Sider

tirsdag 28. februar 2012

Jobb for ein politi?

Ved inngangen til Tiny Tots står det alltid ein politimann og ser strengt på oss når me kjem og når me går. Har prøvd å ta ein vennleg tone til han, med å helsa godmorgon og goddag, men har ikkje hatt noko særleg effekt. Skjønar godt at han ikkje er i sprudlande humør kvar dag, er kanskje ikkje den mest spennande politijobben å ha.... Han står ved porten i dei tider borna kjem til skulen og når dei blir henta. Utanom den tida, så sit han på ein stol rett innforbi og opnar døra ifall nokon kjem utanom desse tidene. Han sit og halvsøv store delar av dagen, noko som sikkert også går utover nattesøvnen...??: 

Fyrste Hopp og Sprett i Dragens år

Då var me endeleg samla igjen, Hopp og Sprett gjengen. Det har vore feria på oss til ulik tid siste to månadane, så i Dragens år (som byrja frå kinesisk nyttår i slutten av januar) blei dette fyrste samlingen. Det var stor glede og god stemning når me treftest igjen;
Nokon var meir ivrige på å vera dragar enn andre:)
 
Me byrja med Hopp og Sprett litt ut på hausten, oktober om eg hugsar rett. Det er så morro å sjå på utviklinga til borna, no kan dei mest alle songane og me klarar nesten å fylgja dei fleste reglar på leikane:) 
Her prøver me å "frysa" (i posisjonen ein er i) når musikken stoppar, litt i vansklegaste laget for Fredrik...:
 og her er Fredrik og Silje fanga i bro bro brille:
 Fredrik valgte sjokolade og Silje is, så var det berre att å trekkja for å sjå kven som vant:

lørdag 25. februar 2012

Tur til She Shan utanfor Shanghai

Sidan Shanghai og området kring er så flatt, så kan dei få høgdene som er rundt omkring sjåast i mils omkrets. Me har sett ein ås med ei kyrkja på toppen fleire gonger når me har køyrt ut av Shanghai, og i dag tenkte me å vitja denne åsen med ei kyrkje, meteorologisk stasjon og eit observatory på toppen, She Shan. 

She Shan ligg kun 30 km frå oss, men trass motorveg mest heile vegen så tek det si tid å koma dit. Det er så masse trafikk! det er sjeldan flyt i trafikken og me køyrer i rykk og napp.... Uansett, det tok vel kring 45 min, og det var ein skikkeleg opptur, for der var det masse trapper og me kunne leika at me skulle på "topptur":
 Me måtte jo sei "fyrstemann" til å nå toppen:
 og Fredrik tok fyrste stikk:)
Pagoda´n som Fredrik står framfor var vel ca halvvegs til toppen, som ligg på 100 moh. She Shan Basilica som ligg på toppen blei påbegynt i 1925 og stod ferdig i 1935. Kyrkja blei øydelagt mykje under kulturrevolusjonen frå 1966-1976, men i dag er alle skadene reparert:
Det har vore ein sur dag i Shanghai i dag, 1-2 grader pluss, til tider snø i lufta og kald vind..., og dertil ikkje den beste utsikten. She Shan er nok ein stad som fristar å vitja igjen, og då me ikkje klarte heilt å kle oss etter veret, blei turen litt kortare enn den kunne ha blitt. Så neste gong skal me gå meir i trepper, på små stiar, finna leikeplassar samt skulpturparken som eg no nettopp las i "the Rough Guide to Shanghai" at skal vera der... Her utsikten frå toppen, ein ser ned på eit stort villaområde samt at ein skimtar ein annan litt mindre ås heilt bakerst i bilete: 
 Ein villa i nærmare augesyn -  kanskje dit me skal vurdera å bu om me ynskjer oss eit hus/slott:)

Prøvde å fotografera litt ut av bilvindauget, i fart på vegen heim, her er nokre av augonblikka:
Fyrst eit par bilar

Så kan de få eit inntrykk av trafikken både til lands og i lufta, her er innflyging til innenlandsflyplassen, Hong Qiao Airport.

fredag 24. februar 2012

Ein god dag på Hui Xin barneheim

Det var ein heilt annan stemning å koma inn på barneheimen i dag enn det har vore tidligare. Dei som jobba der var i godt humør og viste glede for at me kom. Kan vera at alle har fått litt meir overskot etter kinesisk nyttår, med nokre dagar fri frå jobb? men eg trur det var på grunn av at det var ein stor delegasjon med kinsesiske damer frå ein skule eller organisasjon som og var på besøk. For min eigen del går det greiare å kome på besøk. Eg veit kva som ventar meg.... men når eg tenkjer på det, så er det berre så utruleg trist at born skal ha det slik. Kva hjelper det med mat og kle når ein ikkje får omsorg eller stimulering?? 

Vår venn Aba, som eg har hatt bilete av her før, og som er ein gut som er skikkeleg levande, i godt humør, tok oss med storm og ropte på oppmerksomheit medan me var på besøk, var ikkje der for 4 veker sidan, så var han der igjen forrige gong, men i dag var "stolen hans" tom igjen. Språket er ein stor utfordring, men me klarte å bli fortalt at Aba er heime, at han er byrja på skule og er heime hjå foreldra sine, for ein glede!! Om det stemmer, så er det heilt fantastisk. Har høyrt at det er nokre få friske born der på grunn av fattige kår, så kanskje Aba var ein av dei, men at det no har ordna seg på eit vis for dei. 

Her ser de barneheimen på framsida og hovudinngangen mellom dei fargebannerane: 
Her er bilete frå matinga. Barna sit på rekke og rad i stolane sine (byter frå seng til stol. Dei som er aktive blir bindt fast). Dei i raud uniform er dei som jobbar på barneheimen, Linn sit i svart jakke, og så er det mange kinsesike damer også på rommet. Det var så mange frivillige der i dag, at alle avdeingane hadde besøk:) altså forhåpentlegvis ein god dag for mangen av borna.  
På bilete ser de kva rommet inneheld. Det er 20 sprinkelsenger som står tett i tett, og så er det stolar og bord på resten. Eg skulle ønska at det hadde vore ei stor leikegrind der, slik at dei som venta på mat kunne få krabbe rundt der og røre på seg- og ha gode leiker å leike med... Det beste hadde jo vore om dei fekk vere i aktivitet rundt omkring på golvet, men det krev jo meir påpass osv, og det er det ikkje ressursar til. Eg har prøvd før å ta med Aba ut på eit rom dei har ved sidan av, der det er mange flotte leiker, men då blei me henta tilbake til rommet etter eit par minutt. Eg prøvde på nytt i dag, denne guten her tippar eg er 4 år, og han kan ikkje gå. Lurer på om det er kun pga for lite trening. Når eg held han i hendene går han, men når eg slepp, så legg han seg ned. Me var på leikerommet i kanskje 15 min, og han kosa seg på golvet:
Her er ein annan nydeleg liten kar (eg trur det er gut, men kan jo vera jente...Trur ikkje dei tenkjer på kjønn når dei kler på dei) som viser meg ei fjør han fant frå ein liten leikefugel:
Heilt bakert i bilete her ser de same karen (frå forrige bilete) er blitt plassert i senga si. Han sit og kikkar på oss...
Som Gro skreiv på facebook etter forrige møte, me er heldige som kan reise derifrå, det kan ikkje desse små barna. MEN, Aba har reist derifrå!!

mandag 20. februar 2012

Kupp på sykkelpumpe

Det er mange ting her i livet som gjer meg skikkelg nøgd og glad, ein av dei tinga som gir ein god følelse når det skjer - er når ein gjer kupp! Alstå når ein kjøper noko som ein treng og så får ein det til ein pris godt under det ein tenkte var ein rimleg pris... = å gjera kupp. 

Me har i lengre tid mangla sykkelpumpe og no var det så ille at Solveig ikke kunne sykle før me fekk meir luft i dekka hennars. Tenkte me måtte gå på Tesco eller decathlon for å få tak i det, men så gjekk me innom ein av desse små butikkane langs gata som bugnar av alt frå skøyteledningar og maling og skruer og vaskekostar osv, og der hadde dei sykkelpumpe til den nette sum av 25 rmb, dvs 22,5 nok:) Då var me veldig glade me slapp gå innom Tesco (som er ein butikk som følest som ein labyrint å koma seg utifrå. Ein kan ikkje gå ein kjapp tur innom Tesco som ein kan på desse gatebuikkane. På tesco må ein gå gjennom heile sortimentet frå sykkel, kokekar, lys, kle mat, ferskvaredisk (med tilsvarande voldsomme lukter) osv før ein etter litt leiting finn vegen ut igjen). Så, med andre ord det var mange faktorar her som gjorde at dette kuppet kjentest ekstra godt:) 

Her er gatebuikken i som har det meste ein måtte trengja:
 og her kan de ta kuppet vårt godt i augesyn:

søndag 19. februar 2012

Post frå barnehagen

Stadig vekk kjem Solveig med historiar frå barnehagelivet i fjor (i Norge), då ho gjekk i Vammen Friluftsbarnehage. Ho fortel mykje som eg ikkje har høyrt før frå aktivitetar dei gjorde og ting ho opplevde. Er morro å høyra og fascinerande alt ein 4-åring hugsar frå året ho var 3 (som eg ikkje visste noko om, eg som trudde eg visste alt....). Så i dag når me sjekka postkassa (den blei ikkje sjekka ved ankomst i går kveld sidan Solveig sov, ellers hadde det vore det fyrste ho hadde gjordt når ho kom inn i huset), var det ein stoooor konvolutt til Solveig og Fredrik, og den var frå barnehagen på Vammen:) 

Det var brev, teikningar og bileter, og gjett om det var to som var strålande nøgd! 

Takk til store og små i Vammen som gleda oss med super post!!

lørdag 18. februar 2012

På flytur med kinesara til Shanghai

Etter fire veker på tur, var det igår godt å koma attende til Royal Pavillion. I går reiste me med China Eastern frå Singapore til Shanghai. Etterkvart som me no byrjar å bli rimeleg vande til å fly, blir me og fort vant til å ha diverse fasilitetar på flyet. Skuffelsen var då stooor igår når me kom inn i flyet og det ikkje var ein tv-skjerm til kvart sete:( Eg var nok den som var mest skuffa av oss fire, eg hadde gleda meg til å få sett ein film eller to, då ungane byrjar bli gode på å velgja film til seg sjølv og å sitje i ro og sjå på heile filmen. Samt så var me jo trass alt to vaksne på denne flighten, på to born, noko som jo er heilt suverent i forhold til å reisa åleina med to små. I tillegg var turen på kun 5 timar, noko som er MYKJE mindre enn 12-13 timar.... Akkurat det siste, at reisa var mykje kortare, klarte eg jo og å sei til ungane utan at eg presiserte akkurat kva det betydde med det same. Så me var ikkje kome langt ut i flyturen før eg fekk spørsmålet fyrste gongen om me ikkje var framme snart - for eg hadde jo sagt at denne turen var så kort....

Flyplassen i Singapore har eg lest om ved eit par anledningar (men hugsar ikkje om det var i blad eller på nettet) har blitt kåra til den beste flyplassen i verden å ha ventetid på. Noko av begrunnelsen er at det er badebasseng ein kan slappe av ved medan ein ventar, det er reint og pent, god plass, mange moglegheiter for å sitje ned. Og ikkje minst, det er gratis massasje. Bassenget sjekka me ikkje ut (så eg kan ikkje gå god for det...) men flyplassen er flott. God plass å springa rundt for ungane og fleire store leikeplassar:) og ja- gratis massasje i form av massasjestolar, her nyt eg fotmassasje og ein god kopp kaffi:
Og mens eg var opptatt med kaffi og massasje, slappa ungane av med å flylgja med på flya som letta og landa:
Flighten var forsinka med over ein time, og det passar aldri bra... Sjølv om me ikkje skulle rekka noko ei heller ingen som venta på oss, så gjer slik ekstra ventetid at ein har litt og litt mindre å gå på og blir litt fortare sur (t.d. for at me ikkje hadde ein tv-skjerm kvar... he he).

Flyet vårt har kome inn og blir klargjordt for ny flight:

Og når eg fyrst er igong kan eg og klage litt over at den taxinga ut for å kome til rullebanen aaaalltid tek så forbaska lang tid!! er det berre eg som irriterar meg over det?

På denne reisa var det 95 % kinesara. Det var ein ny erfaring. Eg har til no lært og erfart at kinesarane er veldig styrt av reglar, dei følgjer ordre og kan alt på rams som står i boka. Når det skjer noko utanfor retningslinjene så veit dei ikkje heilt kva dei skal gjera... Men det skulle ein ikkje tru når ein var på flytur med dei. Når boardinga byrja og dei med dei høgste setenr (lengs bak i flyet) og dei med små barn skulle gå ombord, så spratt alle opp og stilte seg i kø og pressa på for å kome fyrst inn. Seinare så var det liten respekt for å skru av mobil osv når me skulle ta av og morosamt å sjå kor dei spratt opp av setene sekundet etter flyet hadde landa på bakken, dvs lenge før flyet var ferdig å bremsa opp (og selvfølgeleg lenge før setebeltet lyset var slått av...). Bilete frå gaten der kinaserande slåss om å komma fyrst inn på flyet.

fredag 17. februar 2012

Froskane by night

Så var siste sumarkvelden komen (for ei stund), og me gledar oss til neste kapittel i Shanghai eventyret:) Ungane påstår dei gledar seg til å koma attende til skulen sin, så då treng eg kanskje ikkje kvi meg så mykje for leveringa på mandag...? Blir kjekt å sjå Shanghai etter fire veker på tur og forventar at våren snart gjer sitt inntog der. 

Rasa Sentosa Restort by night:
og frå "froskebassenget"

torsdag 16. februar 2012

Ein grei dag på kontoret

Det er kanskje fleire som kunne tenkja seg ein arbeidsdag ute i frisk luft, med sol og bading som nermaste nabo??:) Slik har det vore for arbeidskaren her i dag: 

Prosjekt kokosnøtt

På veg ned til sjøen fant Solveig ei kokosnøtt. Det blei ei artig leike, godt passa på og mykje krangling om kven som skulle bera den osv... Når me endeleg fekk den inn på rommet var det tid for å opne nøtta:) 
Safta smaka søtt og kokos som kokos... Er fare for at det blir meir kokosnøtt jakt i morgo.

onsdag 15. februar 2012

Ein reptil går under solsenga

Ein krokodille eller slange under senga!! ja, det ser ut som krokodille for meg, men det er visst ein "friendly" lizard i fylgje dei som jobbar her....?? Den kom snikande under solsenga og gjekk roleg og beherska forbi: 

 Snudde seg såvidt ein gong for å sjå om nokon fulgte etter:
 Før den gøymde seg i graset/ blomane langs bassengkanten....
Fredrik var svært interestert og me fulgte etter den ei god stund. Når den gøymde seg inni graset var den ikkje god å få auge på. Den engelske guten som er her med Fredrik kunne fortelja oss at reptilen er ein fabelaktiv svømmar og om me hadde hatt ein fisk i handa hadde den kome etter oss og bite oss...ok, så heretter unngår me å eta fisk medan me badar!

I båt langs Singapore River

Eg hadde eit ønske om å sjå meir av Singapore by, så då var Clarke Quay eit godt utgangspunkt:
På reis med born må ein gjera det lettast mogleg for seg sjølv, så då var alternativet ein "hop on hop off" buss, eller båt. Det blei, ikkje uventa, båt som blei valt... Hippo River Cruise:
Det er mange flotte bruer som kryssar Singapore River, her er ein av dei med hotellet "Marina Bay Sands" i bakrunnen....
Ei anna bru, med bygningen "The Fullerton Hotell" i bakrunn:
Fullerton Hotell er ein historisk bygning som har holdt hus for bland anna postvesenet, næringsdepartementet, og under andre verdenskrig fungerte det som sjukehus, men no altså eit 5-stjerners hotell. Kunne godt tenkt meg ein tur inn i den bygningen.

Her er det nokon born som er på full fart ut i elva... Elva frista ikkja akkurat for bading. Singapore er jo kjend for å vera særs reinsleg osv, men elva var ikkja klar som sognefjorden akkurat...
"Marina By Sands" i all sin prakt, spektatulært!?
Og så til slutt The Merlion, som er landets nasjonalikon. Ein blanding av løve og havfrue. Denne Merlionen blei slått ned av lynet for ein del år attende, men har kome seg til hektene igjen og står og spruter vatn til glede for alle som passerar forbi:)



tirsdag 14. februar 2012

Kræsj i sklia

Me startar som regel badinga med litt symjetrening der me om dagen øver på å puste... Å symje under vatn i god fart går greit, men å få inn ny luft og fortsetje er det verre med. Når me går lei av symjetrening går me over til barnebassenget - der skliene gir ungane jobb lenge - og eg kan sitja i solsenga og berre nyte.... 

Her er Solveig i farta:


og så kjem Fredrik:
Obs!! Fredrik brukte litt for lang tid denne gongen, eller var det gutan bak som starta litt for tidleg..?? Lars Petter som sat klar med kamera fekk akkurat knipsa før han hoppa i vatnet for det såg ikkje heilt bra ut, høyrtes ikkje bra ut heller.... 
- men det tok ikkje lange tida før Fredrik var i sklia igjen:) 



mandag 13. februar 2012

Vatn- og lysshow til middagen

Tenkte me skulle røra oss litt utanfor det avgrensa området til hotellet i dag. Etter bading og ein god pause på rommet (med aircondition og makrell i tomat på skiva) samt ein liten ekspedisjon i skog og mark (er eit bra stort område med flott skog, stier og trepper rett ved oss) så tok me ein buss nokre hundremeter bortover stranda for å finne ein bra plass å ete middag. Sist me var her utforska me heile øya ganske bra, så denne gongen tek me det roleg når det kjem til sightseeing på Sentosa. Men me er veldig klare for å sjå meir av sjølve Singapore når det lir litt lengre ut i veka og Lars Petter har nokre kortare dagar på jobb. 

Me valte ein restaurant som ligg heilt ved sjøen, der me sat på ei solseng med 10 meter med sand ned til vatnet. Her er Solveig som har ein liten oppvisning til ære for fotografen (shortsen blei fort våt, så det var berre å fortsetja leiken i vatnet i trusa...)

Rett ved oss går det eit spel, ala "Svelvikspelet" (?), som heiter "Songs of the Sea". Kvar kveld me sit ute høyrer me fyrverkeri som er avslutninga på showet. I kveld var me nærme og fekk mange glimt av lys- og vatn showet som foregår akkurat i skumringa. Det var flott, og det fenga ungane lika mykje som oss. Me skal sjekka opp litt meir og kanskje det hadde vore artig å gått og sett på det ein kveld...