Sider

torsdag 8. desember 2011

Nytt møte med barneheimen

Då er det to veker sidan eg sist var på barneheimen. Borna der har fulgt meg mykje og det har vore vanskeleg å snakka om det utan at eg får klump i halsen og tårer i augo... Det som er vanskelegast er at eg tenkjer på framtida deiras og kva livet skal bringa for dei...

To av mamma`ene i klassen til Fredrik som ynskja å bli med, var med i dag. Me har snakka om det ein del før me kom dit, og eg prøvde å sei konkret korleis det var og kva me ser med ein gong som er vanskeleg for oss. Trass dette, så var fyrste inntrykket så tøft, at dei måtte gå rett ut på gangen igjen før dei kunne kome inn og vere der med borna. 

Her kan de sjå eit av romma:
Barneheimen har kring 100 born i alderen 0-18 år. 
Her ser de ein stor sjarmør: 
For meg virkar han heilt frisk. I dag så leika han at han gav meg mat frå handa si, det var så kjekt! For det meste er han noko i senga eller i stolen sin- der han sit fastbunden. Sist eg var der trudde eg at han ikkje kunne gå, men det kunne han. Kjempeglad når han fekk opp og røra på seg.

1 kommentar:

  1. Hei Arna. Må si du er tøff som klarer å gå tilbake til denna plassen å sjå realitetan. For det er jo slik at inntrykkene blir med i sjela videre, og det kan være tungt å bære med seg. Det er nesten ikkje te å leve med at noen barn skal ha det slik. Igår så hadde vi julebord i DNJ her i Trondheim. Då hadde vi først et foredrag av ei jordmor som har skrevet doktorgrad om hva overgrep, både seksuelle, fysiske og emosjonelle, har å si for det voksne livet. Og som du veit så er det jo dystre fremtidsutsikter for mange av disse. MEN..det er noen som klarer seg ganske bra, og de har ofte hatt en person som har SETT dem og gitt de håp. Det kan være en nabo, en slektning, en trener eller en tilfeldig som dere er for disse barna. Litt omsorg og lek en liten stund kan bety mye. Så ha tro på at det nytter om dere ikke kan gjøre alt for dem. Lykke til og god jul til deg og dine! Hilsen fra Barbro

    SvarSlett