Sider

torsdag 8. desember 2011

Lego for liten og stor

No har det vore surt haustver nokre dagar i Shanghai, regn og vind. Det er greit, er slik at eg får meir fornemming av at jula nermar seg i slikt ver, enn med 20 grader og sol... Me har nedteljing til julebesøket kjem, og no kan me telja dagane på ei hand:) Me tel dagane på kalendaren til når onkel Arild og Monica kjem, så til når farmor, farfar og tante Lise kjem, og til slutt så håpar me at nissen skal finna oss her i Shanghai...? 

Ein god innomhus aktivitet er lego. Kan vera at interessen er størra hjå Lars Petter enn hjå ungane, men litt etter litt byggjer dei meir sjølv. Uansett når Lars Petter ikkje er heima, så seier både Solveig og Fredrik at dei gledar seg til pappen kjem heim så dei kan byggja lego... Her er Fredrik og Lars Petter i full aktivitet etter gårsdagens kupp (?) på enno ein boks med lego...
Her er nokre av byggverka, den gule dumperen har Fredrik hatt med seg i senga i kveld, og sovna med den i handa si:)
Og så er det naustet til bestemor og besten i Vik. Det er bestemor og besten som sit og drikk kaffi, medan tante Oddveig politi kjem på besøk: 
Fire etasjar over oss bur Ola og Håkon. Solveig og Ola har blitt skikkeleg gode venner og leikar i lag mest kvar ettermiddag. Etter juleferien byrjar Ola i klassen til Solveig, det gledar me oss masse til! Her er Ola og Solveig frå ettermiddagens konsert: 
og her ser de heile 4`ar banden, Ola, Håkon, Solveig og Fredrik

2 kommentarer:

  1. Oi så masse lego. Lego er alltid en slager til liten som stor. Viste bildene til Eirik, han er lego elsker. "Oi, det så kult ut, si at jeg kan komme å bygge lego med gutta"

    SvarSlett
  2. Hels og sei til Eirik at han (de) er hjertelig velkomne når som helst! kanskje tid for gutta å byggje lego og oss damer på dragonfly:)

    SvarSlett