Sider

mandag 5. desember 2011

Norsk julebord i Shanghai

Laurdag var me på julebord med 200 andre norske. Me fekk norsk julemusikk og alt ein kan ønska seg av julemat: pinnekjøtt, ribbe, torsk, sild, kalkun, laks, salat mm. Er jo litt irriterande av og til at ein ikkje får eta seg meir enn mett på slike kveldar heller... 

Litt ut i måltidet såg me litt nærmare på det norske vinterbilete som var scene bakrunnen:
Det er tatt 50 meter lengre ned i vegen frå der Marit og Sverre har hytte... For meg og Lars Petter blei det både artig, vemodig, julestemning og lengting heim til vinter og skiføre på ein gong. Av alle dei flotte vinterbileta som ein kan ta i Norge- så var det frå hytta på Gaustablikk, og ikkje berre frå Gaustablikk som har mange tusen hytter etterkvart, men frå akkurat den vegen me går opp og ned kvar gong.

Denne flotte scenen krevde eit ekstra flott band, så når me fekk utfordringen tok me den på strak arm:
Ha ha!! for dei som har vore på nyttårsfest med meg før, så vart dei vel letta sidan eg sit bak trommesettet og ikkje er bak mikrofonen og prøver meg på Maria Carey igjen.... he he. Frå venstre ser de Merethe, meg, Janicke og Linn. Linn sin versjon av kvelden kan de lesa om her.

1 kommentar:

  1. Helt utrolig!! Og så morsomt!!
    Tøffe jenter. Var det trommer du ønsket deg til jul?
    M

    SvarSlett