Sider

lørdag 11. februar 2012

Herlige jetlag!

Jetlag denne vegen er strålande. Me la oss alle kring 23 i går, sov godt gjennom natta og ingen av ungane rakk frukosten (som stengjer 10.30). Både eg og Lars Petter var oppe, hadde ei roleg frukost stund samt fekk drikka kaffi i fred og ro, før det blei liv i leiren:) Måtte det vara..... i hvert fall til slik i 9 tida på morgonen. Det er sååå mykje betre enn 6....

Så var det bading. Det som er fint med å vera to vaksne er at ein kan lesa avisa på bassengkanten:)
 Medan dei andre badar:
 Eller tek ein drink i baren ved poolen:)
 Solveig var i godt slag og me har gjennom dagen gjetta 50 gonger på kva for dyr ho latar som ho er:
Så på ettermiddagen var det berre å finne seg ei ny solseng og slappe av på:) Er jammen fint at ungane blir større og klarar seg godt sjølv! Jaja, dette var berre ein liten gni-det-inn-oppdatering til alle som ynskjer seg ein slapp og solrik dag....
Og stemmer det at i morgo er det morsdag??:) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar