Sider

lørdag 17. desember 2011

Nedteljinga er over

Så var endeleg nedteljinga over og onkel Arild og Monica er på plass i Shanghai:) 

Sidan Monica kun har 7 dagar i byen, er det ingen tid å miste, og ein må utnytte tida godt. Etter ein tur på Dragonfly i kveld- har eg og Monica blitt einige om at det bør ho gjera kvar dag medan ho her her- og ho kan jo ikkje gå åleine, så då skal eg vera med:) Og så reknar eg med at Lise finn ut det same når ho kjem (same dag som Monica reiser) så eg berre gledar meg!

I dag har me hatt sightsing i området me bur, French Consession. Me gjekk ut på tur isaman, men etter lunsj reiste eg og ungane heim, slik at dei andre kunne gå litt fortare gatelangs og ungane kunne gå litt saktare på "nærbutikken" og kjøpe laurdagsgodt og ellers gjere ting som passar dei betre. 

Tatt i betraktning kor mange mennesker som bur i Shanghai, er det ikkje mange som tiggar (slik eg har opplevd det fram til no), men nokon stader er det alltid nokon som står. Her gir Solveig peng til ein mann som har amputert eine foten. Det var interesant å stå og sjå på denne mannen, og me måtte gå ein tur attende etter at me hadde passert han og... Men mannen skjøna at ungane var nyskjerrige og viste fram foten sin og forklarte litt på kinesisk kva som hadde skjedd... 
Fredrik som er ein liten spidermann- nyttar kvar ein moglegheit til å holde klatreeigenskapen ved like: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar