Sider

fredag 13. januar 2012

Nytt besøk til barneheimen

I dag var det barneheimsbesøk på programmet. Det er det tristaste eg gjer her, og det fylgjer meg mykje dei dagane eg ikkje er der. Det som er så frykteleg trist er at eg ikkje kan sjå noko håp om at livet deiras skal ta ei heilt ny vending....

Eg har gått til den same avdelinga kvar gong. Burde sikkert gått på eit anna rom, men eg har lyst attende til dei same borna, der veit eg kva som skjer og korleis borna er. Høyrte i dag frå eit par andre damer som var på rommet ved sida av- og matinga der var endå verre (dei blir lagt horisontalt, klut på augene og varm mat blir stappa i munnen på dei) enn det er til desse borna som eg er hjå (dei blir og lagt horisontalt, men ingen klut på augene, og dei passar på å blåse på maten...). Når me matar sit dei oppreist, men det går jo så tregt med oss som er på besøk. Dei som jobbar der matar 2-3 born på den tida eg gir mat til eit:). Men det må gå fort. I dag var det kun 1 dame på den avdelinga her, det hender at dei er tre, men som regel to. Det betyr at den eine dama skal byte bleie, ta opp av senga, mate og leggje over 20 born.

Det aller fleste borna har eit handikap av eit eller anna slag, det er sagt at det er 4-5 heilt friske born på barneheimen (og då er fattigdom årsaken til at dei er plassert der). Ein av dei som eg trur er heilt frisk er denne guten her: 
Det er han eg har visst bilete av før og. Han sit i stolen sin når me kjem, og ropar på oppmerksomheit med det same. Han er bunden på beina, så han ikkje kan klatre ut av stolen. I dag hadde eg med eit par leiker og det fanga oppmerksomheiten med det same. Han som pleier å rope og prate heile tida, blei veldig fascinert av "ballen" som blei stor- så liten, og funderte over dette den fyrste halvtimen. Når me prøvde å ta den ifrå han, blei han kjempesint og sa sikkert "min, min"- slik som alle andre born på same alder ville sagt...:)
Det er kun kinesisk som gjeld, og eg er ikkje akkurat ein racer der enno, så å kommunisera med dei som jobbar der er særs vanskeleg. Eg føler sterkt for at borna skal få kome ut av sengene og av stolane sine- og ut å gå-krabbe- sitje sjølv. Spurte sist om eg kunne ta med guten på forrige bilete ut, men fekk nei. I dag så oppfatta eg eit ja, og blei lukkeleg og me skunda oss ut i gangen og inn på eit rom som er lagt til rette for leik. Me var der kanskje i 10 min før me blei henta. Guten skulle inn att på rommet (av ukjent grunn) og så var det snart leggjetid. Han blei kjempelei seg og skreik og bråka masse. Det endte då med at pleiaren tok han, tok frå han alle leikene og la han i senga.... Eg måtte grine eg og. Han er kanskje 3 år- og må vera i senga si kanskje 90% av døgnet- (dette er berre gjetting) og ellers sit han i stolen. 

Her er ein annan flott gut, ca 3 år, men kan ikkje gå. Han sit roleg i stolen sin når me kjem, og er roleg og virkar ikkje til å ha så mykje livsgnist, men litt etter litt i stunda me er der så gir han litt av seg sjølv. Her trenar Linn med han:) 
Her er to nydelege born som har downs syndrom. Jenta i rosa jakke smiler og strekker armane til deg når du kjem inn. Ho fekk eit slikt "risteegg"(anar ikkje kva det heiter, ris inni så det lagar lyd, ei slags rangle) og blei fascinert. Ho fekk kome ut av stolen og var kjempenøgd med å røre på seg rundt på golvet.


1 kommentar:

  1. Vi snakker jo ofte sammen Arna, men hyggelig med en liten kommentar likevel. Lekene dine var en stor suksess. Vi har god tid på oss til å bli kjent med flere av sjarmtrollene:)

    SvarSlett