt på ski måtte vi reist et stykke. Hilsen også fra Lisbet med fam og Gerd. Klem

    SvarSlett