Sider

fredag 3. februar 2012

Kunst i rimen

Dette er tredje vinteren me har på Krok. Dei to foregåande opplevde me som flotte- lange og kalde. I år skal me ha tre vinterveker her. Me kom heim når snøen kom, og no etter to veker med flott vinter og passleg med minusgrader, var det i dag -13,5 på gradestokken når me stod opp. Brrrr- men for ein flott dag! sol og blå himmel, og masse tid ute i frisk luft. 

Ettersom det har blitt kaldare har det og blitt is på sjøen inne i bukta "vår", og der blei det laga flotte teikningar i rimen av Solveig og Fredrik. Her jobbar Fredrik konsentrert med eit verk, medan Solveig tek ein pust i bakken: 
Solveig har plusteleg gått over frå det abstrakte til bileter ein ser kva er:) Fyrste her er (i fylgje kunstnaren) Boots (kameraten til Dora..)
 dette er då ei jente...:)
Det er alltid fristande å gå lengre og lengre ut... Isen er vel så som så enno, men ein veit jo at det max er 20 cm djupt om dei skulle gå gjennom, det går greit, men fyttigrisen kor kaldt det ville blitt!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar