Sider

lørdag 25. februar 2012

Tur til She Shan utanfor Shanghai

Sidan Shanghai og området kring er så flatt, så kan dei få høgdene som er rundt omkring sjåast i mils omkrets. Me har sett ein ås med ei kyrkja på toppen fleire gonger når me har køyrt ut av Shanghai, og i dag tenkte me å vitja denne åsen med ei kyrkje, meteorologisk stasjon og eit observatory på toppen, She Shan. 

She Shan ligg kun 30 km frå oss, men trass motorveg mest heile vegen så tek det si tid å koma dit. Det er så masse trafikk! det er sjeldan flyt i trafikken og me køyrer i rykk og napp.... Uansett, det tok vel kring 45 min, og det var ein skikkeleg opptur, for der var det masse trapper og me kunne leika at me skulle på "topptur":
 Me måtte jo sei "fyrstemann" til å nå toppen:
 og Fredrik tok fyrste stikk:)
Pagoda´n som Fredrik står framfor var vel ca halvvegs til toppen, som ligg på 100 moh. She Shan Basilica som ligg på toppen blei påbegynt i 1925 og stod ferdig i 1935. Kyrkja blei øydelagt mykje under kulturrevolusjonen frå 1966-1976, men i dag er alle skadene reparert:
Det har vore ein sur dag i Shanghai i dag, 1-2 grader pluss, til tider snø i lufta og kald vind..., og dertil ikkje den beste utsikten. She Shan er nok ein stad som fristar å vitja igjen, og då me ikkje klarte heilt å kle oss etter veret, blei turen litt kortare enn den kunne ha blitt. Så neste gong skal me gå meir i trepper, på små stiar, finna leikeplassar samt skulpturparken som eg no nettopp las i "the Rough Guide to Shanghai" at skal vera der... Her utsikten frå toppen, ein ser ned på eit stort villaområde samt at ein skimtar ein annan litt mindre ås heilt bakerst i bilete: 
 Ein villa i nærmare augesyn -  kanskje dit me skal vurdera å bu om me ynskjer oss eit hus/slott:)

Prøvde å fotografera litt ut av bilvindauget, i fart på vegen heim, her er nokre av augonblikka:
Fyrst eit par bilar

Så kan de få eit inntrykk av trafikken både til lands og i lufta, her er innflyging til innenlandsflyplassen, Hong Qiao Airport.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar