Sider

søndag 12. februar 2012

Små og store fotografar

Då me vakna i dag var det sol frå blå himmel.... he, he. Trur ikkje- eller eg veit at det ikkje hadde vore det heilt store for meg å bu permanent i Singapore- eller andre stader på same breiddegrad. Tenkja seg til sol heile året, alle dagar er like, ingen skisesong eller regn og ruskever (eller jo, forresten det har jo regna her i dag, skikkelege skurer, men dei går over, snakkar om minuttar). Men å vera her for ein kort periode er jo strålande. Sundag og morsdag, jetlaget er framleis godt intakt så livet er herligt. 

Dagens plan var å koma oss ut i ein trøbåt. Me prøvde igår, men det er stendig ein eller anna regel som gjer at me ikkje får gjordt ting når me hadde tenkt det. I dag måtte me vente ei stund på at vatnet skulle stiga nokre centimeter då det hadde hendt ein gong for leeeenge sidan at nokon satt seg fast med denne trøbåten ute på ein sandbank- inne i dette vel bevokta og lite området me faktisk får lov å tråkka rundt. Trass våre forsikringar på at me nok skulle klara å koma oss laus på eiga hand, var det ikkje snakk om, "safety first!" Men når vatnet var høgt nok, så tråkka me avgårde og det var jo uuutruleg morosamt.... (?)
Solveig er kaptein på fyrste båten, medan eg og Fredrik kjem etter. Bakerst i bilete ser de hotellet vårt. 
Solveig har framleis solbrillene sine, medan Fredrik har i løpet av dagen miste både symjebriller og solbriller...

 uansett briller, guten er i god form:)
 og her prøver dei to minste å manøvrera båten sjølv
 Fredrik poserar velvillig når Solveig er fotograf:
 og dette bilete blei teke av Fredrik!:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar