Sider

fredag 10. februar 2012

Attende på Sentosa

Reisa til Norge tok 19 timar frå dør til dør, og reisa frå Krok til Sentosa/ Singapore blei på akkurat same tida. Det inkluderte eit par timar med goood tid på Gardemoen og 45 minuttars venting på bilen som skulle ta oss frå flyplassen i Singapore til hotellet. Det var jo ganske irriterande- den ventinga på flyplassen i Singapore (Gardemoen var jo greit, kan aldri vera trygg på trafikken gjennom Oslo...) Det eg var mest skeptisk til, var at ingen henta oss på flyplassen i Singapore, og eg forestilte meg at det blei den hardaste biten- etter ei lang reis, å skulle få ungane og bagasjen med oss inn i taxi samt holda det gåande i over 12 timar før Lars Petter dukka opp. Så for at eg skulle sleppa å uroa meg for det, så hadde me bestilt bil frå hotellet til å henta oss. Men når me kom til ankomsthallen var det ingen å sjå som skulle plukke oss opp. Kan henga saman med at me var 45 min før tida, men når ein bestiller bil så forventar ein at dei fylgjer med på flight nr osv.. Me rakk å snakka med Lars Petter tre gongar på mobil (til mitt norske kontantkort gjekk tomt) og kome fyrst i taxikøen tre gongar (blei jo usikker på om eg hadde kikka godt nok etter osv og trakk meg då mannen skulle vera der i fylgje hotellet og me hadde jo betalt for det) før den forvirra mannen dukka opp. Hadde me ikkje bestilt bil så hadde me fått taxi på eit par minutt og vore på hotellet på null komma niks. Så - med andre ord, bestiller ikkje bil neste gong! me klarar oss mykje betre sjølv. 
Så altso, då er me attende på Rasa Sentosa Resort. Det er knappe fem månedar sidan me var her sist. Kjekt å koma attende til ein stad ein har vore før og er kjend. Etter ein irriterande tur frå flyplass til hotellet, så fekk me eit godt plaster på såret då me fekk sjekka inn på rommet vårt med det same (eller kunne me risikert å venta til mellom kl 11-15). Då var det berre å hoppe i seng, og me sovna fort alle tre...

Etter ein god kvil, så bar det ut i fin-veret:) Var vel kring 30 grader som det pleier på desse kantar, sol og lett vind (takk og pris!). Her er det lett palmesus: 

Solveig og Fredrik lagar foss (..) i sanden: 
- og me sender gode, varme tankar heim til alle me har treft dei siste tre vekene- og dei som me ikkje fekk til å treffa denne gongen! Er merkeleg å gå inn på eit fly der me har boblejakke på og frys, så går me ut av neste og det er frykteleg varmt...
Har sett på bileter frå diverse aktivitetar, Eli, Maja og Una tok seg fri frå skule og barnehage og me hadde ein super "skidag":
 Her er Emma, Solveig og Fredrik klare for akebakken hjå farmor og farfar:
 Solveig hadde fleire besøk frå Monica:)
 Og eg og Åshild hadde ein herlig -lang skitur:)
Så attende til hotellet, Lars Petter (vore i Australia eit par veker) og familien er samla att etter tre veker på kvar si side av jorda...Kveldsstemning frå bassenget: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar