Sider

mandag 23. januar 2012

Vinter!

Då har me vore på Krok i tre dagar. Reisa heim gjekk veldig greit, men det var fryktleg godt å sjå farmor og farfar på Gardemoen, og spesielt godt for meg å setja meg inn i bilen deiras og slappa heilt av. Då såg eg fram til 1,5 time bilkøyring med andre som kunne underholda ungane og ingen fleire fly-do-besøk (hadde vel hatt minst 15 av det på turen, tre stk inn på flydo kvar gong er ein prøvelse i seg sjølv:...). Under mellomlandinga i Helsinki såg me snø og traktorar til enorm jubel frå ungane.. og så blei me møtt av god norsk vinter på Gardemoen. 

Dagane har gått med til å stilla om døgnet... og så har me treft og leika med gode naboar, hatt besøk frå Lunner i to dagar (Karin, Ola og Gunhild) og tante Oddveig er hjå oss. 
Solveig hadde store planar om å gå på ski torsdagen- kvelden me kom fram, men ho måtte gje tapt for klokka (me kom til Krok 19 norsk tid, men det tilsvarar 02 Shanghai tid...), men det var det fyrste som skulle skje fredagen. Laurdag fekk me eit godt snøfall, så me er kjempenøgd med timinga på heimreisa! 

Nokre bileter frå helga: 
Solveig og Fredrik i godt driv (`? ser godt ut på bilete i hvert fall....:)) på ski rundt huset: 

Eg og Gunhild fekk oss ein god skitur på sundag: 
 Passa bra med eit godt snøfall, her er Solveig, Fredrik, Ola og Karin i god leik i hagen.
I dag hadde me piknik nede ved sjøen med nybaka bollar frå tante Oddveig. Det har vore ein nydeleg dag på Krok og flott lys ved Drammensfjorden:


tirsdag 17. januar 2012

Ny skyskrapar tek form i Shanghai

Då fylgjer ein oppdatering på husbyggjinga på Pudong. For eit par dagar sidan var forsida på Nettavisen akkurat byggjing av høge hus i Kina, det var bilete av desse to husa eg sit her og ser på og det stod at 53% av all byggjeaktivitet i verden på høge hus foregjekk i Kina om dagen... 


Her er utsiken frå kontoret (igjen... forrige bilete kan de sjå på bloggen frå november), de ser barnebøker i vindaugskarmen, langt der bak kan de skimta nokre høge hus.. 
Her er det litt nærmare og ein ser godt Shanghai World Financial Center (korketrekkjaren) og Jin Mao. 
Attmed SWFC, så kan ein sjå heisekranar og byggjeaktivitet godt no. For nokre månedar sidan såg me ikkje det herifrå, men no veks huset fort, og det blir spennande å sjå kor høgt det har blitt til me er attende i Shanghai om 4 veker... Huset som er under byggjing, skal bli 200 m høgare enn SWFC, dvs at det skal ruve mest 700 meter over bakken....
I tillegg har me høyrt rykter om at dei siste teikningane av den nye skyskraparen ikkje er heilt offisielle, då det nok hadde vore særs kjekt for byggherren å få det høgste huset i verden- dvs høgare enn Burj Khalifa i Dubai, som er 828 meter høgt.

3-årsfesten vel overstått

Så har Fredrik blitt feira av gode norske vener her i Shanghai: 
Kring bordet er det 8 norske born (+ Janicke som held orden på gjengen:)), så kom det to frå klassen til Fredrik etterkvart. Fredrik som vakna alt for tidleg i dag og heller ikkje tok seg nokon pause på skulen, holdt bra ut, i kaptein sabeltan kostymen sin, og var kjempenøgd med å vera midtpunktet på å blåsa ut lys på kaka, samt når me song bursdagssongen:
Eg hadde gitt nokre hint på førehand om at det skulle sjå ut som ein bil denne kaka, så det mangla ikkje på skryt og gode ord frå dei andre tai-tai`ane:)
Takk til alle som kom på bursdag!

mandag 16. januar 2012

Forberedelsar til 3-års fest

Då nermar det seg veldig tre år sidan Fredrik kom til verden. I dag for tre år sidan flytta me inn i huset på Krok, så kom Fredrik 2 dagar etterpå. 

No forberedar me oss til 3-års fest med "hopp og sprett" -gjengen. Fredrik ønska seg bil-kake- og då må det jo bli bilkake til festen. Eg likar godt å baka, men er INGEN konditor,  så fint å få hjelp av to små kokker. Her er Solveig og Fredrik i god gang med røra: 
Dei samarbeide godt med kvar si sleiv og lovnad om å få smake på røra etterkvart:
 Det aller beste med å bake kaker er sjølvsagt å smake på deigen (eg er såå einig:)):
 Eg veit ikkje om de hadde gjetta at det var ein bil om eg ikkje hadde skreve det i innleiinga her...:)
Men Fredrik var ganske nøgd og me gledar oss til å smake på den i morgo.


fredag 13. januar 2012

Nytt besøk til barneheimen

I dag var det barneheimsbesøk på programmet. Det er det tristaste eg gjer her, og det fylgjer meg mykje dei dagane eg ikkje er der. Det som er så frykteleg trist er at eg ikkje kan sjå noko håp om at livet deiras skal ta ei heilt ny vending....

Eg har gått til den same avdelinga kvar gong. Burde sikkert gått på eit anna rom, men eg har lyst attende til dei same borna, der veit eg kva som skjer og korleis borna er. Høyrte i dag frå eit par andre damer som var på rommet ved sida av- og matinga der var endå verre (dei blir lagt horisontalt, klut på augene og varm mat blir stappa i munnen på dei) enn det er til desse borna som eg er hjå (dei blir og lagt horisontalt, men ingen klut på augene, og dei passar på å blåse på maten...). Når me matar sit dei oppreist, men det går jo så tregt med oss som er på besøk. Dei som jobbar der matar 2-3 born på den tida eg gir mat til eit:). Men det må gå fort. I dag var det kun 1 dame på den avdelinga her, det hender at dei er tre, men som regel to. Det betyr at den eine dama skal byte bleie, ta opp av senga, mate og leggje over 20 born.

Det aller fleste borna har eit handikap av eit eller anna slag, det er sagt at det er 4-5 heilt friske born på barneheimen (og då er fattigdom årsaken til at dei er plassert der). Ein av dei som eg trur er heilt frisk er denne guten her: 
Det er han eg har visst bilete av før og. Han sit i stolen sin når me kjem, og ropar på oppmerksomheit med det same. Han er bunden på beina, så han ikkje kan klatre ut av stolen. I dag hadde eg med eit par leiker og det fanga oppmerksomheiten med det same. Han som pleier å rope og prate heile tida, blei veldig fascinert av "ballen" som blei stor- så liten, og funderte over dette den fyrste halvtimen. Når me prøvde å ta den ifrå han, blei han kjempesint og sa sikkert "min, min"- slik som alle andre born på same alder ville sagt...:)
Det er kun kinesisk som gjeld, og eg er ikkje akkurat ein racer der enno, så å kommunisera med dei som jobbar der er særs vanskeleg. Eg føler sterkt for at borna skal få kome ut av sengene og av stolane sine- og ut å gå-krabbe- sitje sjølv. Spurte sist om eg kunne ta med guten på forrige bilete ut, men fekk nei. I dag så oppfatta eg eit ja, og blei lukkeleg og me skunda oss ut i gangen og inn på eit rom som er lagt til rette for leik. Me var der kanskje i 10 min før me blei henta. Guten skulle inn att på rommet (av ukjent grunn) og så var det snart leggjetid. Han blei kjempelei seg og skreik og bråka masse. Det endte då med at pleiaren tok han, tok frå han alle leikene og la han i senga.... Eg måtte grine eg og. Han er kanskje 3 år- og må vera i senga si kanskje 90% av døgnet- (dette er berre gjetting) og ellers sit han i stolen. 

Her er ein annan flott gut, ca 3 år, men kan ikkje gå. Han sit roleg i stolen sin når me kjem, og er roleg og virkar ikkje til å ha så mykje livsgnist, men litt etter litt i stunda me er der så gir han litt av seg sjølv. Her trenar Linn med han:) 
Her er to nydelege born som har downs syndrom. Jenta i rosa jakke smiler og strekker armane til deg når du kjem inn. Ho fekk eit slikt "risteegg"(anar ikkje kva det heiter, ris inni så det lagar lyd, ei slags rangle) og blei fascinert. Ho fekk kome ut av stolen og var kjempenøgd med å røre på seg rundt på golvet.


torsdag 12. januar 2012

Med Ibsen som nabo

Når me går ut av compounden vår og går 50 meter så blei eg plutseleg oppmerksom på eit lite stykke Norge- rett der står ein statue av Ibsen!! Det var og nokre andre statuer der, bl.a. av Shakespeare. Så der står vår Ibsen då og blomstrar og eg tykte det var så morro å få auga på noko så norskt akkurat her:
Det er eit teater- eller ein skule som er naboen vår. Er ikkje heilt enkelt å finna ut av det, då mest alt står på kinesisk... Så no har eg blitt meir motivert for å lesa Ibsen. Har vel ikkje lest noko meir enn det obligatoriske på ungdomsskulen og gymnaset, så det er på høg tid. Er akkurat inne i siste sidene av "Tre døtre av Kina", der ein fylgjer tre generasjon damer frå tidleg 1900 talet og fram til i dag. Det er så trist lesing om det som skjedde her under kulturrevolusjonen, korleis dei øydela alle kulturskattane sine, både bygningar og det som er skreve ned. Eg lærer masse historie av boka, og anbefalar den til alle som er interesert i kinesisk historie og utvikling. Men det er ikkje akkurat lystig lesing. For det formålet har eg eit anna boktips (medan eg er inne på det her): "100-åringen som klatret ut av vinduet og forsvant", eg lo høgt maaange gonger, den er kjempebra!

Sidan sist har det blitt klart for ein reise heim til Norge! Etter at mange dersom-at-og-viss var historie, så kunne det bli offisielt at eg, Solveig og Fredrik reiser til Krok 19. januar. Me blir heima i 3 veker og gledar oss massevis. Solveig og Fredrik er så klare og kofferten har dei pakka mange gonger allereie og går rundt i leiligheiten her og er på tur, på flyet og i båt (??). Eg kvir meg nok litt (litt masse...) til ei lang reise til Norge og kanskje litt meir til reisa attende, men bruker minst mogleg energi på det no før dagen er der (må jo spara på all piffen til sjølve dagen...). På kjøkkenet har me laga ein kalendar der me fylgjer med på kor mange dagar det er att på skulen før me skal reisa, kor mange dagar det er til Fredrik blir 3 år, kor mange dagar me blir i Norge, og så prøver eg alltid å gjera oppmerksomme på slutten når me går gjennom kalendaren (for ènte gong) at me skal attende til Shanghai etterkvart og på skulen....:)

Så om ikkje det har vore nok Norge-prat så langt-  så har eg i dag vore på lunsj med klubb Norge- Shanghai. Dei arrangerar lunsj annakvar torsdag, samt fredagstreff, forretningslunsj og besøk til barneheim. Her ser de samlinga rundt bordet, 3 av oss som var der i dag er frå Sogn!



lørdag 7. januar 2012

Endeleg fekk me sjå Yangtze River

Etter 5 månadar i Shanghai og mest to månadar med besøk, så har me vore rundt omkring i byen mange gonger. Dei fyrste som var på besøk kom kanskje litt tidleg med tanke på at guidane ikkje hadde heilt oversikt, og me jobbar stendig med saken (- berre slik for å byggje opp forventningane til dei som evt kjem på besøk seinare:) ) I går kom me oss ut til havet, der Yangtze har sitt utløp. Yangtze er den lengste elva i asia, og tredje lengste i verda. Eg veit ikkje kor brei den er ved utløpet, men der me var igår, kunne me såvidt skimta ei øy som ligg midt i elva- som er midt i utløpet...

Binjiang Forest Park ligg 3 mil frå oss, men sjølv om det er stort sett kun motorveg som fører oss dit så må ein rekna ein times tid i bilen då det alltid er så mykje trafikk på vegane her... Ein laurdags formiddag og ettermiddag som igår brukte me godt over ein time heim... 

Det var ein kjempeopptur å koma fram til parken. Det var så stilt og fredeleg, mest ikkje folk å sjå og parken var kjempeflott. Me fekk ikkje sett alt den hadde å by på- alt for stor til det på ein dag med to ungar, men me fekk gått oss ein god tur og ungane sykla - og fekk sykla så fort og så langt dei ville:) Her er nokre naturbileter frå parken:


Fredrik sovna i bilen på veg ut, så han var ganske trøytt og sur i starten, men når han endeleg kom til seg sjølv att så blei det fart på sykkelen:)
Her er Solveig og Fredrik i strandkanten- på innsida av bølgjebrytarane. Kan nok bli store bølgjer som skyller inn frå Sør-Kina-havet... Det var mykje rusk og rask som var kome i land, så morro å gå på skattejakt: 
 Her er det to nøgde born som viser fram dagens fangst (nokre pinnar og isopor, dekk bitar...):
Medan ungane leika fekk eg stå og kjenna at sola varma:)
Kameralinsa fungerar og litt som kikkert, her er kontainerhavna i Shanghai - sjølvsagt verdas travlaste havn ifølgje Wikipedia:
Lufta kjentest frisk ut, og så var himmelen såå blå:) 

Kva med Michellin stjerna?

I dag har me vore på dagstur til ein park. Me er ikkje alltid lika flinke til å ta med mat på tur, men ettersom ein får meir erfaring med restaurantar og cafe`ar på mange av turiststadene her, så hadde me( heldigvis) med mat i dag. Er ikkje det at maten nødvendigvis smakar dårleg eller ikkje er bra. Men det er ofte det at ein ser inn på kjøkkenet, eller at staden ein er på ikkje gjer at apetitten aukar... 

Medan Fredrik fekk sove nokre minutt ekstra, gjekk Lars Petter og Solveig ein liten runde rundt parkeringsplassen og fant blandt anna ein restaurant: 
 - som låg fint til ved/ på elva:)
Endene som var fanga til mat, er her inngjerda. Men trass alt, det er ikkje mange dyr som får vera i sitt rette element medan dei ventar på livets slutt!:
Pølsene som ser heimalaga ut, hang til tørk på utsida. Om dette hadde vore i ein annan setting, i eit anna miljø, trur eg desse pølsene hadde sett kjempegode ut!
 Og her hengjer ender og høner (?) til tørk, medan andre ender og høner tippar rundt og leitar etter mat:
Som eg så mange gongar har sagt, så kjenner eg kvar dag på kontrastane i landet me bur i. På dei neste to bileta ser de på kvar side av vegen. Fyrste bilete er der restauranten ligg (de ser den nederst i venstre hjørne) og på andre sida av vegen er det smigjernsgjerdet... (om de skimtar ein blå bil bak gjerdet, så er det "vår" bil). Bak gjerdet er det ein kjempestor og flott park, Bin Jiang Forest Park. Den er foreløbig 120 mål, men når alt er ferdig blir det 300 mål.



torsdag 5. januar 2012

Den siste keisar

Kina har masse å fortelja, om livet no og om livet som var. Hugsar eg ein gong såg reklame for historiebøker, eg var enten på ungdomsskulen eller gymnaset, den sa: "For å forstå vår tid no, så må ein kunne historien om korleis det har kome hit" (dette var alldeles ikkje ordrett, eg kjem ikkje på det no, men de får med dykk meininga håpar eg..). Det sitatet har eg tenkt på opp gjennom tidene, og no når eg er her føler eg at det er akkurat det det er! Til meir eg les av skjønnlitteratur og biografiar av kinesiske liv, til meir trur eg at eg forstår kvifor ting er som det er i dag... 

Vel, til dømes den siste keisar var vel akkurat 2 år når han besteig tronen, og det er i den alderen Fredrik er i dag, han er to år i to veker til...:
                                                     
Me var på tur i Yu Garden for 4 gong denne hausten, då hoppa Solveig og Fredrik av karusellen rundt omkring i hagen og stoppa heller opp for litt utkledning og fotografering: 
Etterkvart som Lise var ferdig me runden ville ho og gjerne vera med på leiken. Så underholdt ho oss itillegg med song og musikk:)
 Nydeleg Lise!!


søndag 1. januar 2012

Opplevingar langs vegen i Shanghai

Som eg har vore innom fleire gonger før, er det mangt å sjå på og undra seg over når ein går gatelangs - slikt som er heilt anleis enn kva ein ser heime. Slik eg har oppfatta det, har kinesarane lange arbeidsdagar, kanskje 12 timar om dagen? og eg er i tvil om arbeidarane har noko særleg fri forutan dei nasjonale fridagane. På slike lange arbeidsdagar er det greit med ein pause i ny og ne, så ser me stendig at dei sit og søv rundt omkring, her er ein kar som tek seg ein pause i sin jobb (som er å sykle rundt og samle inn avfall av eit eller anna slag. Nokre samlar på plastikk, andre på papp osv) og les avis: 
Alle mann i arbeid! Skal ein bli ferdig med dagens prosjekt så trengs det ganske mange hender... Her går det på rein muskelkraft. Ofte står dei og borer i vegen med røyken i kjeften og verken høyrselsvern eller hjelm, dette arbeidslaget har ihvert fall hjelm på seg:)
Om ein går av frå hovudgatene og går inn i mindre "smug" eller bustadfelt der lokalbefolkningen bur, så ser ein fort kor store kontrastane i levestandaren er... Overalt er det små eller store butikkar som sel det meste. Her er ein fiskebutikk:
 -og her hengjer det både kjøtt og fisk til sals:
At Shanghai er full av kontrastar får eg stadfesta kvar dag. Eg skal ikkje gå mange meterane utfor her me bur før eg blir minna på kor godt me har det. Her ser de bilete frå Yu Garden, ein gamal bydel i Shanghai med slik som me tenkjer på "typisk kinahus" med Shanghai World Financial Center i bakrunn: