Sider

torsdag 12. januar 2012

Med Ibsen som nabo

Når me går ut av compounden vår og går 50 meter så blei eg plutseleg oppmerksom på eit lite stykke Norge- rett der står ein statue av Ibsen!! Det var og nokre andre statuer der, bl.a. av Shakespeare. Så der står vår Ibsen då og blomstrar og eg tykte det var så morro å få auga på noko så norskt akkurat her:
Det er eit teater- eller ein skule som er naboen vår. Er ikkje heilt enkelt å finna ut av det, då mest alt står på kinesisk... Så no har eg blitt meir motivert for å lesa Ibsen. Har vel ikkje lest noko meir enn det obligatoriske på ungdomsskulen og gymnaset, så det er på høg tid. Er akkurat inne i siste sidene av "Tre døtre av Kina", der ein fylgjer tre generasjon damer frå tidleg 1900 talet og fram til i dag. Det er så trist lesing om det som skjedde her under kulturrevolusjonen, korleis dei øydela alle kulturskattane sine, både bygningar og det som er skreve ned. Eg lærer masse historie av boka, og anbefalar den til alle som er interesert i kinesisk historie og utvikling. Men det er ikkje akkurat lystig lesing. For det formålet har eg eit anna boktips (medan eg er inne på det her): "100-åringen som klatret ut av vinduet og forsvant", eg lo høgt maaange gonger, den er kjempebra!

Sidan sist har det blitt klart for ein reise heim til Norge! Etter at mange dersom-at-og-viss var historie, så kunne det bli offisielt at eg, Solveig og Fredrik reiser til Krok 19. januar. Me blir heima i 3 veker og gledar oss massevis. Solveig og Fredrik er så klare og kofferten har dei pakka mange gonger allereie og går rundt i leiligheiten her og er på tur, på flyet og i båt (??). Eg kvir meg nok litt (litt masse...) til ei lang reise til Norge og kanskje litt meir til reisa attende, men bruker minst mogleg energi på det no før dagen er der (må jo spara på all piffen til sjølve dagen...). På kjøkkenet har me laga ein kalendar der me fylgjer med på kor mange dagar det er att på skulen før me skal reisa, kor mange dagar det er til Fredrik blir 3 år, kor mange dagar me blir i Norge, og så prøver eg alltid å gjera oppmerksomme på slutten når me går gjennom kalendaren (for ènte gong) at me skal attende til Shanghai etterkvart og på skulen....:)

Så om ikkje det har vore nok Norge-prat så langt-  så har eg i dag vore på lunsj med klubb Norge- Shanghai. Dei arrangerar lunsj annakvar torsdag, samt fredagstreff, forretningslunsj og besøk til barneheim. Her ser de samlinga rundt bordet, 3 av oss som var der i dag er frå Sogn!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar