Sider

torsdag 22. desember 2011

Jula har kome til oss

Eg har akkurat sett på flotte bileter frå Vik. Berit har sendt meg tilstandsrapport frå øyri og snøen som har kome der... Det er julestemning. Her i Shanghai er det 5 grader, sur vind i dag men ellers fint ver, og sola skin ekstra for no har farmor, farfar og tante Lise kome til oss:) 

Solveig og Fredrik fekk vera med på flyplassen for å henta besøket i dag, samstundes som me måtte sei på gjensyn til Monica som reiste heim for å feira jul. Det er så kjekt å få besøk (har allereie tenkt på gru på den dagen dei skal reisa heim....), og me skal gjera så godt me kan for å skape julestemning i heimen. 

Fredrik smiler frå øyre til øyre:
Og medan eg, Arild, Lise og Lars Petter var rundt på litt shopping så var Fredrik, Solveig, Marit og Sverre i parken rett ved og leika og plukka løv som skulle vera med heim til julepynt...:) Både Solveig og Fredrik har på seg splitter nye strikkagensara frå farmor:
Arild og Sverre på veg for å finne sjåføren vår og kome oss vidare til neste destinasjon, Decathlon, som er sportsbutikk med supre produkt og enno betre prisar:) 
- og i bilen var det skikkeleg godt med ein liten powernap for gjengen i baksetet: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar