Sider

lørdag 7. januar 2012

Endeleg fekk me sjå Yangtze River

Etter 5 månadar i Shanghai og mest to månadar med besøk, så har me vore rundt omkring i byen mange gonger. Dei fyrste som var på besøk kom kanskje litt tidleg med tanke på at guidane ikkje hadde heilt oversikt, og me jobbar stendig med saken (- berre slik for å byggje opp forventningane til dei som evt kjem på besøk seinare:) ) I går kom me oss ut til havet, der Yangtze har sitt utløp. Yangtze er den lengste elva i asia, og tredje lengste i verda. Eg veit ikkje kor brei den er ved utløpet, men der me var igår, kunne me såvidt skimta ei øy som ligg midt i elva- som er midt i utløpet...

Binjiang Forest Park ligg 3 mil frå oss, men sjølv om det er stort sett kun motorveg som fører oss dit så må ein rekna ein times tid i bilen då det alltid er så mykje trafikk på vegane her... Ein laurdags formiddag og ettermiddag som igår brukte me godt over ein time heim... 

Det var ein kjempeopptur å koma fram til parken. Det var så stilt og fredeleg, mest ikkje folk å sjå og parken var kjempeflott. Me fekk ikkje sett alt den hadde å by på- alt for stor til det på ein dag med to ungar, men me fekk gått oss ein god tur og ungane sykla - og fekk sykla så fort og så langt dei ville:) Her er nokre naturbileter frå parken:


Fredrik sovna i bilen på veg ut, så han var ganske trøytt og sur i starten, men når han endeleg kom til seg sjølv att så blei det fart på sykkelen:)
Her er Solveig og Fredrik i strandkanten- på innsida av bølgjebrytarane. Kan nok bli store bølgjer som skyller inn frå Sør-Kina-havet... Det var mykje rusk og rask som var kome i land, så morro å gå på skattejakt: 
 Her er det to nøgde born som viser fram dagens fangst (nokre pinnar og isopor, dekk bitar...):
Medan ungane leika fekk eg stå og kjenna at sola varma:)
Kameralinsa fungerar og litt som kikkert, her er kontainerhavna i Shanghai - sjølvsagt verdas travlaste havn ifølgje Wikipedia:
Lufta kjentest frisk ut, og så var himmelen såå blå:) 

1 kommentar:

  1. Hei alle saman

    Det er kjekt å fylja med på det du skriv , eg er på facebook og kvar gang eg ser at du har hatt eit inlegg om turen så les eg , eg skriv ikkje så mykje sjølv , men det er svært greitt å fylja med den yngre garde.Eg synest at de er flinke til å koma ut på turar i byen dette blir eit minne for livet.

    fra onkel Bård

    SvarSlett