Sider

tirsdag 17. januar 2012

Ny skyskrapar tek form i Shanghai

Då fylgjer ein oppdatering på husbyggjinga på Pudong. For eit par dagar sidan var forsida på Nettavisen akkurat byggjing av høge hus i Kina, det var bilete av desse to husa eg sit her og ser på og det stod at 53% av all byggjeaktivitet i verden på høge hus foregjekk i Kina om dagen... 


Her er utsiken frå kontoret (igjen... forrige bilete kan de sjå på bloggen frå november), de ser barnebøker i vindaugskarmen, langt der bak kan de skimta nokre høge hus.. 
Her er det litt nærmare og ein ser godt Shanghai World Financial Center (korketrekkjaren) og Jin Mao. 
Attmed SWFC, så kan ein sjå heisekranar og byggjeaktivitet godt no. For nokre månedar sidan såg me ikkje det herifrå, men no veks huset fort, og det blir spennande å sjå kor høgt det har blitt til me er attende i Shanghai om 4 veker... Huset som er under byggjing, skal bli 200 m høgare enn SWFC, dvs at det skal ruve mest 700 meter over bakken....
I tillegg har me høyrt rykter om at dei siste teikningane av den nye skyskraparen ikkje er heilt offisielle, då det nok hadde vore særs kjekt for byggherren å få det høgste huset i verden- dvs høgare enn Burj Khalifa i Dubai, som er 828 meter høgt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar