Sider

mandag 12. mars 2012

Absolut Ikea

Å gå inn døra til Ikea her i Shanghai, er akkurat som å gå inn på Ikea kor som helst eller i verden (trur eg). Nokre ulikheiter er det dog, og det er at uansett kva tid på døgnet ein er der er kafeen overfylt, dei fleste senger og sofaer er opptatt av kinesara som verkeleg testar ut om kvaliteten er så bra som det blir sagt og det er litt andre ting i matavdelinga: 
 og forutan sprit så sel dei framleis pepperkaker og pepperkakehus, og det var ikkje ein gong på tebod!!
Så har me fått ihus overmadrasser til alle sengene her i leiligheiten. Vårt møte med senger i Kina var HARDT. Dei som har vore på besøk allereie fekk ikkje glede av det, men dei som kjem heretter kan venta seg noko mjukare enn dei treplankane som har vore her til no....:) Takk til Ikea for kaviar og kjøttbollar, tunnbrød og sjokolade, knekkebrød og overmadrasser! og ellers alt anna som fyllest opp i handlekorga når eg er der....

5 kommentarer:

  1. Ho-ho! Morsomt innlegg. :) Prøver å leggja deg til i blogglista mi, men lukkast ikkje. Klarer heller ikkje å leggja meg til som fylgjar hjå deg. Er ikkje noko datateknisk geni visst...
    Men eg kjem til å lesa her likevel. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjære MammaMy! Eg har høyrt mange gongar at det er vanskeleg å leggja att kommentarar her samt bli fyljgar.... eg veit ikkje. Eg er ikkje dataansvarleg i familein, så det får han kikke på nok ein gong (kanskje....). Gledar meg til neste oppdatering på MammaMy!

      Slett
  2. Hei der, så gøy. Jeg var ikke klar over at Ikea foods var så svært i utlandet før jeg kom til Ikea i Barcelona og fikk et lykkelig gjensyn med knekkebrød, sjokolade, småkaker og alskens godsaker. Hurra for Ikea! Kan forestille meg at det settes enda større pris på når en er så langt hjemmefra som du, der alt er så mye mer annerledes i matveien vil jeg tro!

    SvarSlett
  3. Hei New Life in Spain! ja, det er heilt strålande og gå inn på ikea når ein er her. Finn alt ein treng/ manglar til kjøkkenet, og eg veit kvar eg skal finna det (har jo hatt nokre turar til ikea i Norge og....). Og matdelen er heilt strålande! Så godt nøgd med slike vestlige innslag i bybilete her:)

    SvarSlett
  4. Bloggen din er super 2. Påskedagslesning so no ligg eg på sofaen og storkosar meg. Når det gjeld kinesarane som søv i sengene der skal eg innrømma at eg sjølv har teke ein liten lur i soveavdelinga på IKEA Slependen...fortsatt god påske! God klem frå Linnert

    SvarSlett