Sider

lørdag 31. mars 2012

God påske!

Då er palmehelga godt i gong men påskepynten er ikkje komen fram (i år heller). Trur ikkje eg kan skryta på meg så mykje slik pynt heima, men her i Royal Pavillion har me to kreasjonar, ein for kvart born i husholdet. Ungane har fri frå skulen neste veke (den er stengd) og i morgo er Lars Petter venta attende til Shanghai frå den andre korte Norges turen i mars, så litt utpå palmesundag er familien samla att og me klar for å feira påske:) 


Kinesarane feirar neste veke Qingming festival, eller "Tomb Sweeping Day" som er det engelske ordet. Det er ein eller tre fridagar, alt etter korleis ein ser på det. Når kinesarane har fridagar som fell på ein kvardag, så flyttar dei arbeidsdagane til helg, så summen av antal dagar fri blir mest den same.... Slik som no, mandag, tysdag og onsdag neste veke er fridagar. Men om ein vil ha fri mandag og tysdag så må ein jobbe laurdag og sundag... men er jo flott at dei får ein ekstra fridag!! For kinesarane blei dette ein offentleg fridag fyrst i 2008, medan i andre delar av asia har hatt den lenge. Qingming sin historie går 2500 år attende. Under Qingmingfestivalen går utpå å hedra dei døde. Gravene blir feia og framfor dei blir det lagt næringsmidler, blomar, gjenstandar som avdøde satte pris på medan han/ho levde og det blir brendt røykelsesstavar og dødepengar (?). I dag har me hatt ein strålande dag i lag med Silje, Sara og Janicke i Green Valley Villas (eller var det Villa Valley Vill valley villerkulla, nei no blei det berre tull... he he). Uansett, sol, veranda, trampoline, ungar som leikar, sykkeltur, leikeplass, laurdagsgraut og pizza, kaffi, cola zero... Strålande dag:) 


Det blomstrar hjå Janicke:  



 og ungane fekk ut å plukka markblomar:
Ynskjer alle ei kjempegod påske!

onsdag 28. mars 2012

Høgt heng dei...

Så var vindaugene vaske for i vår. Er ganske nøgd med at det ikkje er forventa at ein skal gjera det på utsida sjølv....:) 

Såg kanskje ikkje så skummelt ut på dei to fyrste bileta, men her får de vel litt meir høgdefølelsen, spesilet om det får auga på mannen i orange med gul hjelm....:
Vårt hus er relativt lågt i denne samanhengen. Når Linn og Marianne var oppe i korketrekkjaren tidligare i vinter, så hang vindauge vaskarane utforbi på 490 meter over bakken!!!

tirsdag 27. mars 2012

I gong med kinesisk skrift

Eg har høyrt litt ulike tal på antal kinesiske teikn, men når eg slo opp i wikipedia så fant eg ut at dei største oppslagsverka rommar kring 85000 teikn! Tenkja seg til å hatt så mange bokstavar å læra.... For å kunne lesa ei avis her bør ein kjenna minst 3000 teikn, og når ein er ferdig på universitetet kan ein kring 8000 teikn... 
Eg snakka med nokre kinesiske mammaer i klassen til Fredrik, og dei kunne fortelja meg at på tradisjonelle kinesiske skular (for oss barnehagealder) byrjar dei å læra teikn frå 3 års alderen, og dei MÅ trena på dette på "fritida" si. Solveig er ivrig og har byrja å læra seg nokon kinesiske bokstavar: 


mandag 26. mars 2012

Det røykande folk

I denne artikkelen i Aftenposten stod det at kvar kinesar i snitt røyker kring 1700 sigarettar i året.... gangar ein det med 1,5 milliardar så blir det ein del. Kina står for 40 % av det globale sigarettforbruket: 
I Shanghai er det same røykelov som i Norge, men den blir ikkje overholdt like godt... På restaurantar osv, så kan du stendig oppleve at det blir røyka ved nabobordet, sjølv om det står røyking forbudt både på bordet og på veggen, og ber du dei pent om å fylgje loven, så kan utfallet like så godt bli at servitrisen finn eit nytt bord til deg, som at dei røykande blir bedt om å slutta... Uansett, er veldig glad for at røykeloven har funne vegen til Shanghai! ellers kunne cafe og lunsj besøka blitt ganske forringa...:) 

Ny bil?

På veg til skulen dei siste dagane har me køyrt ilag med ein rosa Hello Kitty-bil til stor stas for ungane... I dag parkerte det ein oransje bil av same kaliber ein meter frå meg når eg sat ute på fortauet og hadde lunsj. Det er vel akkurat ein slik ein eg kan tenkja meg ved neste bilkjøp...

Det køyrer også ein rosa Ferrari kringom i gatene her, gutane her diskuterar heftig om den er levert rosa fra fabrikken eller om den har blitt lakka i den ønska fargen her i Shanghai...:)

lørdag 24. mars 2012

Vekk med støttehjul


På morgonen fant me ut at det var på tide at Fredrik kvitta seg med støttehjula på sykkelen. I mangel på trær å klatra i og skog å springa i, må me bruka dei motoriske utfordringane me kan finna her i stormetropolen. Fredrik sa "nei, jeg vil ikke!!" men med minne om alle treningstimane han la ned med sin tohjuling (? tohjulssykkel utan pedalar..) så ville me prøva. Det tok ca 20 meter med støtte, så sykla han vidare sjølv! Eg som berre skulle rydda litt på kjøkkenet (kjipt altså, må gjera husarbeidet sjølv i helgane) gjekk glipp av begivenheiten og når eg kom ut sykla han rundt på tennisbanen som om han ikkje hadde gjordt anna....




fredag 23. mars 2012

Ny sjarmør på barneheimen

Ein ny dag og nye moglegheiter... På morgonen vinka me på gjensyn til familien Wike Ljungblad, så blei det ein motvillig tur til skulen for Solveig og Fredrik, og tur til barneheimen på meg. Eg reiser ikkje motvillig til barneheimen, men kjem dit og reiser derifrå med tungt hjerte. Eg kan vel ikkje få sagt det ofte nok kor trist det er at born lever slik. På eit vis skulle eg ønska eg snakka kinesisk og kunne spørje om kor lenge dei har vore der, kor lenge dei blir, om det er noko plan for framtida på noko som helst måte, om dei har nokon aktivitetar gjennom veka der dei blir stimulert... osv, men på den andre sida er eg redd for at det er godt eg ikkje veit meir enn det eg ser. Eg kan jo velja å ha nokre positive tankar....

Som ein gong før, så var det ein buss med kinesiske gutar og jenter (kring 20 år? så menn og kvinner er vel eit betre ord) på besøk på likt med oss. Det er så flott for då får alle borna litt oppmerksomheit, mange blir holdt og nokon får trena på å gå. Me oppdaga fort eit nytt sjarmtroll blandt alle søte små, ei jente som eg tippar til å vera kring 2 år og heilt frisk. Ho var i godt humør, spretten i kroppen, snakka og smilte til oss, kunne gå og hadde tenner og fekk sitja når dei som jobba der gav ho mat! (men ho åt ikkje og fekk vel litt kjeft for at ho ikkje ville det...). Me har ikkje sett ho der før, og lurer veldig på når ho kom, kva som har skjedd med hennars foreldre/omsorgspersonar...
Så denne guten her, når eg tok handa på kjaken for å sei "hadetbra" så la han hovudet så godt intil, han blei tung i handa mi, og eg kunne ikkje gå ifrå han...
Me var meir taktiske i dag enn forrige gong, og satte oss med ryggen til hurtigmatinga. Her ser de to som jobbar her og dei har eit born kvar på fanget:


onsdag 21. mars 2012

Den Forbudte By

Dag nr to i Beijing var dagen for Den Himmelske Freds Plass og Den Forbudte By. Når ein reiser på tur der over halvparten (denne dagen blei det over halvparten då Lars Petter var på jobb...) er 5 år eller yngre er det viktig å ikkje ha for høge ambisjonar om kva ein skal rekka å sjå! Den Forbudte By var forresten særs mykje større enn eg hadde forestilt meg, så det var meir enn nok å koma gjennom på ein dag. 

Me tok taxi frå hotellet til Den Himmelske Freds Plass, som er verdens største offentlige plass, 440 mål! Det var her på denne stad at Mao i 1949 offentliggjorde Peoples Republic of China for 550 000 innbyggjara.... (plassen kan romma opp til 1 million):
Her er eg og ungane samla omtrent midt på Den Himmelske Freds Plass, huset bak er "Gate of Heavenly Peace" (inngang til Den Forbudte By) der de kan skimta eit stooort bilete av Mao: 
Som sagt, Den Forbudte By var enormt stor, masse bygningar, flotte bygningar! imponerandes bygningsmasse..... langt å gå, masse folk. Eg lar bileta sei resten: 






Så, når me skulle koma oss attende til hotellet, var det ikkje heilt enkelt å finne ein drosje. Alle var trøytte i både bein og hovudet etter ein lang dags marsj med masse inntrykk, så til slutt hoppa me på nokre sykkeltaxiar. Min kinesisk er ikkje god, men eg klarar å sei tal og avtala pris. Her på bilete er det framleis god stemning: 
Men så endte turen med at dei satte oss av i nokre halvskumle bakgater, sa at dei ikkje hadde lov å sykla nermare hotellet (selvfølgeleg heilt usant..) og istadenfor 30 yuan skulle dei plutseleg ha 300 yuan pr sykkel, ein heilt vill pris (taxi pris hadde vore på 12-20 yuan). Det var skikkeleg ubehageleg, eg fekk vondt i magen og blei skikkeleg sint. Lurte på om det skulle dukke opp masse folk som var kameratar til desse syklistane og ta alle pengane våre.... Men det gjekk bra. Me betalte det me hadde blitt einige om på førehand og gjekk.

På utsida av hotellet såg me denne vakre hunden, så då letta det på den dårlige følelsen etter sykkelturen:

mandag 19. mars 2012

A great day at The Great Wall

Så var dagen komen for at me skulle inta den kinesiske mur, og for ein dag. Snøen som kom igår låg framleis på bakken på skuggestadene, himmelen blei meir og meir blå utover, bilen som skulle frakta oss rundt omkring var på plass, så etter eit forfriskande morgonbad og ein hektisk hotell frukost var me klar...

Fyrste stopp var Beijing National Stadium, betre kjent som Fugleredet, der sumar OL sin opningssermoni og avslutningssermon,i samt alt av friidrett, foregjekk i 2008. Eit impnerandes byggverk. Me prioriterte ikkje tid til å gå inn på stadion, men hadde det veldig kjekt med å springe rundt på utsida:
Det er ulike måtar å koma seg til den kinesiske mur på frå Beijing. Det er mange selskap, seriøse og sikkert meir useriøse, som tilbyr å frakta deg fram og tilbake til svært ulike prisar. Dei fleste me har høyrt om har måtta gå innom x antal fabrikkar når det gjeld silke, jade stein osv der tour guidane får ein viss sum for å ta med turistar innom. Eg og Linda hadde tru på at om me presiserte godt nok at me IKKJE ønska innom slike fabrikkar og markeder, så ville det gå heilt greit, medan våres betre halvdelar argumenterte hardt for at det aller beste er å gå for det noko dyrare alternativet og då mykje meir til å stola på, ein bil frå hotellet..... Me endte opp med ein bil frå hotellet. Uansett så er alle nøgd i kveld, og me har hatt ein strålande dag og ingen unødvendige stopp:) 

Sjåføren vår her var like effektiv som Leon i Shanghai. Me køyrde sikk-sakk der det var nødvendig, fleire meir eller mindre farlige forbikøyringar, me trakla oss godt fram i køen på motorvegen og ja, sjåføren fekk 100 rmb i tips til slutt....:)  Vegen frå hotellet til staden me hadde valgt ut til å gå på muren, bydde på varierande landskap og flotte alear: 
Tenkjer nok at det er eit heilt anna inntrykk ein sit att med på sumarhalvåret når det gjeld frodigheit osv, men om det er slik at det er frykteleg mykje fleire turistar, så er eg glad for å sleppe det, og brukar heller fantasien til å sjå for meg korleis det er når alt er grønt og blomstrar.

Framme på "The Great Wall at Mutianyu", punktet me etter anbefaling frå concierge`n frå hotellet valte å sjå muren frå, møtte det oss ein ganske så komersiell plass med masse av bodar med souvernirar å få kjøpt, eit tehus, subway og eit fristandes utval av diverse frukar:
Og så muren... for eit byggverk!! for ein dag, for ein tur:)
Eg og Lars Petter var heldige og trakk vinnarloddet av kven som skulle innta muren med borna, og kven som skulle få ta seg ein treningstur...:) me fekk jogga oppetter, bortover og nedover på muren. Så langt som kondisen rakk, men ikkje så langt som lysta ynskja.... Det blei den beste treningsturen på lange tider, høgt til fjels, nydeleg natur, lite mennesker, ingen bilar.... det var berre å håpa på at beina skulle holda og ta fart:
her er eg veldig nøgdt med å ha nått eit nytt tårn:
Utrsikt utover muren me var på. De kan sjå meg i flott driv (vel...) i rosa jakke. Me veit ikkje kor langt me sprang eller kor mange høgdemeter me steig, men me kjenner det i beina ikveld:)
Her er dagens mur bestigara samla. Me sender ein hjerteleg takk til Linda og Ulf som tok med alle borna på tur så me fekk tilfredstilla eigen behov med ein noko lengre og raskare tur enn det ellers hadde blitt....

søndag 18. mars 2012

Beijing

Då er me igong med vår fyrste litt lengre tur (lengre enn 1 time) i Kina, og sidan det er viktig å ha vore på den Kinesiske mur, den himmelske freds plass og den forbudte by når me er såpass nær, er me klare for å tikka desse stadene av lista... Me gledar oss!!

Tok tog frå Shanghai, slikt hurtigtog som går i 300 km/t. Å fly Shanghai-Beijing tek 2 timar, å ta dette toget tek 5 timar inkludert to stopp, eit "vanleg" tog mellom desse to byane tek 13 timar. Me fekk ikkje den heilt store naturopplevinga med rismarker og vakre elvar osv frå togvindauget. Passerte nok Yangtze dessverre utan at me heilt fekk det med oss, det er heller ikkje rismarker i denne delen av landet. Men me såg mykje landbruk, ein traktor, mange sauer, nokre åsar i landskapet (som mesteparten av tida er flatt så langt auga rekk), snø, diverse byggverk under oppføring:  

 og tida gjekk ellers med til teikning, mat, film på pc og å gå litt att og fram i gangen på toget:
Her er Ulf igong med å fotografera byen: 
 og her er gjengen i godt driv på jakt etter ein stad å eta middag:
 Her er eit anna reisefylgje på veg over gata:
                              
Denne bygningen trur me er ei kyrkje. Når me gjekk forbi her på ettermiddagen var det ein god gjeng med ungdommar som var samla (til høgre i bilete) for å dansa, såg ut som ein slags breakdance for oss...? 
På kveldstid når eg og Linda gjekk ein tur for å kjøpa inn nødproviant for turen i morgo, var plassen utforbi denne bygninge heilt fylt opp med folk i alle aldra, begge kjønn og dei dansa linedanse:) Me prøvde å joina utan stort hell...

fredag 16. mars 2012

Velbekomme!

Eg har skrella jordbær ikveld:) Har sett jordbær i dei lokale butikkane i lang tid, men tenkt at det ikkje var bra på denne tida av året og har ikkje kjøpt. Men så idag når me gjekk forbi blei fristelsen stor og me ville prøva, og dei var kjempegode!! slike søte gode jordbær ein hugsar frå "gamle" dagar. Så snart blir det jordbær og is og vaniljesaus:)



onsdag 14. mars 2012

Fyrste sumardag

Så har den reisande familien Wike Ljungblad ankome Royal Pavillion! Dei har vore på tur i asia siste to månedar (Thailnad, Indonesia, Malaysia) og avsluttar eventyret sitt hjå oss i Shanghai:) 
Ungane som har vore mykje i lag forut for vår flytting til Shanghai, gleda seg masse til å sjå kvarandre att, og det tok ca 10-20 sekund før den fyrste sjeansen la seg og dei var tilbake akkurat der me slapp sist, herligt! Fire glade born og ein nøgd pappa på tur igår: 
Gårsdagens program var ut på "Hop on hop off" tur med desse raude bussane som er i alle store byar rundt omkring i verda. Solveig og Filip las kart og viste vegen: 

 Perletårnet var eit av dei store måla denne dagen:
Heldigvis og takk og pris..... så kom eg på å spørja i billettluka om det var veldig mykje folk som ville opp i perletårnet denne dagen. Ja, ganske mange var svaret. Ok, kor lang tid trur du me må venta på å koma inn i heisen, var mitt neste spørsmål, kanskje 1 time, kanskje meir.... Ok folkens, me går opp i Pearl Tower ein annan dag!! Alle var einige og ungane godtok forklaringa vår, for kven kan tenkja seg noko meir kjedeleg enn å avslutta ein nydeleg dag med å stampa i kø inn og ut, opp og ned. Nei, me skal nok koma oss opp dit, men det får bli ein annan dag. 

Så når me skulle hoppe på bussen for å kome oss til rett sida av byen att (Puxi) så kom sjølvsagt ikkje bussen slik me hadde tenkt, og med lita skrift bakpå billetten stod det at siste buss gjekk 17.00 (den bussen som me missa med 2 min, så tenkte me, ja, ja, tek neste buss som går 17.15...). Vel, taxi er eit alternativ i ein sådan situasjon, men det kan til tider vera vanskeleg å forklara taxisjåføren kvar me skal, og sidan det kun var ein "lokalkjend" i fylgjet (altså meg) og eg ikkje kunne vera i to taxiar på ein gong, valgte me det andre alternativet, metroen. Akkurat når alle kinesara skal heim frå jobb, då skulle me inn på metroen. Det var trangt!!
og i periodar litt ekkelt. Når dørane opna, pressa folk på for å kome inn, utan tanke for å fyrst sleppe ut dei som skulle av.....
Og så gjekk me heim siste kilometeren. Det var ein stålande dag, sol og blå himmel heile dagen. Boblejakkane våres måtte me store delar av dagen ha rundt livet eller putte oppi sekken, 12 grader i skuggen og kanskje 20 i sola:)

mandag 12. mars 2012

Absolut Ikea

Å gå inn døra til Ikea her i Shanghai, er akkurat som å gå inn på Ikea kor som helst eller i verden (trur eg). Nokre ulikheiter er det dog, og det er at uansett kva tid på døgnet ein er der er kafeen overfylt, dei fleste senger og sofaer er opptatt av kinesara som verkeleg testar ut om kvaliteten er så bra som det blir sagt og det er litt andre ting i matavdelinga: 
 og forutan sprit så sel dei framleis pepperkaker og pepperkakehus, og det var ikkje ein gong på tebod!!
Så har me fått ihus overmadrasser til alle sengene her i leiligheiten. Vårt møte med senger i Kina var HARDT. Dei som har vore på besøk allereie fekk ikkje glede av det, men dei som kjem heretter kan venta seg noko mjukare enn dei treplankane som har vore her til no....:) Takk til Ikea for kaviar og kjøttbollar, tunnbrød og sjokolade, knekkebrød og overmadrasser! og ellers alt anna som fyllest opp i handlekorga når eg er der....