Sider

mandag 13. februar 2012

Vatn- og lysshow til middagen

Tenkte me skulle røra oss litt utanfor det avgrensa området til hotellet i dag. Etter bading og ein god pause på rommet (med aircondition og makrell i tomat på skiva) samt ein liten ekspedisjon i skog og mark (er eit bra stort område med flott skog, stier og trepper rett ved oss) så tok me ein buss nokre hundremeter bortover stranda for å finne ein bra plass å ete middag. Sist me var her utforska me heile øya ganske bra, så denne gongen tek me det roleg når det kjem til sightseeing på Sentosa. Men me er veldig klare for å sjå meir av sjølve Singapore når det lir litt lengre ut i veka og Lars Petter har nokre kortare dagar på jobb. 

Me valte ein restaurant som ligg heilt ved sjøen, der me sat på ei solseng med 10 meter med sand ned til vatnet. Her er Solveig som har ein liten oppvisning til ære for fotografen (shortsen blei fort våt, så det var berre å fortsetja leiken i vatnet i trusa...)

Rett ved oss går det eit spel, ala "Svelvikspelet" (?), som heiter "Songs of the Sea". Kvar kveld me sit ute høyrer me fyrverkeri som er avslutninga på showet. I kveld var me nærme og fekk mange glimt av lys- og vatn showet som foregår akkurat i skumringa. Det var flott, og det fenga ungane lika mykje som oss. Me skal sjekka opp litt meir og kanskje det hadde vore artig å gått og sett på det ein kveld...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar