Sider

fredag 24. februar 2012

Ein god dag på Hui Xin barneheim

Det var ein heilt annan stemning å koma inn på barneheimen i dag enn det har vore tidligare. Dei som jobba der var i godt humør og viste glede for at me kom. Kan vera at alle har fått litt meir overskot etter kinesisk nyttår, med nokre dagar fri frå jobb? men eg trur det var på grunn av at det var ein stor delegasjon med kinsesiske damer frå ein skule eller organisasjon som og var på besøk. For min eigen del går det greiare å kome på besøk. Eg veit kva som ventar meg.... men når eg tenkjer på det, så er det berre så utruleg trist at born skal ha det slik. Kva hjelper det med mat og kle når ein ikkje får omsorg eller stimulering?? 

Vår venn Aba, som eg har hatt bilete av her før, og som er ein gut som er skikkeleg levande, i godt humør, tok oss med storm og ropte på oppmerksomheit medan me var på besøk, var ikkje der for 4 veker sidan, så var han der igjen forrige gong, men i dag var "stolen hans" tom igjen. Språket er ein stor utfordring, men me klarte å bli fortalt at Aba er heime, at han er byrja på skule og er heime hjå foreldra sine, for ein glede!! Om det stemmer, så er det heilt fantastisk. Har høyrt at det er nokre få friske born der på grunn av fattige kår, så kanskje Aba var ein av dei, men at det no har ordna seg på eit vis for dei. 

Her ser de barneheimen på framsida og hovudinngangen mellom dei fargebannerane: 
Her er bilete frå matinga. Barna sit på rekke og rad i stolane sine (byter frå seng til stol. Dei som er aktive blir bindt fast). Dei i raud uniform er dei som jobbar på barneheimen, Linn sit i svart jakke, og så er det mange kinsesike damer også på rommet. Det var så mange frivillige der i dag, at alle avdeingane hadde besøk:) altså forhåpentlegvis ein god dag for mangen av borna.  
På bilete ser de kva rommet inneheld. Det er 20 sprinkelsenger som står tett i tett, og så er det stolar og bord på resten. Eg skulle ønska at det hadde vore ei stor leikegrind der, slik at dei som venta på mat kunne få krabbe rundt der og røre på seg- og ha gode leiker å leike med... Det beste hadde jo vore om dei fekk vere i aktivitet rundt omkring på golvet, men det krev jo meir påpass osv, og det er det ikkje ressursar til. Eg har prøvd før å ta med Aba ut på eit rom dei har ved sidan av, der det er mange flotte leiker, men då blei me henta tilbake til rommet etter eit par minutt. Eg prøvde på nytt i dag, denne guten her tippar eg er 4 år, og han kan ikkje gå. Lurer på om det er kun pga for lite trening. Når eg held han i hendene går han, men når eg slepp, så legg han seg ned. Me var på leikerommet i kanskje 15 min, og han kosa seg på golvet:
Her er ein annan nydeleg liten kar (eg trur det er gut, men kan jo vera jente...Trur ikkje dei tenkjer på kjønn når dei kler på dei) som viser meg ei fjør han fant frå ein liten leikefugel:
Heilt bakert i bilete her ser de same karen (frå forrige bilete) er blitt plassert i senga si. Han sit og kikkar på oss...
Som Gro skreiv på facebook etter forrige møte, me er heldige som kan reise derifrå, det kan ikkje desse små barna. MEN, Aba har reist derifrå!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar