Sider

lørdag 7. januar 2012

Kva med Michellin stjerna?

I dag har me vore på dagstur til ein park. Me er ikkje alltid lika flinke til å ta med mat på tur, men ettersom ein får meir erfaring med restaurantar og cafe`ar på mange av turiststadene her, så hadde me( heldigvis) med mat i dag. Er ikkje det at maten nødvendigvis smakar dårleg eller ikkje er bra. Men det er ofte det at ein ser inn på kjøkkenet, eller at staden ein er på ikkje gjer at apetitten aukar... 

Medan Fredrik fekk sove nokre minutt ekstra, gjekk Lars Petter og Solveig ein liten runde rundt parkeringsplassen og fant blandt anna ein restaurant: 
 - som låg fint til ved/ på elva:)
Endene som var fanga til mat, er her inngjerda. Men trass alt, det er ikkje mange dyr som får vera i sitt rette element medan dei ventar på livets slutt!:
Pølsene som ser heimalaga ut, hang til tørk på utsida. Om dette hadde vore i ein annan setting, i eit anna miljø, trur eg desse pølsene hadde sett kjempegode ut!
 Og her hengjer ender og høner (?) til tørk, medan andre ender og høner tippar rundt og leitar etter mat:
Som eg så mange gongar har sagt, så kjenner eg kvar dag på kontrastane i landet me bur i. På dei neste to bileta ser de på kvar side av vegen. Fyrste bilete er der restauranten ligg (de ser den nederst i venstre hjørne) og på andre sida av vegen er det smigjernsgjerdet... (om de skimtar ein blå bil bak gjerdet, så er det "vår" bil). Bak gjerdet er det ein kjempestor og flott park, Bin Jiang Forest Park. Den er foreløbig 120 mål, men når alt er ferdig blir det 300 mål.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar