Sider

fredag 23. desember 2011

På sightseeing vetlejulafta

Vanlegvis på vetlejulafta er det mykje som skal ordnast. Eg skal ordna dei siste pakkane, vaska litt, baka litt, handla mat, trena litt, skriva dei siste julekorta osv. Men i år er det lite slikt julestress- på godt og vondt..
Vel og merka har det vore litt handling av mat i dag, middag for julafta og julepynt til juletreet, og eg har fått meg ei lita treningsøkt, ellers er det lite som minner om jul heima. I dag har me vore litt rundt om i Shanghai for å visa det sist ankomne besøket litt av Shanghai, og så blir det ikkje hovmesteren i kveld, men manikyr og pedikyr med Lise:)

Litt frå gatene i Shanghai i dag. Legg merke til dama som står bakpå og passar på lasten: 
 Kaldt er det om dagen, kring 4 grader, men sol, så ein hatt eller to kan vera fint å ha:
Nokon vaskar klede: 
Farfar og Fredrik kosar seg på cafe med kakao etter ein lang gåtur til Xintiandi:
 Utsikt frå lunsjplassen i dag, New Heights. Marit, Arild og Lise står og nyt utsikten av Pudong:
 Marit, Sverre, Arild og Lise med the Bund i bakrunnen:
Ein to tre- hopp!! Fredrik hadde eit uhell i dag, etter å ha drukke ein halv liter kakao rakk han ikkje fram til toalettet i tide. Så me tok ein kinesisk ein- måtte ta ein av dei tre gensarane til bukse, og så blei det godt med lufting fram til eg kom meg på HM og fekk tak i ny truse og bukse....
Dagens høge bygning blei Jin Mao tårnet, men ikkje til toppen, 54 etasje på "Grand Cafe", her er utsikten frå eit av vindauga (me har altså kome over til andre sida av elva i forhold til dei foregåande bileta, og er no på pudong)
og utsikt i ein annan retning:

3 kommentarer:

  1. Nå er nok farmor og farfar glade for å ha kommet ned til "gulla" kos dere masse. STOR JULEKLEM fra oss i gata.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Ynskjer dykk ein god julekveld. Hels alle saman. No skal me straks ha risengrynsgraut og er spente på kven som får mandelen:)

    SvarSlett
  3. Jeanette Ruth Sveiven5. januar 2012 kl. 12:37

    Hei Arna ! TUUsen TAKK for julekortet, en sann overraskelse med kort fra Shanghai:-) Så flott at du deler opplevelsene som du gjør! Ønsker dere alle et på alle måter godt nytt spennende år. God klem fra Jeanette

    SvarSlett