Sider

søndag 11. desember 2011

Julefest med klubb Norge Shanghai

Etter det store juleshowet til Tiny Tots, bar det rett vidare på meir festivitas. Klubb Norge Shanghai arrangerte kombinert juletrefest, juleverkstad og julegudstjeneste. Det blei laga julekort, fletta julekorg, laga julelenker mm, passa veldig bra å få litt julepynt i hus. Serveringa var det ikkje noko å sei på, og det aller beste var ekte julegraut som gjekk ned på høgkant: 
Eg er voksen opp på risengrynsgraut, noko som har blitt overført til Solveig og Fredrik, men sidan ankomst Shanghai var dette fyrste gongen med skikkeleg graut (havregraut har me mest kvar dag), så det smakte ekstra godt!

Under gudstjenesta var det eit improvisert barnekor som song "Eit barn er født i betlehem" og "På låven sitter nissen":
Gange rundt juletreet høyrer med:
 - så venta me veldig på at nissen skulle koma:
Ingen var redd for nissen, men Solveig og Fredrik held godt saman og turde ikkje heilt å sjå på han når dei fekk gåva si...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar