Sider

lørdag 10. desember 2011

Tiny Tots Christmas Show

Igår var me på fest frå morgon til kveld. Fyrst var det juleavslutning med skulen til Solveig og Fredrik, seinare på dagen var det juletrefest, julegudstjeneste og juleverkstad med klubb Norge Shanghai. 

Juleavslutningen til Tiny Tots var imponerande. Den blei holdt på Shanghai City Theatre som har plass til over 1100 i salen...:) Det var mange spente og nervøse born (og vaksne...) som møtte opp til denne store dagen. Dei har øvd lenge og hardt. Fredag var dei til dette teateret og hadde generalprøve, så ingen ting blir overlatt til tilfeldigheitene... Her er programmet, fyrst framsida: 
og her er innhaldet i forestillinga:
Dei starta og avslutta med allsang med alle borna, så hadde alle klassane sin framvisning, samt det var eit par soloinnslag. Forestillinga tok halvanna time. Det var sceneteppe som opna og lukka seg mellom innslaga, og medan borna venta på sin tur var dei i rommet bak scenen.

Her ser de opningsscenen:

Om de klarar å sjå ein liten nisse utan nissehue- så er det Fredrik... Han nekta å ta på noko som helst av kostymen resten av forestillinga og. Eg er glad han ikkje blei tvinga til det- og for at han fekk lov å vera med trass mangel på kostyme... :

Solveig går i octopus klassen- så dei hadde eit blekksprut show. Solveig er veldig konsentrert i jobben sin, ho snakkar ikkje engelsk enno- men ho forstår det meste av det som blir sagt av læraren og så syng ho alle sangane. Her er klassen til Solveig, Solveig er ca midt i bilete i rosa kjole med blekkspurtskjørt:

Å stå på ein så stor scene med så mange tilskuara er ikkje for kvar og ein. Det var nokre som ikkje holdt ut dette, og måtte gå ned til mammen og pappen sin, eg var lenge i tvil om Fredrik kom til å holde ut. Han var nok ganske i tvil sjølv og... Men etter endt forestilling var både Solveig og Fredrik kjempenøgde med eigen innsats og me kjem nok til å snakke lenge om denne opplevinga. Det var eit proft filmteam som filma showet, så det blir kjekt å få dvd`en og visa den til besteforeldre og andre interesserte:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar