Sider

søndag 1. januar 2012

Opplevingar langs vegen i Shanghai

Som eg har vore innom fleire gonger før, er det mangt å sjå på og undra seg over når ein går gatelangs - slikt som er heilt anleis enn kva ein ser heime. Slik eg har oppfatta det, har kinesarane lange arbeidsdagar, kanskje 12 timar om dagen? og eg er i tvil om arbeidarane har noko særleg fri forutan dei nasjonale fridagane. På slike lange arbeidsdagar er det greit med ein pause i ny og ne, så ser me stendig at dei sit og søv rundt omkring, her er ein kar som tek seg ein pause i sin jobb (som er å sykle rundt og samle inn avfall av eit eller anna slag. Nokre samlar på plastikk, andre på papp osv) og les avis: 
Alle mann i arbeid! Skal ein bli ferdig med dagens prosjekt så trengs det ganske mange hender... Her går det på rein muskelkraft. Ofte står dei og borer i vegen med røyken i kjeften og verken høyrselsvern eller hjelm, dette arbeidslaget har ihvert fall hjelm på seg:)
Om ein går av frå hovudgatene og går inn i mindre "smug" eller bustadfelt der lokalbefolkningen bur, så ser ein fort kor store kontrastane i levestandaren er... Overalt er det små eller store butikkar som sel det meste. Her er ein fiskebutikk:
 -og her hengjer det både kjøtt og fisk til sals:
At Shanghai er full av kontrastar får eg stadfesta kvar dag. Eg skal ikkje gå mange meterane utfor her me bur før eg blir minna på kor godt me har det. Her ser de bilete frå Yu Garden, ein gamal bydel i Shanghai med slik som me tenkjer på "typisk kinahus" med Shanghai World Financial Center i bakrunn:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar